Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris til Fjord1

 (19.12.2017)

Frå venstre: Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, Hilde Anita Røyrvik og Cicilie Færestrand frå Fjord1, og jurymedlem Arne Hjeltnes. (Foto: Noregs Mållag)

– Fjord1 har gjennom mange år vore ein medviten nynorskbrukar. Dette kan ein som reisande merke sjølv i små detaljar som billettar, nettsider og meldingar frå selskapet. I ein bransje der bokmålet dominerer, veit vi at det perfekte ikkje alltid er oppnåeleg, men Fjord1 viser det vi vil kalle vilje til språk, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då prisen vart delt på ei tilskiping i Oslo.

Med seg i juryen har han Arne Hjeltnes som også var med på prisutdelinga.
Det er utruleg viktig å lese nynorsk på veg til jobb og skule. Samstundes er Fjord1 i ei eiga klasse. Føretaket er no blitt børsnotert, og det syner at nynorsk ikkje berre høyrer heime i lokale verksemder, seier Arne Hjeltnes.

Det var Cicilie Færestrand og Hilde Anita Røyrvik frå Fjord1 som tok mot prisen.
Vi vart veldig overraska over prisen, og sjølvsagt veldig glade. Nynorsk er språket vårt, det står i styringsdokumenta våre. Diplomet skal opp på veggen i styrerommet, som ei påminning om dette, sa Cicilie Færestrand, HR-leiar i Fjord1.

Juryen har i år lagt særskild vekt på at Fjord1 er i ein bransje der det ikkje er vanleg med god målbruk.
Spesielt synest vi at Fjord1 skal vere stolt over «Ferdamat». Det er eit konsept for sunn mat og mat som er lett å ta med seg i bilen - og ikkje minst er det eit mattilbod som bramfritt står fram som nynorsk. Vi vonar Fjord1 vil halde fram å vere eit godt føredøme for andre større aktørar i næringslivet når det gjeld å bruke nynorsk, sa Magne Aasbrenn.

Noregs Mållag har delt ut nynorsk næringslivspris sidan 2006 og årets prisvinnar er den niande i rekkja som får denne heideren.

I tillegg til Arne Hjeltnes og Magne Aasbrenn, sit Mariann Njøsen, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.

Liste over tidlegare prisvinnarar.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no