Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. APRIL 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ungdomens tale

 (14.04.2018)

Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom, heldt Ungdomens tale på landsmøtet. (Foto: Live Havro Bjørnstad)

Gode landsmøte og vyrde Noregs Mållag,

På landsmøtet vårt i Drammen for ein liten månad sidan var målungdomar frå Nordreisa i nord til Kristiansand i sør samla for å pønske ut ny politikk. Der var kva Mållaget sentralt og alle dei lokale mållaga skal jobbe for dei neste fire åra, eit viktig spørsmål. Ordskiftet munna ut i ei fråsegn med den småkleine tittelen Eit offensivt mållag for heile Noreg.

Tittelen må de ikkje forstå som at me ikkje har dette i dag, men som ei tinging frå «kidsa» om å få meir av det gode. Særleg kjekt er det å sjå at fleire og fleire lokale mållag tenkjer meir politisk og arbeider konstruktivt opp mot verksemder og lokale styresmakter. Det er ikkje berre kulturkveldar i mållaga rundt i kring. Sjølv om eg set pris på både kake og trivsel, er dette heilt klart ein god ting.

I fråsegna er det presentert nokre hovudprioriteringar som ligg til grunn for våre innspel:
– Me må setje offensive organisatoriske mål
– Det lokale arbeidet er ofte det viktigaste

– Det må kome tydlegare fram at Noregs Mållag er ein valkamporganisasjon som skal vinne val
– Me må gjere våre tillitsvalde tryggare i å argumentere for nynorsken

Samstundes: Det er ikkje tvil om at Noregs Mållag ligg an til å få seg eit særs godt arbeidsprogram – med gode idear til korleis me kan endre språkstoda her i landet til det betre. Dette er 18 sider med ei god innføring i kva moderne målsak kan vere. Dette programmet er eit langt steg i rett retning mot ei målrørsle som grip dei sjansane som finst, og som ser framover mot nye utfordringar. Arbeidsprogramnemnda, med nestleiar Jens i spissen, fortener ein stor applaus!

Særleg godt likar jo eg dei delane av dette eminente programmet som me i Norsk Målungdom kjenner at me har litt av æra for.

Elise har vore vår medlem i nemnda, og ho har stått på for å få inn gode punkt som til dømes dei om lærarutdanningane, at Noregs Mållag skal samarbeide med Utdanningsforbundet og skrive eit nytt prinsipp-program, og at politikken om sosiale medium og nynorsk på nett vert betre og meir utfyllande.

Eg var med då programmet vart handsama i styret, og viss eg skal trekkje fram ein siger eg er særleg nøgd med, so er det at Noregs Mållag skal arbeide for at fleire kommunar skal fatte positive vedtak om nynorsk tenestemål. Altso at fleire kommunar skal krevje at staten brukar nynorsk i deira område og i kontakt med dei. Dette er viktig for å styrkje nynorsk som kvardagsspråk i område som Hå, Lesja og Etnedal, der eit stort fleirtal av elevane har nynorsk. Dette er eit godt og konkret døme på korleis me kan styrkje nynorsken i randssonene.

For eit slikt vedtak kan utløyse mykje bra: Det vil bli meir nynorsk i administrasjonen sidan det staten skriv, vil kome på nynorsk, det vil kome nynorsk på Vinmonopolet og på Post i butikk, Vegvesenet vil måtte skilte på nynorsk, og valkorta før stortingsvala vil måtte sendast ut på nynorsk – berre for å nemne noko.

Her vonar eg dei lokale mållaga og fylkeslaga i slike område tek tak. Og me kan slå i bordet med mållova om rettane ikkje vert innfridde.

Det burde heller ikkje vere so vanskeleg. Det at staten skal bruke nynorsk i kontakt med og i kommunane, er ein rett for kommunane, og det er noko kommunane kan tvinge staten til å gjere. Altso: Ingen økonomiske forpliktingar og ingen andre krav til kommunane. Dette kan vere ein god start for å få på plass fleire nynorsktiltak og vonleg ein språkbruksplan på sikt.

