Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Årsmelding frå Mållaget

 (13.04.2018)

For dei som ikkje kjenner meg så heiter eg altså Peder Lofnes Hauge. Eg er 29 år og utdanna lærar. Eg kjem frå Gloppen kommune, men bur og arbeider som politisk rådgjevar for byrådet i Bergen.

«Eit godt år er stutt; eit vondt er alltid for langt», sa Ivar Aasen. Eg veit ikkje om alle de kjenner til han, men det var altså ein luring frå Ørsta som reiste litt rundt om i Noreg og leitte etter ord  og som altså la grunnlaget for det moderne og beint fram deilige bruksspråket vårt nynorsk, eit mindre brukt språk enn bokmålet, men eit stort språk i verda.

Når styret i Noregs Mållag no legg fram årsmeldinga for perioden 2016–2018, slår det meg at det har vore to veldig stutte år. Det har skjedd mykje bra for nynorsken sidan landsmøtet sist var samla, i nynorskhovudstaden Bergen. Vi har vunne både små og større sigrar i perioden.

Som de alle har sett då de las årsmeldinga er ho ein rapport for dei to siste åra av den fireårige arbeidsprogramperioden 20142018. Teksten fylgjer strukturen i arbeidsprogrammet så godt som det har lete seg gjere – og teksten omtalar i hovudsak det arbeidet som er gjort eller teke initiativ til frå styret og skrivarstova i Noregs Mållag.

Sjølv om årsmeldinga omtalar noko av alt det flotte arbeidet som har blitt gjort i lokal- eller fylkeslaga, tilskipingar og særskilde hendingar i nærskylde organisasjonar, så yter ikkje denne teksten rettferd til det enorme – og viktige – lokale arbeidet som har skjedd i organisasjonen vår.

*
Noregs Mållag er fagforeininga til nynorsken – og arbeider for at alle fritt skal bruke dialekta si, og at alle skal kunne velje og ta i bruk det nynorske skriftmålet. Vi skal fremje nynorsk på alle område i det norske samfunnet. Som vi sjølv formulerer det: «Mange røyster – felles mål».

Når styret no legg fram årsmeldinga, er det første eg vil trekkje fram at vi sidan sist har blitt langt fleire røyster som kjempar for dette felles målet. Medlemsveksten i Noregs Mållag er utruleg gledeleg, og eit resultat av eit enormt vervearbeid både frå sentralt, men ikkje minst ute i organisasjonen. Det rekordstore landsmøtet her i Vinje er eit tydeleg og nydeleg bilete på ein organisasjon i vekst.

Alle fylkeslag frå sør til nord har hatt medlemsframgang det siste året. I 2017 enda medlemstalet vårt på 13240. Dette er 3000 fleire medlemer enn for ti år sidan, og det høgste medlemstalet sidan 1990. Det fortener ein applaus!  

I årsmeldingsperioden har det blitt arbeidd systematisk med å skipe opp at lokallag. I 2016 vart det skipa opp att tre lag: Dalane Mållag, Mållaget i LO-administrasjonen og Eide og Fræna Mållag. I 2017 vart det også skipa opp att tre lag: Hol Mållag, Karmøy Dialekt- og Mållag og Lom og Skjåk Dialekt- og Mållag. Etter at årsmeldinga gjekk i trykken har Elverum Dialekt og Mållag blitt skipa. Velkomne til Mållaget. Velkomne til vinnarlaget!

Medlemstalet vårt stig ikkje berre på grunn av nye medlemer, men også fordi fleire enn før betalar kontingenten sin år etter år. Det er bra! Det må vi fortsette med, tenkjer no eg.

At Mållaget er i vekst, er eit teikn på at vi blir sett på som viktige og relevante – kanskje særleg når språket vårt er under press. Dette såg vi tydeleg i debatten om kva språk den nye Vestlandsregionen skulle administrerast på. Ein kan no meine mangt og mykje om desse nye og større fylka, men ropet frå vestlendingane var i alle fall klårt: Vestlandet skal styrast på nynorsk!

*
Eg har ikkje tilmålt tid til systematisk å gå gjennom årsmeldinga og nemne alt som er gjort anten for nynorsk som nasjonalspråk, nynorsk som førstespråk, det organisatoriske arbeidet i samskipnaden, arbeidet til og med Norsk Målungdom eller nærskylde. Men når de les årsmeldinga, vil de sjå det eg vil meiner er eit svært høgt aktivitetsnivå og at det blir gjort mykje godt arbeid på utruleg mange samfunnsområde for at det beste språket ikkje skal lide under dei dårlegaste kåra.

