Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Innleiing om nytt arbeidsprogram

 (14.04.2018)

Innleiing om nytt arbeidsprogram til landsmøtet i Noregs Mållag 2018

Gode landsmøtelyd,

Eller som Magne ville sagt: Hællæ

Det er ei viktig hending i målrørsla når Noregs Mållag vedtek nytt arbeidsprogram. Dei vala vi tek, har gong på gong vore viktige for vilkåra for nynorsken i Noreg – og dermed viktige for Noreg. No skal vi på ny stake ut kursen for arbeidet vårt. Det er både høgtid og kvardag på same tid.

I år er det femten år sidan eg blei med i målungdomen. Eg trur det er ganske tilfeldig at eg lèt meg verve av Trine i klassen min på Oslo katedralskule. Eg kan ikkje akkurat seie at målsak var det viktigaste i livet for ein syttenåring på vestkanten i Oslo, men eg hugsar kva som var den utløysande årsaka: Ein kraftig irritasjon over anti-nynorsk-kampanjane frå Unge Høgre. ”La dem raute nynorsk – bare vi slipper”, var slagordet frå kunnskapspartiet. Nokre år seinare blei eg bladstyrar i Motmæle, bladet til NMU. Den fyrste leiarteigen min handla om valkampen til Unge Høgre. Dei reiste rundt i ein buss med slagordet ”Nynorsk suger” på. I Hordaland profilerte ungdomskandidaten Harald Victor Hove seg ved å lage ein video der han sette fyr på ei nynorsk ordliste. I dag er det ein Høgre-statsråd som administrerer sidemålsordninga, Hordaland Unge Høgre kravde nynorsk i Vestlandsregionen – og Unge Høgre-leiaren er medlem av Norsk Målungdom.

På få år har vilkåra endra seg kraftig. Sidan sist landsmøte har talet på nynorskelevar i grunnskulen rett nok gått ned, men nedgangen er på 37 elevar. Det er knapt noko som helst målt mot totalen: 76352 elevar. Målt i prosent er nedgangen så marginal at du har lov til å ha høgare promille når du køyrer båt. Heller ikkje i vaksenverda står det slett ikkje dårleg til: Sidan 2010 har talet på folk som leverer skattemeldinga på nynorsk, auka frå 450.000 til 475.000. NMU og mållaget har til saman nesten femten tusen medlemer. For nokre år sidan var talet elleve tusen.

Nynorsken finst fordi folk vil bruke han. Vi har kanskje stått med ryggen mot veggen nokre år, men fordelen med den posisjonen er at han gjev godt utsyn over rommet. Så gode målfolk: Ikkje la nokon fortelje dykk at tida for vekst og framgang i målstrevet er forbi.

I grunnskulen er det i dag litt over tolv prosent nynorsk. Så fell prosenten ned til fem –seks på slutten av vidaregåande. Dette er dramatisk. Her er det verdt å nemne at ved nynorskstafetten i fjor oppdaga vi at elevar i ti fylke får eit ferdigtrykt elevkort ved skulestart der det står ”målform: bokmål” på. Dette inkluderer òg fylke med ein raus prosent nynorsk i skulen. Dette fekk vi ordna opp i, og er ein av mange små og store sigrar i perioden. Det rare er likevel det som skjer etterpå: På sesjon melder åtte prosent av rekruttane at dei helst vil ha nynorsk. Og så, når dei blir vaksne, er det ti–elleve prosent som vil levere skattemeldinga på nynorsk. Kva i all verda er dette? Kanskje er det eit teikn på at dei elevane som valde bokmål i slutten av vidaregåande, ikkje har forsvunne heilt, men at dei kjem tilbake seinare. Kanskje har dei ikkje snudd ryggen til nynorsken, men meint at det var vanskeleg å halde på han i ein skulekvardag prega av bokmål. Eg har utvikla ein eigen modell for denne kurva: Den nynorske bananen. Den peikar altså ned mot midten og opp etterpå. Det finst som kjend to typar bananar i butikken: Dei som er krumma oppover, og dei som er krumma nedover. Vår er heldigvis av den smilande typen, men det er absolutt ingen grunn til at så mange skal velje vekk nynorsk i skuleåra. Vi må gjere det lettare for alle dei som helst berre vil få skrive nynorsk kvar dag.

Vi kan ikkje stå med lua i handa og takke pent for alskens småtteri. Vi må ta konsekvensen av at kravet om nynorsk står sterkt i Noreg. Dersom vi skal hevde plassen som interesseorganisasjonen for målsaka i Noreg, må vi rette ryggen og krevje meir enn før.

