Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mållaget til Vinje!

 (11.04.2018)

Per Henning Arntsen og Live Havro Bjørnstad gjer klare namnelappane til alle utsendingane og gjestene. 

Det er klart for det 100. landsmøtet i Noregs Mållag fredag 13. til 15. april. Du finn telefonlista til styret i Noregs Mållag finn du her, og telefonlista til skrivarstova finn du her

Landsmøtet vil samle seg til kamp mot alle lovbrota nynorskelevane blir møtt med i skulekvardagen. 
– Ei av dei viktige sakene på landsmøtet er å få gjort noko med mangelen på nynorske digitale læremiddel i skulen, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Då høver det godt at Jan Tore Sanner, kunnskaps- og inkluderingsminister, held hovudtala på landsmøtet. Dette ei av dei utfordringane han vert møtt med. I år er det også klart for å drøfte og vedta nytt fire-åring arbeidsprogram for Noregs Mållag. 

Det er eit rekordstort landsmøte som samlast i Vinje i Telemark. Det største på 30 år med godt over 220 til stades og 183 utsendingar med røysterett frå organisasjonen. Mållaget har dei seinare åra vore i sterk vekst. 

 Det blir markering av  200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje. Vinje grunnla den fyrste avisa på landsmålet, og forfattar Olav Vesaas vil snakke til landsmøtet om livet til Vinje. Politisk redaktør i Bergens Tidende, Frøy Gudbrandsen, skal snakke om Vinje, nynorsken og journalistikken. 

Det vert også utdeling av Målprisen 2018, Nynorsk litteraturpris 2017 og kunngjering av Nynorsk barnelitteraturpris 2017. I år har styret dessutan utnemnt to nye heidersmedlemer i Noregs Mållag. Søndag er det val, og Magne Aasbrenn er innstilt som leiar for to nye år. 

Kontakt: 
Magne Aasbrenn, leiar Noregs Mållag 979 70 065
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no