Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Dialektprisen 2017 til programleiarane i P3Morgen

 (06.12.2017)


Prisvinnarane f.v: Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby. I høgre hjørne står leiar i Norsk Målungdom, Fredrik Hope. (Foto: Anna Sofie Ekeland Valvatne)

Norsk Målungdom har kåra programleiarane  Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby på programmet P3Morgen til vinnarar av Dialektprisen for 2017.

– Ronny Brede Aase, Silje Nordnes og Markus Neby kjem frå kvar sin del av landet, og syner kvar morgon fram det norske dialektmangfaldet. Som programleiarar på eit av dei mest populære radioprogramma i Noreg, gjer dei dialektmangfaldet til ein del av kvardagen til fleire hundretusen unge lyttarar, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom.

– P3morgen er ein viktig del av morgonen for mange lyttarar. Både Silje, Markus og Ronny står fram som trygge dialektbrukarar, og bidreg med det til å gjere dialektskilnader kvardagsleg og sjølvsagt, seier Hope.

–  Berre med å snakke saman, le saman og gjere jobben sin saman syner vinnarane fram at dialektmangfald fungerer, at dei ulike dialektene er like mykje verde og gjer det lettare for andre å bruke si dialekt. Litt lettare for kvar morgon, understreka Hope i tala si.

Prisvinnarane:
Ronny Brede Aase (f. 1986) kjem frå Førde, Silje Therese Reiten Nordnes (f. 1984) kjem frå Hamarøy og Markus Ekrem Neby (f. 1991) kjem frå Oslo. Dei tre programleiarane har saman styrt programmet P3Morgen sidan 2014, og programmet har vunne fleire prisar for godt språk og god formidling. Attåt lyttarane på radio, har P3Morgen har store fylgjarskarar på sosiale medium. Der nyttar dei òg dialekter munnleg, og både nynorsk og bokmål skriftleg. Programmet P3Morgen starta opp i 2003.

– Det er veldig kjekt å bli verdsett for noko som for oss er så utruleg logisk og sjølvsagt at det nesten er slik at me gløymer at det faktisk er eit poeng her. Og det er jo dit me skal kome, det er dit me er på veg.

Dialektprisen vart utdelt for fyrste gong i 2001, og vert delt ut årvisst av landsstyret i Norsk Målungdom. Det er den einaste språkprisen som vert delt ut av språkengasjerte ungdomar, noko som også bidreg til at han er ein av dei mest prestisjetunge. Blant tidlegare prisvinnarar finn vi namn som Therese Johaug, Linda Eide og Daniel Kvammen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no