Dette var utgangspunktet for å skrive nytt arbeidsprogram. Målrørsla er på offensiven. Ein sterkare organisasjon gjer oss i stand til å gjere meir – dersom alle dreg i same retninga. Vi kan ikkje nøye oss med den falske jamstillinga staten byd oss. Kravet frå målfolket må vere: reell jamstilling no.

Kva meiner eg med det? La meg ta eit døme. Om lag kvar åttande elev i grunnskulen har nynorsk hovudmål. Men for desse elevane er ikkje nynorsken eit åttandedelsspråk – det er eit fullt utbygd skriftspråk som dei må få møte heile dagen, heile året. Om staten ikkje handsamar nynorskelevane som brukarar av eit fullt språk, men gjev dei sju åttandedelar bokmål, er det i realiteten ei grov favorisering av bokmålet. Kanskje har de sett teikninga av dei tre karane som vil sjå ein fotballkamp bak eit gjerde? Dei står på kvar sin kasse, men er slett ikkje like høge. Dermed ragar han fyrste høgt over gjerdekanten, han andre ser så vidt over og han tredje stirer rett inn i planken. Dei er i prinsippet handsama likt, men når utgangspunktet er ulikt, blir sjølvsagt resultatet heilt ulikt. Om han låge får to kassar, kan i staden alle tre sjå kampen. Det fine med dette er at ingen taper på det – heller ikkje han høge som no er kasselaus. Bokmålselevane taper ikkje på at nynorskelevane får ei fullverdig opplæring.

Det er dette Eli Bjørhusdal i sin doktorgrad kallar å gå frå jamstilling til språksikring. Eg trur at også Noregs Mållag har vore for smålåtne her. Vi har godteke den falske jamstillinga sjølv om vi har visst at det eigentleg ikkje held. Den tida må vere forbi.

Den beste politikken lagar vi saman. Og fordi arbeidsprogrammet vårt er viktig for heile målrørsla, har vi denne gongen gjort noko heilt nytt. Vi har bede ei rekkje kloke hovud om hjelp til å finne dei beste ideane. Seksten kvinner og menn utfordra oss på mange av våre veikaste punkt. Resultatet blei ”Målreising 2017”, eit hefte som strekar opp mange idear til nye vegar å gå – og gjer oss merksame på område der vi som organisasjon rett og slett kan for lite. Det var svært artig å sjå at så mange av desse blei glade for å få spørsmålet og kasta seg over oppgåva med stor iver. Eg er stolt over å sitje i leiinga for ein organisasjon som er trygg nok på seg sjølv til å kunne la seg utfordre.

Namnet, ”Målreising 2017”, speler sjølvsagt på målsakklassikaren ”Målreising 1967”, som kom ut femti år tidlegare. Under kyndig leiing av Berge Furre streka nemnda den gongen opp eit program som analyserte målstriden heilt på nytt. Mange av ideane herfrå pregar framleis organisasjonen vår. Dei ”definerte sin plass i samfunnet i vidaste meining”, som det står på vaskesetelen, og la grunnlaget for eit rikare og breiare syn på målstrid. Mange av dei vilkåra som avgjer stoda for nynorsken, er utanfor vår kontroll. Vi må likevel prøve å forstå dei betre enn vi gjer i dag. I innleiinga til arbeidsprogrammet har vi lånt ei formulering frå Oddmund Hoels artikkel i Målreising 2017, der han skil mellom den vesle og den store språkpolitikken. Den store språkpolitikken er all politikk som har språkpolitiske effektar. Det kan vere innvandring, samferdsle eller kommuneøkonomi. Her er vår viktigaste oppgåve å vise at denne politikken kan føre til store endringar – positive eller negative – for nynorsken og dialektane. Dermed kan vi syte for at dei tek omsyn til oss når dei oppdagar at dei eigentleg driv språkpolitikk utan å vite det. Den vesle språkpolitikken er den politikken som direkte har til føremål å endre dei språklege vilkåra her til lands. Her er det nok å ta tak i.

Dermed har nemnda skrive eit program som er noko breiare enn før. Vi har òg endra ein del på forma. Tidlegare har programmet gjerne vore meir konkrete gjeremålslister for organisasjonen. No har vi laga eit dokument som fyrst og fremst set opp dei politiske måla våre. Vi har mangla eit oversyn over kva vi faktisk meiner må til på dei ulike arbeidsfelta. Dette får fleire konsekvensar.

