Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Mediemangfald og NRK

 (25.05.2018)

Høyringssvar til rapporten frå Medietilsynet til Kulturdepartementet om NRKs bidrag til mediemangfaldet: 

Noregs Mållag takkar for innbedinga til å levere høyringssvar til rapporten «NRKs bidrag til mediemangfoldet», som er utarbeidd av Medietilsynet på oppdrag frå Kulturdepartementet. Noregs Mållag har i dag over 13.000 medlemer, og har i heile vår 112-årige fartstid engasjert oss sterkt for å fremje bruken av nynorsk og dialekt i norsk media. Dette er eit viktig bidrag til det norske mediemangfaldet som blir sett pris på av svært mange nordmenn.

Innleiing
Noregs Mållag takkar for innbedinga til å levere høyringssvar til rapporten ”NRKs bidrag til mediemangfoldet”, som er utarbeidd av Medietilsynet på oppdrag frå Kulturdepartementet. Noregs Mållag har i dag over 13.000 medlemer, og har i heile vår 112-årige fartstid engasjert oss sterkt for å fremje bruken av nynorsk og dialekt i norsk media. Dette er eit viktig bidrag til det norske mediemangfaldet som blir sett pris på av svært mange nordmenn.

Historie
I år er det 170 år sidan den fyrste teksten på landsmål stod på trykk i ei norsk avis. Det skjedde i Morgenbladet, og forfattaren var Ivar Aasen. Ti år seinare, i 1858, skipa 200-årsjubilanten Aasmund Olavsson Vinje avisa Dølen. Det skulle bli starten på ein lang og rik tradisjon: Ikkje berre fordi nynorsken skulle bli så framgangsrik i aviser og etter kvart i radio og på tv, men òg fordi Vinje skipa den heilt særeigne tradisjonen med den nynorske journalistikken. Det tvisynte blikket som gjerne ser det andre ikkje ser, som ikkje går av vegen for humor og som har ståstad utanfor det etablerte, har vore eitt av bidraga frå nynorsktradisjonen til fellesskapen. Nynorsken fekk tidleg rom i NRK, og fleire generasjonar nordmenn har vakse opp med nynorsk og dialekt på skjerm og i radio. Dette har vore svært viktig for at nynorsken skal ha status som eitt av to jamstilte nasjonalspråk i Noreg.

Stoda i dag
I dag finst det om lag 50 aviser som blir redigerte på nynorsk i Noreg. I tillegg kjem det ut ei lang rekkje lokal-, region- og riksaviser som nyttar nynorsk og bokmål side om side. Til saman er om lag kvar fjerde avis redigert på nynorsk. NRK er ein svært viktig leverandør av godt innhald på nynorsk, ikkje minst til dei yngste. Også TV2 har heilt sidan starten synt at nynorsk og dialekt slett ikkje er noka ulempe for ein kommersiell kringkastar, samtidig som teksting på nynorsk nærmast er fråverande på kanalen. Tv2.no nyttar heller ikkje nynorsk i dag. I tillegg dukkar det stadig opp nye nettaviser som er heilt eller delvis redigerte på nynorsk. Alt i alt er mediefeltet eit av dei områda der nynorsken står sterkast i dag, og vi ser stadig nye gjennomslag: Våren 2017 erklærte VG-redaktør Gard Steiro at avisa ikkje lenger skulle ha eit redaksjonelt forbod mot nynorsk, slik Dagbladet, Aftenposten, Dagens Næringsliv og fleire andre riksaviser framleis har.

Den positive utviklinga syner at nordmenn gjerne vil lese og høyre nynorsk i aviser, blad, tv, radio og på nett. Dette er avgjerande for at dei mange hundre tusen som skriv nynorsk, skal få møte sitt eige språk. Det er også viktig for alle dei som lærer nynorsk som sidemål – og for alle nordmenn, ettersom alle bur i eit fleirspråkleg land. Å få møte nynorsk aukar både forståinga og aksepten.

Mediebransjen
I dag står norsk og internasjonal mediebransje midt oppe i ei av dei verste krisene bransjen har sett – kanskje den verste. Det er framleis ikkje klart kva som vil vere resultatet av denne krisa, eller kva tid ho vil gå over. Noregs Mållag meiner det er svært viktig at krisa ikkje fører til ei meir einsretta norsk presse – heller ikkje språkleg. Staten har høve til å ta ei rekkje grep for at alle dei som ønskjer nynorsk journalistikk, skal få høve til det også i framtida.

Rapporten
Slik Noregs Mållag ser det, gjev rapporten eit relativt godt bilete av viktige sider ved stoda for mediemangfaldet i Noreg. Det viktigaste å understreke, og som vil vere førande for dei kommentarane Noregs Mållag har, er at språkleg mangfald alltid må reknast til kjernen av kva mediemangfald er. Konsekvensen av eit slikt syn er at ein må drive ein mediepolitikk som har som uttalt mål å fremje det språklege mangfaldet. Store delar av grunngjevinga for produksjonstilskot (pressestøtte), litteratur- og tidsskriftstøtte og ikkje minst kringkastingsavgifta handlar nettopp om å gje eit norskspråkleg tilbod på både bokmål, nynorsk og dialekt. For NRK er det òg viktig at kanalen gjev eit rikt tilbod av journalistikk på samisk. 600 000 nynorskbrukarar opplever kvar dag å få språket sitt sensurert i fleire av dei største avisene i landet. Mållaget ser dette som ein heilt uakseptabel situasjon.