So er det slik at ungdomen aldri vert heilt nøgd. Dei som har lese arbeidsprogrammet, ser at ein viss Fredrik Hope har teke totalt sju dissensar. Etter runden me tok på landsmøtet vårt, vert alle av dei, bortsett frå éin, oppretthaldne. Eg skal forklare kort bakgrunnen for dissensane:

Me vil ha inn organisasjonsbygging som ei ny hovudprioritering på linene 94 til 99 fordi me meiner at å styrkje organisasjonen er grunnleggjande viktig for at me skal få meir gjennomslag.

Me vil understreke at det folkelege kravet om nynorsk ikkje er noko som høyrer fortida til på line 122 til 125, og gjere det tydeleg at me må arbeide meir med folkeleg mobilisering for nynorsken.

Me vil at folkeregistert skal registrere morsmål for at det skal verte lettare å oppfylle dei språklege rettane til norske borgarar, på line 231. Sjå til Finland: Der registrerer alle borgarar sørvisspråk (svensk eller finsk) og morsmål. Dette er ei god ordning som gjev solid språkstatistikk.

Bakgrunnen for dissensane om offensive røystingar om språk i skulen på line 404 til 413, på line 440 til 442 og på line 452 til 454 er at det er ein god måte å få fleire nynorskbrukarar på om me sigrar, det er ein god måte å gjere nynorsken aktuell stader der han ikkje er frå før av, og skulle me tape, so tapar me berre skular som allereie har bokmål. Dessutan er det eit poeng å få inn skilnaden mellom offensive og defensive røystingar i programmet.

Dissensen om ekstrapoeng for nynorskelevar på line 504 til 506 er den einaste me vil trekkje. Me vil erstatte dissensen med eit strykingsforslag og stryke punktet på line 501 til 502. Me meiner det same som me har meint sidan 2013: Me tvilar på om ei slik ordning vil fungere i praksis, og me meiner at både nynorsk- og bokmålselevar skal lære seg begge språka skikkeleg. Det er prinsipielt problematisk at nynorskelevane skal premierast for å ha den kompetansen alle bør ha.

Og so har me mange andre gode framlegg:
Me vil at Mållaget skal setje seg mål om 15 000 medlemer og 10 fleire lokallag, få inn eit punkt om at Noregs Mållag er ein valkamporganisasjon, og satse på fleire unge vaksne tillitsvalde. Dessutan vil me ha betre balansen mellom tiltak som byggjer på språksikring, og dei som byggjer på jamstilling.

Det kan vere ei motsetjing mellom å satse på å jamstille nynorsk og bokmål, og å satse på å sikre nynorsken. Men det må ikkje vere det – og eg trur ambisjonen om å rette opp i falsk jamstilling er god. Eller sagt meir positivt – korleis kan me få til reell jamstilling? Me må ikkje gå so langt vekk frå prinsippet om at nynorsk og bokmål skal vere jamstilte skriftspråk i heile Noreg, at me mister dei sigrane jamstillingsstrategien har gjeve oss dei dei siste åra.

Difor vil me endre punktet om språklova på line 154–155: Noreg treng ei ny språklov som er laga for å fremja nynorsk, ikkje berre for å jamstilla nynorsk med bokmål. Eg meiner at dette kan mistolkast til at Noregs Mållag går vekk frå jamstillingsprinsippet. Me vil heller at det skal stå slik: Noreg treng ei ny språklov som er laga for å få til reell jamstillinga mellom nynorsk og bokmål. For å få til det må språklova fremja nynorsk.

På landsmøtet vårt vedtok me dessutan at me vil ha ei reell jamstillinga mellom nynorsk og bokmål inn i grunnlova, og denne politikken vil me no ha inn i arbeidsprogrammet til Noregs Mållag. Me trur at dette er ein god strategi for å styrkje den juridiske statusen til nynorsken, at det kan få fleire til å sjå at nynorsken er viktig, og at det kan styrkje den nynorske sjølvkjensla. I Finland si grunnlov står det at “Finlands nationalspråk är finska och svenska”. Kvifor står det ikkje i vår grunnlov at “Nynorsk og bokmål er jamstilte skriftspråk i Noreg”?

Mållaget er viktig for Norsk Målungdom, og me håpar jo at Norsk Målungdom er viktig for dykk. Grunnen er enkel: Me er framtida dykkar, og å verte ein del av mållaget er nok framtida til mange av oss. Me kjempar saman for det beste språket og eit sams mål: Meir nynorsk, dialekt og språkmangfald.

Takk for meg!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no