For det fyrste set vi mål vi ikkje trur vi når i denne fireårsperioden. Nemnda og styret meiner likevel det er rett å seie kva som faktisk må til på dei ulike felta, ikkje berre kva vi trur er realistisk at nokon vil gje oss. Om ikkje Noregs Mållag skal ha høge ambisjonar for nynorsken, kven skal då ha det?

For det andre gjer vi det vonleg endå tydelegare at dette programmet gjeld heile organisasjonen. I paragraf fire i lovene våre, står det at ”når eit lag er med i Noregs Mållag, har det skyldnad til, så langt det evnar, å gjera røyndom av dei måla samskipnaden set opp i prinsipprogram og arbeidsprogram”. Alle de som sit her, har altså eit ansvar for at vi når dei måla vi denne helga set oss. Dette kan ikkje understrekast nok.

For det tredje kan programmet ved fyrste augekast sjå meir uprioritert ut, fordi sjølve ordlyden ikkje fortel om ei oppgåve er meir eller mindre viktig enn dei hine. Det har vi freista løyse gjennom å invitere landsmøtet til å vedta fire politiske hovudprioriteringar.

Så har det skjedd éin ny ting til: Med fireårige arbeidsprogram vil det no vere slik at Noreg har stortingsval på hausten, får regjeringsplattform på vinteren – og så får Noreg nytt mållagsprogram på våren. Det gjev oss eit endå betre høve til å gjere programmet treffsikkert ut frå det gjeldande politiske klimaet.

Den fyrste hovudprioriteringa er at den digitale skulekvardagen må vere nynorsk. Utgreiingsarbeidet vi har gjort, viser at det i dag blir brukt digitale læremiddel og andre verktøy som for ein stor del berre finst på bokmål. Denne uretten mot nynorskelevane speler seg ut i norske klasserom kvar dag. Dette skjer på vår vakt, og det er ei urett vi ikkje lenger kan tole. Noregs Mållag skal vere nynorskelevanes løvemamma. Vi skal brøle mot dei som bryt lover og reglar mot dei aller mest sårbare nynorskbrukarane.

Den andre hovudsaka er at nynorsken må tene på omorganiseringa av kommunar, fylke og stat. Vi er inne i ei tid med store endringar på Noregskartet. Kommunar blir slått saman, det same blir fylke. Dette kan gje oss trøbbel om vi ikkje passar på. Men målfolket kan ikkje frykte framtida – vi må forme framtida. Endringar treng ikkje vere til det verre dersom vi berre er på saka. Dette er allereie ei hovudsak for svært mange av laga våre, og no treng vi ein skikkeleg offensiv for å syte for at vi kjem betre ut enn i dag.

Det tredje kravet er at barn og unge i nynorskområde må møte nynorsk frå barnehagen og i heile utdanninga si. Her er det fleire ting å ta tak i. Vi må vinne kampen om revisjonen av læreplanar og opplæringslov. Vi må endre rammeplanen for barnehagane og vi må endre barnehagelova. Vi må få på plass ei lærarutdanning og ei barnehagelærarutdanning som tek høgd for at Noreg er eit tospråkleg samfunn. Og vi må få gjennomslag for den språkdelte ungdomsskulen. Vi skal vise landet at Odda-modellen er ein ekte supermodell. Det beste språket har framleis dei dårlegaste vilkåra. Det kan vi ordne opp i.

Den fjerde og siste hovudprioriteringa er at Noreg treng ei satsing på jamstilt språkteknologi. Samfunnet vårt er i ferd med å bli gjennomdigitalisert. Det får store konsekvensar for språket. Marknadskreftene åleine kan ikkje ta ansvar for at denne utviklinga òg kjem nynorskbrukarane og dialektbrukarane til gode. Vi har sett litt for mange døme på at marknadens usynlege hand ikkje skriv nynorsk – i alle fall ikkje utan litt hjelp. Her har vi nok ein lang veg å gå i å skaffe oss den kunnskapen som trengst. Likevel har vi eit ess i ermet: dykk. Ein av fordelane med å vere ei folkerørsle med 15.000 medlemer er at vi har folk som kan alt mogleg. Saman kan vi bli ein premissleverandør på dette feltet og på ny forme den norske språkframtida. Det gler eg meg til.

Men arbeidsprogrammet er meir enn hovudprioriteringane. Eg vil no ta føre meg nokre av dei andre viktige arbeidsfelta.

