Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Magne Aasbrenn tek attval

 (13.03.2018)

Valnemnda i Noregs Mållag har no levert si innstilling til nytt styre i Noregs Mållag. Magne Aasbrenn har takka ja til to nye år som leiar. Nestleiar Jens Kihl har også takka ja til attval.

Magne Aasbrenn har vore leiar i Noregs Mållag sidan 2016. Han bur i Fredrikstad, er utdanna norsklektor og har arbeidd i vidaregåande skule.

Valnemnda har framlegg om to nye styremedlemer: Mariann Schjeide og Helene Urdland Karlsen. Mariann Schjeide (53) er leiar for Norsk Bibliotekforening, kjem frå Skodje og bur delvis i Oslo, og Helene Urdland Karlsen (32) er forlagsredaktør hjå Cappelen Damm, kjem frå Voss og bur i Oslo.  

Nestleiar Jens Kihl (32), journalist i Klassekampen og frå Oslo, tek attval. Det gjer også styremedlem Peder Lofnes Hauge (29) som er politisk rådgjevar for Venstre for sosialbyråden i Bergen. Han kjem frå Gloppen og bur i Bergen. Styremedlem Inger Johanne Sæterbakk (37) er kommunikasjonsrådgjevar hjå Norges Bondelag, kjem frå Orkdal og bur i Oslo.

Framlegg til ny 1. vara er Marianne Granheim Trøyflat (37) som er lektor ved Valdres vgs, ny 2. vara er Anders Riise (49) som er ordførar for Høgre i Hareid kommune. 3. vara Birgitta Lim Ersland (29) som arbeider for den sørkoreanske ambassadøren ved Republikken Koreas ambassade i Oslo tek attval og 4. vara Øyvind Fenne (67), tidlegare lærar i vidaregåande skule, tek attval.

Styret vert valt på landsmøtet til Noregs Mållag i Vinje 12.–15. april. Les meir om landsmøtet i Vinje

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no