Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

200-årsdag for Aasmund Olavsson Vinje

 (06.04.2018)

Fredag 6. april er det 200 år sidan Aasmund Olavsson Vinje blei fødd. Han grunnla den nynorske journalistikken og synte at landsmålet kunne brukast i alle sjangrar. Les meir om Aasmund Olavsson Vinje hjå Allkunne.no 

– Den beste måten å heidre Vinje på, er å gje journalistikk på nynorsk gode vilkår, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Denne veka sa kulturminister Trine Skei Grande i Stortinget at ho ønskjer eit breitt forlik om støtteordningane for mediebransjen. 

– Dette er klokt. Journalistikken treng føreseielege rammevilkår. Men no må ikkje Trine Skei Grande gløyme nynorskjournalistikken, slik Åmås-utvalet gjorde, seier Magne Aasbrenn. Han peikar på at NOU-en om mediemangfald, som blei skriven under leiing av Knut Olav Åmås, ikkje tok opp det språklege mangfaldet i Noreg. 

Magne Aasbrenn peikar på fire tiltak kulturministeren kan ta tak i: 

  • - styrkje distriktskontora til NRK
  • - presisere at NRK og TV2 bør få krav på seg til å bruke nynorsk på nett
  • - sørgje for at pressestøtta særleg løftar lokalavisene og dei meiningsberande avisene
  • - ikkje opne for nye støtteordningar utan utbyteavgrensing

– Slike ordningar ville gått til å sponse storavisene med nynorskforbod. Det er ikkje staten si oppgåve å støtte opp om språksensur, seier Magne Aasbrenn. Han trur Grande kan bli ein språkminister Aasmund Olavsson Vinje ville vore stolt av.
– Om Trine Skei Grande bruker jubileet til å gje nynorskjournalistikken eit løft, er det eit ferdaminne som står seg, avsluttar Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no