Regjeringa har varsla ei ny språklov. Vi meiner det må vere sanksjonar mot offentlege etatar som bryt reglane om målbruk i staten, og at den nye språklova må fremje nynorsk, ikkje berre jamstille nynorsk og bokmål. For kommunane ønskjer vi at det skal bli meir attraktivt og meir forpliktande å vere ein nynorskkommune, gjerne etter modell av forvaltningsområdet for samiske språk. I dag held det at nokon melder inn ei sak om å bli språknøytral og at framlegget vinn med éi røysts overvekt. Vips, så kan åtte kommunestyrerepresentantar slå strek over hundre års målsoge i bygda.

Det området vi har kalla ”sivilsamfunnet” omfattar ganske mykje ulikt. Her er bokstaveleg tala både børs og katedral, ettersom næringsliv og kyrkje er plassert rett etter kvarandre. Dette kapittelet ber meir preg av at dei oppgåvene vi har blinka oss ut, er dei som har fått plass i programmet. Sjølvsagt er vi for at alle organisasjonar, alle trussamfunn, alle fagforeiningar og alle verksemder skal bruke meir nynorsk, men vi har prøvde å peike på dei lutane der vi trur det er størst sjanse for resultat. Særleg viktig her er det  å halde fram det gode arbeidet i LO og å følgje med på korleis Den norske kyrkja vil praktisere språkreglane no som dei ikkje lenger ligg direkte under staten.

Både i barnehagar og i skulen vrimlar det av materiell som ikkje ligg føre på nynorsk. Grunnen til at det ikkje er produsert i parallellutgåve, er sjølvsagt ekstrakostnaden og den manglande sanksjonen. Og det får ingen konsekvensar å bryte lova! Våre ungar fortener bøker på heimespråket. Skal marknadsmakta fungere, kan heller ikkje skular og barnehagar i bokmålsland kjøpe inn dei eittspråklege bøkene. Denne oppgåva er med andre ord like viktig for Bærum mållag som det er for Bygland mållag. Og apropos Oslo-gryta: Det bør skipast eigne nynorskklassar i dei største byane – uavhengig av om det er samla inn ti elevar som har sagt ja fyrst. Eg tippar det raskt ville kome meir enn ti elevar dersom foreldra visste at tilbodet var garantert.

Og så må vi innom eit felt der det ikkje er den heilt store politikkutviklinga. Eg snakkar om sidemålet, den aller fyrste kampsaka denne organisasjonen fekk på blokka. Når norskfaget no blir revidert, kan det på ny stå strid om sidemålet. Vårt krav står fast. På både ungdomsskulen og i vidaregåande skal det vere eiga vurdering i sidemål, både som standpunkt og som eksamen – og elevane skal ha sidemål ut vg3.

Vi skriv meir om høgare utdanning og akademia enn kva vi har gjort før om åra. Her går vi inn for fleire krav som fyrst og fremst handlar om at ikkje norsk må tape for engelsk, og ikkje om spørsmålet om nynorskens stilling. Stoda her er likevel så kritisk at vi meiner det er rett å gjere det.

Vi har utvida kulturkapittelet ganske kraftig samanlikna med tidlegare år. Det er ikkje sikkert vi skal gjere så mykje meir her enn før, men vi ser at ny teknologi gjev nye høve for nynorskbrukarane. Dei høva er det vår jobb å peike på, innanfor media, film, sosiale medium, litteratur og leksikonarbeid.

Nynorsk har blitt det vesle språket med den store litteraturen. Den himmelen som våre forfattarar teiknar over språket vårt, er sjølve adelsmerket for nynorsken. Vår jobb er å arbeide for at endå fleire får ta del i bokskatten vår. Det kjennest ekstra viktig å gjere det i det året der Samlaget feirar 150 år med målstrev.

Vi vil sjå på om det trengst ei ny utforming av nynorskkravet til NRK i takt med at mediebruken har endra seg. Og vi vil leggje større vekt på å hjelpe dei avisene som ønskjer meir nynorsk, framfor å berre klage på dei som ikkje gjer det. Eit fyrste steg på vegen er verktøykassa ”Språket i redaksjonen”, som vi har laga saman med Kringkastingsringen, Nynorsk pressekontor, Nynorsk avissenter og NRK Nynorsk mediesenter. Den trur eg skal bli nyttig i arbeidet med å gje nynorsken den plassen han fortener i media. Og sjølvsagt har vi ikkje tenkt til å gje opp kampen mot bokmålsveldet i Akersgata. For meg som nynorskjournalist er det sjølvsagt litt spanande å skrive eit språk som er så farleg at sjefsredaktørane må forby det. Resultatet er likevel at eg er stengt ute frå jobb i mange av landets redaksjonar, og de får ikkje møte språket dykkar i storavisene. Vi har fått store gjennomslag her, men vi skal vidare. Ingen mur står evig når målfolket er ute med bulldosaren vår – eller stålstuten, som vi kallar den.

