Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Eit sterkare Noregs Mållag aukar ambisjonsnivået

 (20.12.2017)

I dag legg arbeidsprogramnemnda i Noregs Mållag fram fyrste utkast til nytt program for perioden 2018–2022. 

Dei siste åra har mållaget vunne viktige sigrar og auka medlemstalet og aktiviteten. Derfor legg vi no fram eit programutkast der vi aukar ambisjonane for organisasjonen, seier Jens Kihl, leiar i nemnda og nestleiar i Noregs Mållag. 

Han meiner det er på tide å sikte høgare enn før: 

– Vi ønskjer å erstatte falsk med reell jamstilling på alle område i samfunnet, og vi vil byrje med skule, styringsverk og språkteknologi.

Nemnda legg opp til fire hovudprioriteringar for dei neste fire åra: At den digitale skulekvardagen må vere nynorsk, at nynorskbrukarane må tene på omorganiseringa av kommunar, fylke og stat, at nynorske ungar må møte nynorske vaksne frå barnehage til vidaregåande og at Noreg må få ei satsing på jamstilt språkteknologi.

Nemndsleiar Jens Kihl.

Samfunnsendringar som digitalisering, nye medievanar og strukturendringar i offentleg sektor har kraft i seg til å tene nynorskbrukarane. For ofte ser vi likevel at det motsette skjer: Nynorskbrukarane taper fordi staten ikkje har ein politikk for å fremje nynorsk. Det vil vi snu, seier Jens Kihl. 

Nytt av året er debattheftet «Målreising 2017»: Saman med programutkastet gjev nemnda ut eit eige debatthefte der 16 forfattarar gjev sine innspel til politikk og strategi for Noregs Mållag. Namnet speler på at det er femti år sidan Noregs Mållag fekk programmet Målreising 1967 under leiing av Berge Furre. 

Målet er å mane til eit ope og ærleg ordskifte der vi ser på vår eigen politikk og organisasjon med friske auge, seier Jens Kihl. 

I nemnda sit Jens Kihl (leiar), Eli Bjørhusdal, Vidar Lund, Peder Lofnes Hauge og Elise Tørring (NMU-representant). Skrivar for nemnda har vore Marit Aakre Tennø.

No går utkastet ut til open høyring: Alle mållag, medlemer, nærskylde og kven som helst andre kan kome med endringsframlegg til programmet. Skriv inn endringsframlegg i dette skjemaet eller send e-post til framlegg@nm.no 

Fristen er 20. februar. Det endelege programmet vil bli handsama på landsmøtet i Vinje 12.–15. april 2018. 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no