Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. DESEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsrekord i Østfold Mållag

 (06.12.2017)


Leiar i Østfold Mållag, Edvard Mogstad (t.v.) og mållagsleiar Magne Aasbrenn er glade for å lansere ei ny årbok i serien som alt i 2005 fekk det profetiske namnet «Aust i Vika». (Foto: Ingvild Øgar Svendsen)

Østfold har ikkje vore kjend som eit typisk nynorskfylke, men når 2017 går mot slutten, kan Østfold Mållag melde om medlemsrekord med 150 betalande medlemmer. Det er ein auke på 8 % sidan i fjor. Mållaget har lokallag i Fredrikstad, Sarpsborg og Indre Østfold, og alle tre har fått nye medlemmer i det siste.

Før jul lanserer Østfold Mållag også si 12. årbok med tittelen «Aust i Vika».

– Alt i 2005 brukte vi «Vika» i tittelen. Lite visste vi kor aktuell den skulle bli i 2017! seier årbokredaktør Magne Aasbrenn.

I boka i år er det artiklar blant anna om Ivar Aasen i Østfold, om Lekum gård i Eidsberg og om målmannen Arnt Bergby i Sarpsborg som starta BUL og Matstova. Det er òg skjønnlitteratur og stoff om dialekt og gammal og ny teknologi. Leiaren av Østfold Mållag, Edvard Mogstad, skriv om «Da Drillo vart sparka ned av klassepurken på Sarpsborg Stadion».

 Det er moro å sjå at fordommane mot nynorsk og dialekt er i ferd med å svinne i Østfold, seier Magne Aasbrenn, som også er leiar i Noregs Mållag nasjonalt.

 Ein ser det blant anna på boksalet før jul, der Edvard Hoem, Elena Ferrante, Olaug Nilssen og Lothepus er blant bestseljarane, og folk synest det er heilt greitt at bøkene er på nynorsk.

Da Noregs Mållag blei stifta i 1906, var sju av delegatane frå Østfold. Det er moro at vi er i ferd med å ta igjen det tapte. Vi tek gjerne i mot endå fleire medlemer, smiler Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag som heilskap har hatt ein medlemsauke frå 12 022 i 2015 til 12 900 i år. Målet er å nå 13 000 før året er omme.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no