Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Framifrå vervetal!

 (15.02.2018)

I 2017 enda medlemstalet til Noregs Mållag på 13240. Dette er 3000 fleire enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet sidan 1990. Sjekk kva lokallag som aukar mest! 

Noregs Mållag aukar over heile landet, men nokre lag har auka meir enn andre. Som ein del av verveaksjonen hausten 2017, skipa me ei vervetevling mellom både lokallaga og fylkeslaga våre.

Tevlinga galdt auke frå 2016 til 2017, og både prosentvis auke og auke i faktiske tal vart premiert.  Dei fire fyrsteplassane får bokpakker til ein verdi av 2500 kr, til å bruke i sitt lokale målarbeid. På landsmøtet vert det diplomutdeling og applaus frå salen.

Dette er alle bøkene i bokpakken til dei fire vinnarlaga. 

Lokallag
Faktisk auke frå 2016 til 2017:

  1. Oslo Mållag med ein auke på 100 betalande medlemer, frå 456 til 556.
  2. Bergen Mållag med ein auke på 58 betalande medlemer, frå 471 til 529.
  3. Stavanger Mållag med ein auke på 36 betalande medlemer, frå 150 til 186.

 

Prosentvis auke: frå 2016 til 2017:

  1. Mållaget i LO-administrasjonen med ein auke på 866,7 prosent, frå 3 til 29 betalande medlemer.
  2. Eide og Fræna Mållag med ein auke på 206,3 prosent, frå 16 til 49 betalande medlemer.
  3. Lom og Skjåk Dialekt- og Mållag med ein auke på 181,3 prosent, frå 16 til 45 betalande medlemer.

 

Fylkeslag

Faktisk auke frå 2016 til 2017:

  1. Hordaland Mållag med ein auke på 188 betalande medlemer, frå 2984 til 3172.
  2. Rogaland Mållag med ein auke på 90 betalande medlemer, frå 1070 til 1160.
  3. Sunnmøre Mållag med ein auke på 73 betalande medlemer, frå 964 til 1037.

 

Prosentvis auke frå 2016 til 2017:

  1. Romsdal Mållag med ein auke på 22,5 prosent, frå 178 til 218 betalande medlemer.
  2. Naumdøla Mållag med ein auke på 11,9 prosent, frå 42 til 47 betalande medlemer.
  3. Valdres Mållag med ein auke på 11,8 prosent, frå 246 til 275 betalande medlemer.

Nye medlemer
I 2017 sett under eitt fekk Mållaget over 1300 nye medlemer. Det er det høgste talet på nyregistreringar sidan 2012. Vervekampanjen «Aksjon 13000» starta for fullt 1. oktober med «Den store vervedagen», der 50 nye medlemer melde seg inn på éin dag. Tilstrøyminga heldt fram, og til saman fekk me 530 nye medlemer mellom 1. oktober og 31. desember. Me vil takke til alle som har verva eller late seg verve. Utan innsatsen frå både lag og enkeltpersonar, hadde me ikkje fått til dette.

Vervinga i nyskipa og oppattskipa lag har vore ein viktig del av medlemsauken. Eide og Fræna Mållag, Karmøy Dialekt- og Mållag, Lom og Skjåk Dialekt- og Mållag og Mållaget i LO-administrasjonen, som alle kom på beina i 2017, stod for 77 av dei nyverva medlemene i 2017.

Her er dei ti lokallaga som verva flest nye medlemer i 2017:

   
Oslo Mållag 114
Bergen Mållag 76
Voss Mållag 30
Eide og Fræna Mållag 29
Stavanger Mållag 26
Hjelmeland Mållag 24
Karmøy Dialekt- og Mållag 24
Stord Mållag 22
Gloppen Mållag 17
Fredrikstad Mållag 16
Sogndal Mållag 15
Mållaget Ivar Kleiven 14
Mållaget i Kristiansand 14
Mållaget i LO-administrasjonen 14
Førde Mållag 14
Sandnes Mållag 13
Tysvær Mållag 13
Ørsta Mållag 13
Vanylven Mållag 13
Sotra Mållag 12
Nidaros mållag 12
Nord-Aurdal Mållag 11
Drammen og Eiker Mållag 11
Sandefjord og Sandar Mållag 11
Meland Mållag 11
Volda Mållag 11
Tromsø Mållag 11
Lillehammer Mållag 10
Lom og Skjåk Dialekt- og Mållag 10
Vang Mållag 10
Bærum Mållag 10
Landvik Mållag 10
Suldal Mållag 10
Time Mållag 10
Fana Mållag 10
 

 

Her er dei ti fylkeslaga som verva flest nye medlemer i 2017:

Fylkeslag

Nye medl.

Hordaland Mållag

287

Fylkesm. Vikværingen

260

Rogaland Mållag

117

Sogn og Fjordane Mållag

112

Sunnmøre Mållag

89

Austmannalaget

63

Karmsund Mållag

61

Romsdal Mållag

46

Vest-Agder Mållag

42

Valdres M., Telemark M.

34

I 2017 enda medlemstalet til Noregs Mållag på 13240. Dette er 3000 fleire enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet sidan 1990. Det er ein auke på 829 betalande medlemer i høve 2016, som også var eit veldig godt verveår.

Medlemstalet stig likevel ikkje berre på grunn av nye medlemer. Svært mange av dei medlemene me har, ja faktisk fleire enn før, betalar medlemskontingenten sin år etter år. 

Takk til dykk alle!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no