Eg vil heller plukke meg ut nokre ting eg vil dvele litt ekstra med, som viser at Noregs Mållag er viktige for nynorsken – og kvifor fleire og fleire synest å meine dette, og så vil det ligge mange ting i årsmeldinga som kan danne grunnlag for eit ordskifte om arbeidet vi har lagt bak oss og innsatsen vi har lagt ned. Politiske vedtak og anna frå den siste perioden kan heller ikkje frikoplast frå det viktigaste vi skal gjere denne helga, nemleg å vedta eit nytt arbeidsprogram for Noregs Mållag.

Korleis ein blir oppfatta betyr noko – også for målrørsla. Særleg gjeld det i møte med styresmaktene og politiske parti. Det kan ein like eller ikkje, men slik er det.

Eg er relativt ny som aktiv medlem av Noregs Mållag. Dette er mitt første landsmøte. Mitt bestemte inntrykk frå både «utsida» og «innsida» er at Mållaget og Målungdomen år for år styrker omdømet sitt, både i folket, men også hos dei vi er avhengige av at lyttar til oss. Her meiner eg å ha sett ei positivt endring, i retning mot å bli oppfatta som ein seriøs, profesjonelt og moderne organisasjon.

Vi må oppfattast som relevante i det vi snakkar om, i kampanjane vi køyrer ut, og det vi gjer må alltid vere velgjort. Her vil eg skryte av Målungdomen – som i dei seinare år har gjort eit heilt formidabelt arbeid inn mot ungdomsparti – og i utoverretta kampanjar.

Det er ikkje utan grunn at Målungdomen dei to siste åra har hatt historisk høge medlemstal. Det har blitt skipa til vellukka kampanjar, og dei har bidrege til at vi har kome eit steg vidare i mange viktige saker for nynorsken, dialektane og språkmangfaldet. Målungdomen er som ein klegg – som syg seg fast og nektar å sleppe taket før dei har fått det som dei vil – og nynorskbrukarane sine rettar og nynorsken sine kår er ivaretatte.

Eg opplever også at det blir snakka betre om Målrørsla i den delen av det politiske landskapet som eg tilhøyrer. Den kynisk-kapitalistiske og brutale delen av norsk politikk, som somme vil kalle den, eller borgarleg side, som den heiter. At vi blir lagt merke til i det politiske Noreg heng tett saman med at vi har ressursar nok til å produsere mykje tekst, svare på eit enormt tal på høyringar frå styresmaktene og «vere på» dei politiske prosessane. Her har Marit Aakre Tennø, som de alle sjølvsagt kjenner, vore heilt sentral, og ho har vist at det å tilsetje ho som politisk rådgjevar var ei god investering for nynorsken og såleis for nynorskbrukarane.

Det er utruleg viktig at vi blir oppfatta som nettopp profesjonelle, moderne og relevante i alle politiske parti: Mållaget kan ikkje bli eit politisk smalt prosjekt, og vi må ha vener og allierte i alle leiarar. Dei siste, ikkje berre to, men fem åra har vist oss dette, når landet har hatt borgarleg regjering, etter åtte raudgrøne år. Det har i grunn godt ganske bra. Kanskje betre enn mange av oss hadde venta. Nedgangen i nynorskelevar er historisk låg, og sidemålsordninga har lige bom fast etter fem år med skuleminister frå Høgre.

Den nye regjeringserklæringa gir ikkje den nye kunnskapsministeren, Jan Tore Sanner, som kjem til oss denne helga, rom til å rokke sidemålsordninga éin millimeter i feil retning utan å gå på tvers av det som må oppfattast som regjeringa- og stortingsfleirtalet sitt syn. Tvert om er von om at vi kan få til noko offensivt, men det vil ikkje kome av seg sjølv.

Den borgarlege regjeringa tar meg inn på økonomi, og arbeidet med statsbudsjett. Dette er eit tidkrevjande, men avgjerande viktig arbeid, som krev ressursar frå både styret og Skrivarstova.

Dei fem siste statsbudsjetta har blitt vedtatt etter forhandlingar mellom regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet og Venstre og KrF. Dei første åra kutta regjeringa viktige nynorskinstitusjonar – berre for å la Venstre og KrF bruke politisk og økonomisk kapital på å reversere kutta. I regjeringa sitt framlegg for stabudsjett for 2018 var det færre nynorskorganisasjonar enn før som var foreslått kutta, og vi såg eit politisk handlingsrom for å setje i gang ein prosess for å auke løyvingane til Mållaget. Dette var også avgjerande viktig fordi kompensasjonsordninga for organisasjonar som ikkje hadde speleautomatar blir avslutta frå og med 2018. Dette tok meg litt tid å forstå, men det var altså ei kompensasjonsordning for organisasjonar som ikkje var inkluderte i kompensasjonsordninga for organisasjonar som fekk bortfall av inntekter då dei ikkje lenger fekk ha speleautomatar. Det blir ikkje meir norsk politikk enn det. Alle skal få, men no skal vi altså ikkje få lenger.

