Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Medlemsrekord i Austmannalaget

 (08.12.2017)


Leiar i Austmannalaget, Helen Johannessen. (Foto: Hege Lothe)

Det går mot endå ein ny medlemsrekord i Austmannalaget. I dag er det 587 medlemer i laget. Dette er ein oppgang på 45 fleire betalande medlemer enn i fjor.

– Dette er utruleg moro at vi opplever slik medlemsvekst, og vi merkar at det er mange lokallag som er med og bidreg, fortel Helen Johannessen, leiar i Austmannalaget.

Austmannalaget er fylkesmållaget for medlemer i Noregs Mållag som bur i Hedmark og Oppland, bortsett frå Valdres som har sitt eige fylkesmållag. Siste året har det blitt skipa eit nytt lag som heiter Lom og Skjåk dialekt- og mållag. Dette laget hadde skipingsmøte i august med om lag 30 frammøtte. I Elverum er det i gang arbeid med å få skipe oppatt Elverum dialekt- og mållag.

– I dag er det kring ein halv million nordmenn som reknar nynorsk som sitt språk. I Oppland er det nær 3 700 nynorskelevar, seier Helen Johannessen.

– Vi arbeider for at alle skal kunne bruke nynorsk, og at det skal vere lett å til dømes vere nynorskelev. Fleire medlemer gjer Noregs Mållag til ein sterkare organisasjon. Di fleire vi er, di sterkare står nynorsken, seier Helen Johannessen.

I dag har Noregs Mållag 12 914 medlemer. Målet for i år er å nå 13 000 medlemer. Så høge medlemstal som Mållaget har no, har vi ikkje hatt sidan 1991. Det er nesten 3000 fleire enn for ti år sidan.

– Vi er svært takksame for alle som er med i Mållaget, og for alle nye medlemer, seier Helen Johannessen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no