Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Bø blad

 (12.04.2018)

Foto: Bø blad har fått Målblome frå Noregs Mållag. Frå venstre: Jens Kihl, nestleiar i Noregs Mållag, Synnøve Sudbø Kleppe og Gro Birgitte Røiland i Bø blad og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Foto: Marta Kjøllesdal, Bø blad 

– Vi tykkjer det er viktig at Bø blad held på nynorsken når dei no skal utvide dekningsområdet til å dekkje både Sauherad og Bø, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

Bø blad får Målblomen 2018 av Noregs Mållag fordi Bø blad frimodig brukar nynorsken og stør opp under dialektane lokalt

Dette er grunngjeving for å gje Målblome til Bø blad:

Dei nynorske lokalavisene i Noreg er svært viktige for det nynorske språket. Stoda har endra seg mykje frå den fyrste avisa på landsmål kom som ei einsleg svale i 1858 – den legendariske Dølen, gjeven ut av Aasmund Olavsson Vinje. Det er no 66 aviser som heilt eller delvis har nynorsk som redaksjonelt språk. Ein av desse nynorskavisene er Bø blad.

Bø blad kjem ut i eit område der nynorsken har sterk konkurranse frå bokmålet. Det er difor ekstra viktig at nynorskbrukarane i Midt-Telemark kan lese nynorsk i si eiga lokalavis. Det gjev ei god ryggstø for nynorsken i Bø.

Bø blad er på lag med bygda si. Dei stør opp om dialekta i Bø, og det gjev språkleg sjølvtillit når lokalavisa heiar fram dialektprat. Noregs Mållag er òg svært glade for at avisa aktivt oppmodar næringslivet i Bø til å velje nynorsk i marknadsføringa – og gjerne hjelper dei med språket om dei vil. 

Noregs Mållag tykkjer det er viktig at Bø blad held på nynorsken når dei no skal utvide dekningsområdet til å dekkje både Sauherad og Bø. Bø blad får Målblomen 2018 av Noregs Mållag fordi Bø blad frimodig brukar nynorsken og stør opp under dialektane lokalt.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no