Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

– Stortinget bør snarast vedta dei nye fylkesnamna

 (26.01.2018)

Styret i Noregs Mållag meiner at det hastar å rydde opp i dette før «bordet fangar» på tvers av vurderingar frå fagmiljø.

Ei rekke fylke blir no slått saman og skal få nye namn. I denne prosessen har namnevala i stor grad blitt til gjennom politiske kompromiss som har enda opp med å gå på tvers av alle faglege innspel.

– Resultatet er slik Noregs Mållag ser det, at dei nye namna som er i ferd med å feste seg, har store manglar. Noregs Mållag ber derfor om at nye fylkesnamn så snart som råd kjem opp i Stortinget, og at Stortinget i sitt samla vedtak stør seg på råda til Språkrådet, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag .

Namna på fylka er lovheimla i «lov om forandring av rikets inndelingsnavn», som sist blei endra i 2016, da Trøndelag blei gjeldande namn for dei samanslåtte trøndelagsfylka.

I namnedebatten har Språkrådet komme med klare korreksar til fylkesnamn som berre har «blitt slik» i den politiske prosessen og til dels er vedtatt av fylkestinga. Namnet «Viken» meiner Språkrådet burde vore «Vika» fordi det stemmer betre med vanleg uttale i området av bunden form av hokjønnsordet «Vik».

Språkrådet meiner at «Innlandet» som namn på det samla Oppland og Hedmark, er eit dårleg namneval og går inn for «Opplanda». Språkrådet er dessutan kritisk til namnevalet «Vestlandet» på det som trass alt berre er ein del av det området som tradisjonelt blir kalla Vestlandet.

– Styret i Noregs Mållag meiner at det hastar å rydde opp i dette før «bordet fangar» på tvers av  vurderingar frå fagmiljø, seier Aasbrenn.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no