Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 10. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Olaf Almenningen er ny heidersmedlem

 (19.04.2018)

Foto: BUL i Oslo 

Styret i Noregs Mållag har utnemnt to nye heidersmedlemer, Olaf Almenningen og Oddny Miljeteig. Dei arbeidde mykje saman i Noregs Mållag tidleg på 1980-talet.

Olaf Almenningen kjem frå Voss og kom tidleg inn i organisert målarbeid. Han byrja å studere i Bergen og der vart han aktiv i Studentmållaget i Bergen. Han vart redaktør for eit blad dei kalla «Vestlandsfa’n». Så vart han nestleiar i Norsk Målungdom frå 1972 til 1973, og deretter dagleg leiar i Noregs Mållag i 1976 berre 29 år gamal. Han var i denne stillinga fram til 1987, med nokre studiepermisjonar innimellom. Der skreiv han hovudfagsoppgåva Målstrev og målvokster om framveksten av målrørsla frå 1905 til 1913. Oppgåva vart gitt ut på Samlaget i 1984.

I historieboka Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra finst det ein karakteristikk av Almenningen. Den karakteristikken gir eit inntrykk av korleis han må ha drive saka med stor S framover med stort mot og til og med med skjegget som pant:

«Den blide vossingen som har sett inn så mykje av krefter, omtanke og seig vilje for Noregs Mållag gjennom mange og harde arbeidsår, og som har hatt leiaransvaret som skrivar så lenge, hadde vore verd eit eige festskrift. Ingen har som Almenningen kunna Noregs Mållag ut og inn. Han har hatt ei kontaktflate utover i målrørsla som snautt nokon annan. Med det gode minnet sitt og den vitskaplege sansen for soge og systematikk har han arbeidt etter dei lange linene som han kjende betre enn andre. Med ein vaken sans for strategisk tenking, med ei sterk tru på saka og med vilje til å få ting gjorde sette han på sin stillslege måte djupe far etter seg. Eit ope sinn vendt mot andre menneske og god vilje låg under laget hans heile tida. Ein vaken sans for at målfolk må le gjorde også at han baud fram skjegget sitt som pant på at det og det ville skje, og han har stått fram på Karl Johan med fela under haka og med felekassa på bakken open for innkast til den gode saka. (I parentes er det verdt å nemne at han ikkje kan spela fele i det heile.)»

I 1969 vart røysteretten i skulemålsrøystingar endra til berre å gjelde foreldre eller føresette til born under 14 år, sett i kraft frå 1971. Etter mykje førearbeid (mellom anna eit møte med kyrkje- og undervisningsminister Kjell Magne Bondevik i 1984 der Olaf var med), vart det tatt opp i Stortinget i 1985, og skulelova vart endra. Som det står Mål og med. Noregs Mållag i 1980-åra: «Det rekna Noregs Mållag som ein viktig siger. I kor stor mon det til no har hatt noko å seia konkret for dei einskilde røystingane, veit vi likevel ikkje.» Og der kan vi i dag oppsummere at det har hatt svært mykje å seie.

I tida som skrivar i Noregs Mållag var han uvanleg profilert som offentleg debattant. Han var òg tidleg med på å samle inn store mengder data om skulemålsrøystingar.

Frå 1987 var Olaf redaktør i Norsk Ordbok der han har hatt stilling som professor. Dessutan har han eit hjarte som brenn for målføra i bygd og by. Frå hausten 1988 var han medlem av mållovsnemnda, som blant anna i 89–90 sende frå seg over 500 brev om mållovssaker og jamstellingskrav. Bergfinn Aabø var leiar – dei andre medlemene var Kåre Lilleholt, Einfrid Perstølen, Magne Rommetveit, Einar Stavang og Mattis Stavang.

Olaf Almenningen er ein stor kjennar av målreisingssoga og har gjort seg nytte av denne kunnskapen i fleire bøker, mellom anna den viktige Striden for nynorsk bruksmål, som han gav ut saman med Åsmund Lien i 1978 og «Målreising i 75 år – Noregs Mållag 1906–1981». Han har òg skrive bøker om BUL og Studentmållaget i Oslo, og han har skrive lærebøker i nynorsk.

Framleis er han ikkje berre eit namn frå fortida, men blir støtt og stadig nytta for å få informasjon om saker og samanhengar i målrørsla. Slik sett er han framleis eit godt ryggstø for oss som i dag arbeider for Mållaget. Det er ikkje ofte skrivarstova råkar opp for svar – men når vi gjer det, er løysinga som oftast: Nei, her er det nok best å ringe Olaf Almenningen!

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no