Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

God mottaking for Framtida junior

 (06.12.2017)

I oktober kom digitalutgåva Framtidajunior.no, og første helga i november kom Framtida junior for første gong ut på papir. Papiravisa kjem kvar 14. dag, med neste utgåve 30. november.

– Me har fått veldig gode tilbakemeldingar på avisa. Avisa er testa ut på fleire elevar, og godt over 90 prosent gav førsteutgåva vår terningkast 5 eller meir. Ein elev gav oss jamvel 20 i terningkast! ler redaktør Svein Olav B. Langåker, og legg til:

– Ein sjetteklassing frå Fitjar utbraut heilt uoppfordra i klasserommet: «Det er så deileg å lesa ei avis på eit forståeleg språk». Då blei eg glad.

Fleire skular har teikna abonnement på klassesett, og Langåker håpar at avisa vil bli ei populær julegåve.

– Inntektene me får vil gå til meir nynorsk journalistikk, seier han.

Utgjevar er Landssamanslutninga av nynorskkommunar, i eit nært samarbeid med ABC Startsiden, Hallingdølen, Hordaland, Os og Fusaposten, Sogn Avis og Sunnhordland.
– Eg er veldig glad for at me har med oss landets beste og mest prisvinnande lokalaviser på denne viktige nynorske satsinga, seier Langåker.

Kjenner du nokon som fortener den beste julegåva? Gje bort eit abonnement, då vel!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no