Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Høyring i Stortinget

Om framlegg til nye fylkesnamn

 (23.04.2018)

Tysdag 24. april møter Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag og Gro Morken Endresen, dagleg leiar i Noregs Mållag på høyring i Stortinget for å seie kva Mållaget meiner om framlegget til nye fylkesnamn frå regjeringa.

Det er Kommunal- og forvaltningskomiteen som inviterer til høyring


Høyringsnotat frå Noregs Mållag: 
Om endringar i inndelingslova (nye fylkesnamn): Fredag 6. april la regjeringa fram sitt syn på nye fylkesnamn i Noreg. På tvers av faglege råd og folkeleg motstand har regjeringa gått inn for namna «Vestland», «Innlandet» og «Viken».

Noregs Mållag reagerer sterkt både på desse framlegga og på saksbehandlinga. Regjeringa har brote utgreiingsinstruksen ved ikkje å sende saka på brei høyring, og regjeringa har heller ikkje høyrt på sitt eige sakkunnige organ i namnesaker, Språkrådet. Dette føyer seg inn i ei rekkje av saker der regjeringa har sett vekk frå råda til Språkrådet (som i fleire kommunenamn og OsloMet).

Til dei tre nye fylkesnamna har Språkrådet komme med gode og grundige tilrådingar, og Noregs Mållag meiner dette er gode framlegg. Vi meiner at det etter ei brei høyring bør vere mogeleg å finne gode alternativ mellom desse namna:

  • I staden for «Viken» bør det veljast «Vika», eller andre namn, som er i tråd med nedervd lokal uttale og dei lokale målføra.

  • I staden for «Innlandet» bør ein anten velje «Opplanda» eller «Hedmark og Oppland».

  • I staden for «Vestland» er både «Bjørgvin», Gula» og «Fjordane» langt betre enn «Vestland», som er eit særs uheldig namn.

Fylkesnamna er språklege kulturminne og må bli behandla som det. Å byte ut eit gamalt fylkesnamn med eit nytt når fylka ikkje har hatt ein forsvarleg fagleg prosess kring namnevala er fagleg uforsvarleg. I fylke etter fylke er namna blitt vedtatte heilt utan offentleg debatt i forkant og utan ei brei drøfting. Slik har namnevala blitt resultat av politiske kompromiss og fikse påfunn av politikarar utan kompetanse på feltet, med «Vestland» som det verste eksempelet.

Då dagens fylkesnamn blei vedtatte i 1918, var det resultat av eit større fagleg utgreiingsarbeid, ein grundig høyringsrunde og ein omfattande politisk prosess. Det er svært uheldig at  styresmaktene ikkje har prioritert dette i 2018.

Noregs Mållag krev at saka om nye fylkesnamn blir send på høyring før Stortinget gjer vedtak, og at det blir lagt stor vekt på namnefaglege råd i valet av nye fylkesnamn.

Valet av fylkesnamn har store konsekvensar. Namna er ikkje berre namn på fylkeskommunar, men er inndelingsnamn som går inn i allmenn språkbruk og som kan bli ståande i fleire hundre år.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no