Mediemangfald
Rapporten frå Medietilsynet gjev i avsnitt 3.1.2 ein definisjon av kva mediemangfald er. Tilsynet skil mellom avsendar-, innhalds- og bruksmangfald. Det er bra at tilsynet meiner ”eierskapsregulering og støtteordninger til samisk medieproduksjoner og språklige minoriteter (er) eksempler på tiltak som skal sikre avsendermangfold”. Noregs Mållag meiner likevel at tilhøvet mellom dei jamstilte skriftspråka bokmål og nynorsk må vere eksplisitt nemnt som ein del av mangfaldsomgrepet.

Nynorsk
Innhaldsanalysen viser at NRK bruker svært mykje meir nynorsk enn dei andre riksdekkjande redaksjonane. Analysen frå Sjøvaag og Pedersen viser at NRK i det undersøkte materialet bruker fire gonger meir nynorsk enn andre medium gjer. Dette er ikkje overraskande tal, men ein direkte konsekvens av at mange av dei andre store mediehusa i Noreg har eit uttalt forbod mot redaksjonell bruk av nynorsk. På dette området er med andre ord NRK heilt avgjerande for at det skal eksistere eit språkleg mangfald – forstått som at både nynorsk og bokmål er til stades som bruksspråk i riksdekkjande medium. Noregs Mållag meiner det er positivt at rapporten frå Medietilsynet konkret har undersøkt stoda for nynorsk som redaksjonelt språk. Dette blei ikkje gjort i NOU-en om mediemangfald (Åmås-utvalet), noko som gjer den lite eigna til å forstå breidda i mediemangfaldet her til lands. Eittspråkleg journalistikk i eit fleirspråkleg land gjev ikkje særleg til mangfald.

Konkurranse
Medietilsynet finn ikkje at NRK er ein konkurrent til andre medium når det gjeld betalingsvilje for journalistikk. Samstundes melder enkeltredaksjonar frå om det motsette. Noregs Mållag meiner det er grunn til å lytte til desse stemmene vidare i prosessen. Det er viktig ikkje å drive NRK på ein slik måte at det blir vanskelegare å vere lokal- eller regionalavis, som er mediehusa der vi finn mest nynorsk utanfor NRK.

Riksdekkjande journalistikk
Rapporten viser òg at NRK skil seg frå dei andre store mediehusa ved å dekkje Noreg utanfor hovudstaden langt grundigare. Grunnen er sjølvsagt fylkeskontora, og desse bør bli styrkte i åra som kjem. Det er også i stor grad desse, særleg NRK Sogn og Fjordane, som bidreg til at nynorskprosenten i NRK faktisk er så høg som han er. NRK Sogn og Fjordane arbeider no med planar om eit nytt, felles hus for dei, Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og fleire andre. Målet er å bli eit kraftsentrum for journalistikk på nynorsk. Desse planane bør få støtte, all den tid dei vil vere svært viktige for det språklege mediemangfaldet i Noreg. Det vil med andre ord vere heilt uhaldbart om fylkessamanslåingane førte til at lokalkontor blei lagde ned.

Tiltak
Rapporten peikar vidare på tiltak som er naudsynte for å halde oppe og fremje nynorskbruken i NRK. Her vil Noregs Mållag særleg peike på NRK Nynorsk mediesenter i Førde, som gjer ein uvurderleg jobb med å utdanne nynorskjournalistar for heile kanalen. I tillegg har NRK i dag ein eigen tiltaksplan for å auke nynorskbruken. Som rapporten heilt korrekt viser, klarer ikkje NRK i dag å nå målet om at både bokmål og nynorsk skal vere representerte med minst 25 prosent i alle kanalar og på alle plattformer. Det er viktig at NRK prioriterer tiltaka for å gjere noko med denne stoda. Særleg vil Noregs Mållag peike på at NRK bruker for lite nynorsk på nettstaden www.nrk.no. NRK bør få eit tydelegare formulert krav om meir nynorsk her. Det er òg viktig at NRK Super bruker mykje nynorsk på alle plattformer.

Dersom Medietilsynet skal utvikle ein modell for ein mediemangfaldsrekneskap, slik tilsynet gjer framlegg om, må språkbruk vere ein del av denne modellen frå starten.

Oppsummert:

  • All mediepolitikk må ha språkleg mangfald som mål. Dermed er det særleg viktig å arbeide for å styrkje lokal- og regionalavisene, i tillegg til NRK. NRK er svært viktig for det språklege mediemangfaldet i Noreg, både når det gjeld nynorsk, dialekt og samisk.
  • Bygg inn språkleg mangfald i modellen for mediemangfaldsrekneskap.
  • Det er svært viktig at NRK bruker ressursar på å nå måla i tiltaksplanen for nynorsk, ikkje minst på nett og retta mot dei yngre aldersgruppene.
  • NRK må styrkje lokalkontora og opplæringsinstitusjonen NRK Nynorsk Mediesenter i åra framover.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no