Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar i Vinje

 (06.02.2018)

Nynorskopplæring i Vinje vert godt motteke. Frå venstre: Anders Sandvik, assisterande rådmann, Khalid Ibrahim, Ali Abdi Muhammed, Ali Ahmed Dathaow og nestleiar Kari Rustberggard i Vinje Mållag er særs nøgde med vedtaket.

Noregs Mållag gratulerer Vinje kommune som den 53. kommunen i Noreg som vil tilby norskopplæring på nynorsk for vaksne innvandrarar. I november gjorde oppvekst- og velferdsutvalet i kommunen det viktige vedtaket.

– Vi gler oss til å halde vårt 100. landsmøte nettopp i ein kommune som gjer gode og kloke nynorskvedtak, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Frå hausten set kommunen i gang med nynorskopplæring. Vinje kommune er fyrste kommune som går over til nynorskopplæring for vaksne innvandrarar i Telemark. Etter at Nissedal kommune hadde nynorskopplæring i fleire år, gjekk dei tilbake til bokmålsopplæring for eit par år sidan.

– Vi tykkjer det er svært gledeleg at Vinje kommune tek steget over til opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar. Dette er eit veldig flott vedtak i sjølvaste Aasmund Olavsson Vinje-året, og vi vonar fleire kommunar i Telemark blir med på å etablerere nynorskopplæring no, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Statistikkbanken til Kompetanse Noreg syner at talet på vaksne innvandrarar som tek delprøver på nynorsk, aukar: I 2015 var det om lag 230 som tok delprøva skriftleg forståing på nynorsk, i 2016 var det 425 og i 2017 var det 671. Det er Sogn og Fjordane som har høgst tal innvandrarar som tek prøvene på nynorsk, følgt av Møre og Romsdal og Hordaland.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no