Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Tre ynske for god nynorskpolitikk

 (03.01.2018)

Noregs Mållag har sendt brev til Venstre, Høgre og Frp, som no sit i regjeringsforhandlingar, med tre ynske for god nynorskpolitikk i ei ny regjering. 

 

1. God sidemålspolitikk
- betre sidemålsundervisning, framleis karakter i sidemål og tidleg start med sidemål

I Noreg har me to jamstelte norske språk som ein kan velje fritt mellom, difor må ein ha kjennskap til begge. Nynorsk og bokmål er to ulike språk, med ulikt opphav, ulik historie og med to ulike skriftkulturar. Begge språka er ein viktig del av norskfaget.

Karakterar er undervisningsstyrande; det elevane skal testast i, det øver dei på. Ei evaluering frå Rambøll, gjort for Utdanningsdirektoratet, syner at ei svekking av sidemålsordninga fører til lågare sidemålskompetanse (Rambøll 2010, s. 4). Noregs Mållag ynskjer at det skal vere to skriftlege standpunktkarakterar og at elevane som går ut ungdomsskulen og den vidaregåande skulen det tredje året, blir prøvde i bokmål og nynorsk gjennom to obligatoriske prøver i norsk. Tidleg start med sidemål er ein god måte å ta til med undervisinga på før elevane rekk å få fordommar mot nynorsk, det sikrar òg betre at elevane får den kompetansen dei skal ha i nynorsk når dei går ut frå grunnskulen. Start med sidemål på mellomtrinnet vil vere med på å sikre at elevane når kompetansemåla i sidemål og at haldningane til sidemål vert betre. 

Det er framhald av den politikken regjeringa i praksis har ført siste fire åra, der sidemålsordninga har lege fast. Det er mange veljarar og tillitsvalde i Høgre som ynskjer ei fullgod sidemålsordning. Det vil difor vere ei svært god sak for desse at Høgre avklarar i regjeringsforhandlingane at dei ikkje går til åtak på sidemålsordninga i komande periode, men derimot ynskjer å gjere sidemålsordninga betre for elevane.

Framlegg: Det skal framleis vere obligatorisk sidemålsundervising med eigen karakter. Sidemålsundervisinga for bokmålselevane skal ta til før og må bli betre.  

 

2. Språkdelt ungdomsskule

Elevar i norsk skule burde alle ha ein rett til opplæring på eige språk ut heile grunnskulen. I dag er det ikkje slik. God språkopplæring kjem langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordele elevar i nye klasser. Dette råkar nynorskelevane i dei delane av Noreg med språkblanda skular. Desse nynorskelevane får berre nynorskopplæring i bokmålselevane sine timar med sidemål. Noregs Mållag vil at elevar skal ha rett til å få opplæring på eige språk ut grunnskulen. Denne ordninga blir no greidd ut av Utdanningsdirektoratet på oppdrag frå Stortinget, og dette arbeidet må førast heilt fram til vedtak. Dette er eitt av dei mest målretta og presise tiltaka som gjer det enklare å vere nynorskelev. Det er elevane i randsona som i dag opplever det sterkaste presset på gå over til bokmål. Både Høgre og FrP har sagt at dei vil gjere det enklare å vere nynorskelev. Dette er det einaste “nynorskkravet” i denne omgang som kostar ei større ekstraløyving.

Framlegg: Innføre språkdelt ungdomsskule over heile landet, slik at alle elevar får rett til opplæring på eige språk ut grunnskulen.

3. Nynorske læremiddel til vaksne innvandrarar

Staten må sikre at vaksne innvandrarar som skal lære nynorsk, har same tilgang på materiell som dei som skal lære bokmål. Desse elevane må ha den same retten som elevar i grunnskulen og i vidaregåande opplæring har til å få læremiddel til same tid og til same pris på både nynorsk og bokmål. Rett til eige språk står sterkt i partiplattforma til alle tre partia. Dei tre partia er samde i at vi treng god integrering, og då er det å få opplæring i det lokale språket ein svært viktig nøkkel til inkludering og integrering. Dette vil vere eit framhald av politikken regjeringa har i dag.

Framlegg: Læremiddel for vaksne innvandrarar må kome til same tid og til same pris på bokmål og nynorsk.

Kvifor gode nynorsktiltak: Sakene som er viktige for målrørsla, er viktige for svært mange i heile Noreg, men særleg for folk som er knytte saman av ei enkelt fellessak, nemleg at dei skriv nynorsk. Difor er nynorsksaker tverrpolitiske, og å styrkje kåra for nynorsk sameinar på tvers av politiske skiljeliner. I dag er det eit nynorskvenleg fleirtal på Stortinget. Det er viktig at regjeringa tek leiarskap i nynorskspørsmål. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no