Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Nesten ein halv million vil ha skattemeldinga på nynorsk

 (25.04.2018)

473.000 nordmenn ligg an til å ville levere skattemeldinga på nynorsk. Det er ny rekord.

– Det er gledeleg mange som vil ha skattemeldinga på nynorsk, og fleire bør det bli før april er omme, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han meiner tala viser at kravet om nynorsk står sterkt i Noreg.

Frist for godkjenning av skattemelding er 30. april, og mållagsleiaren bed alle som støttar nynorsken om å gå inn på fana «Opplysningar om personlege forhold o.a.» og velje «Nynorsk» i punkt 1.5.7.

– Dette er ein fin og enkel måte å gjere nynorsken synleg på, seier Magne Aasbrenn.

Han trur det kan vere store «mørketal»:

– Eg er òg sikker på at mange som elles skriv nynorsk, likevel har skattemeldinga på bokmål «av gammal vane». Dette er det svært lett å rette på.

Mållaget har fått statistikk frå Skattedirektoratet for 2016, og her er det mange gode og til dels oppsiktsvekkande tal. I Oslo var det i 2016 17.255 personar som ville ha nynorsk skattemelding. Det gjer Oslo til den nest største nynorskkommunen i landet etter Bergen, der 27.124 kravde nynorsk skattemelding. Om tredjeplassen knivar Stord og Voss, med høvesvis 11.404 og 10.222 nynorske skattebetalarar.

– Dette viser at det bur titusenvis av nynorskbrukarar i storbyane. Dei bør få møte språket sitt langt meir enn i dag, seier Magne Aasbrenn.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no