Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tale til Oddny Miljeteig

 (15.04.2018)

Tale for Oddny Miljeteig som ny heidersmedlem

Noregs Mållag har i dag desse heidersmedlemene: Olga Meyer, Guri Vesaas, Marie Lovise Widnes og Audun Heskestad. I år har styret utnemnt to nye heidersmedlemer. Den eine medlemen vert kunngjort i landsmøtesalen i morgon, den andre sit i salen i kveld.

I mars 1899 var det folkerøysting i Vinje kyrkje. Spørsmålet som kyrkjelyden skulle ta stilling til, var om dei skulle kaste ut den norsk-danske salmeboka og erstatte ho med nynorsksalmane til Elias Blix. Kvinnene i Vinje møtte fram til røystinga, men presten nekta dei å røyste. «Endå det var fleire opplyste menn i bygda som meinte dei skulle få stemme», som det heitte seg i eit avisreferat i etterkant.

Nynorsken vann med klar margin i Vinje kyrkje denne marssundagen i 1899. Men kvinnene i Vinje tykte at dette ikkje gjekk an lenger. Dei stifta ei lokal foreining for å få røysterett og vart dermed med i den lange kampen for kvinnelege røysterett i Noreg.

Det er eit langt tidssprang frå kvinnfolka i Vinje for hundre år sidan til ho vil skal utrope som heidersmedlemen i kveld. Men kanskje er ikkje spranget så stort? Er det ikkje slik at når de lèt att auga og prøver å sjå desse kvinnene for dykk, der på kyrkjebakken framfor Vinje kyrkje – ein kald vårdag i mars – så kan de skimte Oddny Miljeteig?

Oddny Miljeteig dukkar fyrst opp i historiebøkene til Mållaget i samband med vervekampanjen «Aksjon 4000» frå tidleg 80-tal, der ho og Åsmund Lien er omtala som generalar. Oddny var studieleiar i Noregs Mållag i tre år tidleg på 80-talet. Då ho gjekk av, sa den påtroppande studieleiaren Aud Søyland at Oddny hadde gjort såpass innsats at studieverksemda vart dobla, og det var blitt arbeid for to. Studieleiaren hadde òg som oppgåve å hjelpe til å byggje ut samskipnaden, såleis både å skipe nye lag og å rettleie og hjelpe lag som allereie var der. Sjefen hennar i desse åra, Olaf Almenningen, har sagt at «Oddny var ein kvervelvind til å arbeida. Ville ikkje laga arbeida, sende ho karamellar i konvoluttane».

Oddny Miljeteig skreiv seg tidleg inn i historiebøkene om Mållaget. Men det er norskfagsaka som gjorde henne til ei legende.

Norskfagsaka kom som ei politisk kule i januar 2012. Då gjekk dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen ut og sa at ho ville tone ned sidemålsundervisninga. Eller svekke sidemålsordninga, som Noregs Mållag kalla det. I løpet av nokre få morgontimar var saka i alle etermedium i Noreg.

På rådhuset i Bergen sat Oddny og var rådlaus, men ikkje mållaus. Ho gav raskt ut klare kommentarar om at kunnskapsministeren ikkje hadde støtte frå SV på Vestlandet. Men kva skulle ho no gjere? Der og då verva ho ein av dei SV-tilsette til Mållaget. Og jammen var det fleire andre som også ville vere med.

Staben til Noregs Mållag var av alle ting i Helsinki. Alle ordinære møteplanar vart lagde til sides. I løpet av fyrste døgnet steig innmeldingstala. Det var tydeleg at noko var i ferd med å skje.

I Bergen, ifølgje Oddny, «trilla dei fyrste 20 medlemene inn av seg sjølv». Så vart ho utfordra av dåverande journalist i VG, Kjetil Gillesvik: Dersom Oddny verva 100 medlemer til Mållaget, skulle ho få ei sak i VG. For å gjere ei lang historie kort: Det er ingen andre som har fått ei heilside i VG fordi dei vervar medlemer til Noregs Mållag.

Oddny sin vervekampanje er heilt utan sidestykke i Mållaget. Ein ting er at ho sjølv, personleg, verva over 540 medlemer til Mållaget. Tenk litt på det: verva 540 medlemer. Det  er eit heilt uforståeleg godt tal. Det andre, som er like viktig, er at ho skapte blest og glød rundt saka. Ho gav alle dei som ikkje vil at nynorsken skal setjast bort til pynt, eit eige språk: Er du for nynorsk, er du medlem i Mållaget.

Hausten 2016 vart det framforhandla ei avtale om ein eventuell ny Vestlandsregion (med Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane) utan nynorsk som administrasjonsspråk. Det skapte ei ny vervebølgje for Mållaget.

På grunn av sosiale medium har det dei siste åra blitt lettare å drive verving. Men det er ikkje tvil om at det engasjementet Oddny fyrte opp i 2012, var med å gje ein ny kveik for verving i Mållaget. Fleire har blitt modigare til å verve, og Mållaget har fått mange nye, stolte medlemer.  

Oddny Miljeteig har vore ein kjend fagrørsletillitsvald og SV-politikar i Bergen sidan slutten av 90-talet. Ho har i denne rolla som allmennpolitikar brukt mykje partipolitisk kapital på nynorsken. Ho var med på å få gjennom eit nynorskvedtak i Bergen i 2005. Det var lenge før nynorsk var noko i nærleiken av kult i Bergen. Det var vel eigentleg ganske traudig for målsaka, både i bystyret og i byen. Men det er det med Oddny Miljeteig at ho ikkje gjev seg. Ho held fram å gnage, og etter at ho eigenhendig nærast fekk til ei målpolitisk vekking i Bergen, har det snudd. Då Bergen bystyre drøfta og vedtok saka om «Kåra for nynorsk i Bergen – tiltak for nynorsk i Bergen» i februar, var Oddny framleis sjukmeld og følgde debatten frå galleriet. Då fekk ho og bystyret oppleve at både byrådsleiaren og fleire bystyrepolitikarar stod på talarstolen og såg til galleriet og til Oddny. Det var fint. Det var som at dei sa «Vi veit at dette er di forteneste». Dette lover godt no som ho er tilbake i jobben som aktiv bystyrepolitikar i Bergen.

Innanfor språkpolitikken skriv Eli Bjørhusdal om omgrepet raus rettferd. Det betyr at staten aktivt legg til rette for alle språkgrupper eller språklege mindretal på ein rettvis måte.

Språkpolitikken i Noreg praktiserer framleis ikkje raus rettferd, men det er nett raus rettferd som er den språkpolitikken Oddny Miljeteig står for.  

Om eg berre skulle bruke to ord for å skildre Oddny Miljeteig, ville eg bruke nett desse:  raus rettferd.

Takk for dei 540. Takk for at du gav oss sjølvkjensle og kampvilje når vi trong det som mest. Til lukke med heidersmedlemsskap i Noregs Mållag.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no