Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny bok om nynorsk i barnehagen

 (07.12.2017)

Nynorsk med dei minste, redigert av Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Budal vert lansert i Bergen måndag 11. desember.

Tidleg innsats med språk er eit viktig mål for den norske barnehagen. Barn som skal ha nynorsk som opplæringsmål, treng å møta skriftspråket sitt frå dei tek til i barnehagen. Dette er hovudtanken bak denne nye boka om nynorsk språkstimulering for og med dei minste. På boksleppet kjem:

  • Erna Osland for å lesa eigne tekstar
  • Eli Bjørhusdal og Ingvil Brügger Budal for å presentera boka
  • Gudrun Kløve Juuhl, Hege Myklebust og Aasfrid Tysvær for å snakka om sine bidrag

Nynorsk med dei minste er gjeven ut av Samlaget og den første større publikasjonen om temaet. Boka har vitskaplege artiklar om kvifor og korleis drive nynorskstimulering med dei minste, framlegg om konkrete didaktiske opplegg med nynorsk i song, bøker, høgtlesing, stadnamnleik og oppdagande skriving og dessutan nye bidrag frå kjende barnebokforfattarar: Kari Stai, Erna Osland og Hans Sande.
Bla i boka her.

Boksleppet skjer i Fyrrommet på Kronstad, Høgskulen på Vestlandet, Bergen, 11. desember klokka 14. Hendinga ligg ute på Facebook.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no