Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JULI 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Trygge møteplassar i Noregs Mållag

 (08.05.2018)

Noregs Mållag sentralt, og alle våre ulike lokale mållag, skal vere ein god stad å engasjere seg. Noregs Mållag skal vere ein trygg organisasjon. Norsk Målungdom deltek vanlegvis på tilskipingar i Mållaget, og vi har eit særleg ansvar for dei unge deltakarane. Alle tillitsvalde, aktive og tilsette har ansvar for å oppføre seg skikkeleg mot kvarandre og møte kvarandre med respekt.

Mot seksuell trakassering
Det skal ikkje vere seksuell trakassering i Noregs Mållag. I likestillingslova vert seksuell trakassering definert som uønskt seksuell merksemd som er plagsam for den som merksemda råkar. Det er altså korleis handlinga vert opplevd som avgjer om det er snakk om seksuell trakassering, ikkje intensjonen eller handlinga i seg sjølv.

Varsel om kritikkverdig åtferd
Det skal vere så enkelt som råd å varsle. Eit varsel kan innehalde mange typar bekymringar, alt frå underslag, grenseoverskridande åtferd, seksuell trakassering eller andre overgrep. Varsel skal meldast til næraste leiar i lokallaget eller fylkeslaget, og/eller til dagleg leiar i Noregs Mållag. Lagsleiar som tek mot varsel skal alltid varsle dagleg leiar så snart som råd.

Dersom du som leiar eller dagleg leiar tek imot eit varsel, har du ansvar for å undersøkje, så godt som råd er, innhaldet i varselet. Lagsleiar tek kontakt med dagleg leiar og saman vert de samde om kva som skal gjerast. Ut frå innhaldet i varselet tek dagleg leiar saka vidare. Det er viktig å ta omsyn til den svake parten i saka, i tillegg til å sørgje for å få fram og avklare alle sider og syn frå dei involverte i varselet. Leiar og dagleg leiar skal få skulering i korleis ta i mot og undersøkje innhald i varsel.

Handsaminga av varselet skal så langt som råd skriftfestast. Uansett utfall av varselet skal dagleg leiar loggføre saka, slik at ho ligg i arkivet. Reaksjonsmåte må avgjerast ut frå kor alvorleg hendinga er. Det kan vere ein samtale der den aktuelle leiaren eller dagleg leiar gjer det klart kva som er akseptabel åtferd i Mållaget, og krav om å be om orsaking eller andre reparerande tiltak. Det kan vere informasjon om saka til aktuell valnemnd og tiltak som krev styrevedtak om utestenging frå fellesarena i organisasjonen som landsmøte og konferansar. Noregs Mållag har ikkje eksklusjonsparagraf. Hendingar som er i strid med norsk lov, vert melde til politiet.

Nokre konkrete tiltak i høve tilskipingar:

1. Ansvarleg leiing. På alle tilskipingar i Noregs Mållag skal det vere rusfrie ansvarlege personar knytte til leiinga og som har eit særleg ansvar for å følgje opp unge medlemer og medlemer i Norsk Målungdom. Alle skal få informasjon om telefonnummer til desse ansvarlege.

2. Kjønnsdelte formøte. I høve større tilskipingar som landsmøte og konferansar skal sentrallekken jamleg leggje til rette for kjønnsdelte formøte både for kvinner og menn.

3. Rusfrie alternativ. Det sosiale fellesskapet er viktig i Mållaget. Det er viktig å invitere til tilskipingar utan alkoholbruk, og å ha eit medvite forhold til alkoholbruken på mållagstilskipingar der ein kan kjøpa alkohol. Noregs Mållag betaler ikkje alkohol for tillitsvalde og tilsette.

Trengst det meir detaljerte reglar, eller er det tvil i enkeltsaker, vert det lagt fram for styret i Noregs Mållag til vedtak.   

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no