Vi peika mellom anna på at det er lite som gir meir nynorsk for kvar krone enn auka løyving til Noregs Mållag. Og budsjettforhandlingane gjekk vår veg: Vi fekk auka løyvinga vår med 1,1 million. Vinjesenteret fekk 1,6 million, produksjonstilskotet til aviser auka med 5 millionar, LNK fekk ei påplussing på 1,2 million, Hordaland Teater fekk 1 million ekstra, og Det Norske Samlaget fekk også ein million meir enn det regjeringa foreslo.

Dette var sjølvsagt gledeleg, og det er verdt å merke seg at stortingsfleirtalet kjøpte argumentasjonen vår om at Noregs Mållag sin misjon er så viktig at det er viktig for stortinget at vi har musklar nok til å drive godt arbeid – særleg det politiske arbeidet opp mot styresmaktene, i alt frå høyringar som omhandlar nynorsk til arbeidet med statsbudsjettet. Dei betalte oss for å vere i stand for å halde dei i øyrene. Det er bra for nynorsken og for nynorskbrukarane.

*
Nynorskstafetten 2016 var den lengste stafetten sidan oppstarten i 2013. Vi besøkte 23 kommunar i fire fylke fordelt på 20 dagar. 19 ungdomsskular og vidaregåande skular, 116 barneskular og 13 barnehagar fekk besøk. Besøk fekk også 15 ordførarar eller kommunalt tilsetje. I 2017 var det femårsjubileum for stafetten, som de veit er eit tett samarbeid mellom Noregs Mållag og Norsk Målungdom.

Det er så mykje eg kunne trekt fram som har blitt gjort i perioden, som arbeidet med språkblanda kommunesamanslåingar, til dømes. På oppvekstområdet, som mange i salen er særleg opptekne av, har det sjølvsagt også denne perioden vore mykje aktivitet, både i barnehage og i skulen. Vi vann røystingane på 5 av 8 skular, og vi har arbeidd med retten til å velje målform. Mellom parallellklassearbeid og motivasjonsdagar for lærarar har vi vore på i høyringar om forskrift om femårig grunnskulelærarutdanning og fagfornyinga i norsk, for å nemne noko.

*
Eg vil gå inn for landing med å seie noko som eg har vore så heldig å få sjå på nært hold: Den nynorskevenlege vinden som har blese inn i bystyresalen i Bergen kommune. I Noregs nest største by.

Byen e´ Bergen  og laget er sjølvsagt Noregs Mållag.

I ein firefem ulike runder har bystyret debattert nynorsk og språkpolitiske spørsmål, og bystyrefleirtalet er nynorskvenleg – ja, det er nesten som om partia kappast om å vere mest for nynorsk. Mållaget lokalt har lenge snakka om nynorsbyen og nynorskhovudstaden Bergen. No konkurrerer fleire byar om tittelen. Det er ein konkurranse med berre vinnarar. Sist ute var varaordføraren i Oslo. No vil også dei vere for nynorsk. Det er veldig bra!

I Bergen er det sett i gang forsøk med meir nynorsk på tidlegare tidspunkt. Bystyret meinte Vestlandsregionen måtte administrerast på nynorsk. Bystyret ønsker å legge til rette for ein nynorskbydel aust for Ulriken – dersom kommunereforma blei noko av. Bystyret vil styrke rettane til nynorskelevane i ungdomsskulen. Og no sist: Bystyret har vedtatt ein språkbruksplan som viser korleis Bergen kommune skal ta ansvar for at nynorsken får betre kår og blir meir synleg i Bergen.

Dette er utruleg bra og ville aldri skjedd utan Noregs Mållag sitt arbeid, både lokalt og nasjonalt. Og Mållaget lokalt og nasjonalt blir viktige i åra som kjem for å syte for at det ikkje strandar med ein kommunal plan – sjølv om symbolverdien av det som har skjedd i Bergen utvilsomt har styrkt nynorsken aleine. Ordskiftet er meir på våre premissar.

Eg vil på vegner av styret i Noregs Mållag takka for to stutte år og håpar de gler dykk like mykje som oss til to nye stutte år. Vi har vunne mange små og større sigrar for nynorsken dei siste to åra. Vi er mange nye røyster som skal kjempe for det felles målet. Og tenk så heldig eg er som på mitt første landsmøte i Noregs Mållag, får oppleve eit styrkt mållag som skal auke ambisjonsnivået.

Det går mangt eit menneske og ser seg fritt ikring for Ivar Aasens skuld, skreiv Tarjei Veesas. Det skal mangt eit menneske få gjere for all tid – og det skal Noregs Mållag bidra til.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no