I romjula hadde vi ein kronikk på trykk i Dagbladet. Der sa vi at ”når ein dialekt døyr ut, er det som om ei stavkyrkje brenn ned”. Det er sterke ord, men dei er sterke fordi dei er sanne. Dialektarbeidet må framleis ha status i organisasjonen, ikkje minst her på Austlandet, der dialektane er under eit knallhardt press.

Dei siste åra har organisasjonen vår styrkt seg kraftig. Vi gjer framlegg om ei rekkje nye tiltak, som eit eige kurs for unge vaksne og ei prioriering av tre fylkeslag vi vil at skal bli sterkare: Telemark, Rogaland og Trønderlaget. Dei har heilt ulike utfordringar, så dei konkrete tiltaka her bør ikkje vere noko landsmøtet vedtek. Vi ønskjer likevel å gjere det lettare for tre av våre viktige fylkeslag å løfte seg. Og heil til slutt, på dei aller siste linene, gjer vi framlegg om at vi skal ha prinsipprogrammet oppe til revisjon på neste landsmøte. Det er meir enn tjue år sidan sist det var oppe til handsaming. No er det fredstid i mållaget, i alle fall så fredeleg som det kan bli i ein organisasjon som vår, og styret meiner dette er eit godt høve til å vurdere tufta vår på ny. Dette kan òg skulere oss i dei beste argumenta for nynorsk.

Det er eit spanande år som går mot slutten. Våren 2017 sette styret i Noregs Mållag ned ei nemnd som skulle skrive eit utkast til nytt arbeidsprogram, og no er programmet her. I nemnda sat desse personane: Eli Bjørhusdal, fyrsteamanuensis ved Høgskulen på Vestlandet og tidlegare nestleiar i Noregs Mållag. Eli bur i Luster. Vidar Lund, som sidan sakpapira gjekk i trykken faktisk har blitt leiar i Trønderlaget. Han er tidlegare leiar i Noregs Mållag og er no biblioteksjef ved i heimbyen Levanger. Peder Lofnes Hauge sit med meg i styret i Noregs Mållag. Han er politisk rådgjevar frå Venstre for byrådet i Bergen. Han er elles utdanna lærar og kjem frå Gloppen. NMU nemnde opp sin no avtroppande nestleiar Elise Tørring. Ho er lærarstudent, kjem frå Lillesand og bur i Oslo. Eg har vore leiar for nemnda. Eg er altså frå Oslo og arbeider som politisk journalist i Klassekampen. Marit Aakre Tennø, politisk rådgjevar i mållaget, har vore skrivar for nemnda. Eg vil gjerne nytte høvet til å takke nemnda og Marit for svært solid arbeid. Det har vore ei glede.

Vi har hatt eitt fysisk møte og ganske mange samtalar på telefon. Sjølve skrivemøtet var i fagre Jostedalen i oktober. Arbeidsprogrammet og Målreising 2017 gjekk ut til om lag tusen tillitsvalde i organisasjonen rett før jul. Då høyringsfristen gjekk ut, hadde vi fått inn 150 endringsframlegg. Det er veldig bra, og viser at folk ser at dette er eit viktig dokument. Typisk nok var det svært få – faktisk ingen – som ville stryke noko. Her ligg eitt av problema for ein organisasjon med avgrensa arbeidskapasitet: Om ein prioriterer alt, har ein eigentleg ikkje prioritert noko. Nemnda avviste difor ein del gode framlegg, rett og slett av omsyn til arbeidsmengda. I slutten av februar leverte vi ei samrøystes innstilling til styret, som igjen har innstilt til landsmøtet.

Det er ut sju dissensar i innstillinga frå styret. Det er NMU-leiar Fredrik Hope som står på desse dissensane. Han skal få gjere greie for sitt syn seinare, men eg vil kort gjere greie for fleirtalssynet frå styret. Alle dissensane hadde røystetal seks mot éin i styret:

På line 94 ønskjer NMU ei femte hovudprioritering. Fleirtalet i styret seier seg sjølvsagt ikkje usamde i at organisasjonsarbeidet må vere høgt prioritert fram mot 2022. Men bakgrunnen for dei fire politiske hovudprioriteringane var at vi ville gje organisasjonen eit høve til å prioritere kva av dei politiske arbeidsmåla som er viktigast. Vi trur ikkje det blir gjort meir organisasjonsarbeid av at dette står attåt dei politiske hovudprioriteringane.

På line 122 ønskjer NMU ei setning som skal forklare setninga før, altså setninga på line 119 og 120. Styrefleirtalet meiner at denne setninga handlar om mangelen på formelt vern av nynorskkommunar og nynorskfylke, ikkje om at det trengst ei sterkare folkeleg mobilisering. Vi er slett ikkje mot mobilisering, men setninga er meint annleis.

På line 231 ønskjer NMU å ta inn at Folkeregisteret bør registrere kva morsmål innbyggjarane identifiserer seg med. Fleirtalet i styret meiner ein då er farleg nær å registrere etnisk bakgrunn på innbyggjarane. Det trur vi er ein farleg veg å gå, mellom anna av personvernomsyn, og meiner difor at Noregs Mållag ikkje bør ha dette kravet.

På line 404 ønskjer NMU å endre avsnittet over, altså frå line 399 til 402. Dette spørsmålet heng òg saman med dissensane på line 440 og 452. Spørsmålet er kor høgt vi skal prioritere arbeidet med å få til ei offensiv skulemålsrøysting denne perioden. Styrefleirtalet meiner dette er viktig, slik vi skriv på line 449. Vi er likevel usikre på om vi har lag som faktisk ønskjer å setje eit slikt arbeid ut i live. Det er ikkje Noregs Mållag sentralt som kan få i stand – og vinne – ei skulemålsrøysting. Det er det laga våre som kan. Derfor har vi sagt at om nokon ønskjer å byrje eit slikt arbeid, kan dei rekne med mykje støtte frå Noregs Mållag sentralt. Vi trur likevel det er rett å prioritere kreftene sentralt på saker der Noregs Mållag har større påverknadskraft.

På line 504 ønskjer NMU å endre kulepunktet på line 501 og 502 slik at Noregs Mållag skal vere mot å gje eit ekstrapoeng til elevar som går ut av vidaregåande med nynorsk hovudmål. Dette er opphavleg ein idé dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen frå SV lufta i 2010, og som mållagsstyret meiner held seg. Fleirtalet i styret meiner dette vil vere ein god kompensasjon for det ekstraarbeidet det for mange faktisk er å halde på nynorsken, og motverke det taktiske målbytet ein del gjer for å få god karakter i både hovudmål og sidemål. Det vil òg vere eit tydeleg signal frå staten om at det er eit mål å få fleire til å halde på nynorsken. I dag gjev vi ekstrapoeng til elevar som lærer seg å skrive latin. Kvifor skulle vi ikkje då kunne gje eit poeng til elevar som vil skrive nynorsk?

Sjølv ikkje styret er utan feil og manglar. I år har vi gløymt å innstille på eit namn på programmet. Eg vil difor, heilt utan styrets fleirtal i ryggen, gjere framlegg om at vi låner eit gamalt NMU-slagord og kallar programmet ”Nynorsk for alle”.

Det folkelege engasjementet for nynorsk er sterkt og aukande. Det er vår største styrke og viktigaste grunn til å vinne fram med krava våre. Samstundes må vi ikkje gløyme opphavet: Éin mann som meinte at eit fritt land fortente eit fritt språk. Dei prinsipielle argumenta for landsmålet og nynorsken er like gode om det er éin eller seks hundre tusen som bruker språket. At dei taktiske argumenta er ganske mykje betre for oss enn dei var for han Ivar, er sjølvsagt ein føremon vi skal dra nytte av. Vener: Når vi er ferdig med røystingane i morgon, har vi vedteke eit svært ambisiøst program. Eg trur likevel fullt og fast på at vi skal få til mykje av det vi set oss føre. Av og til tek det tid, som med Grunnlova: Der tok det 199 år, elleve månader og tre veker. Av og til går det kjapt, som med gjennomslaget om at Ålesund skal bli landets desidert største nynorskkommune. Men det viktigaste er dette: Det vi får til, får vi til fordi vi gjer det saman. Den styrken er det ingen som kan ta frå oss.

Gode landsmøte: Tida for siger – V for vinning – er ikkje forbi.

Kanskje er det no det byrjar.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no