Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. OKTOBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Aftenposten opnar for nynorsk

 (28.05.2018)

I dag fekk Aftenposten og sjefredaktør Espen Egil Hansen Målblome frå Noregs Mållag.

– Det er fordi Aftenposten har vedteke nye språkreglar som tek eit langt steg i retning av å tillate nynorsk på redaksjonell plass, smiler Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Saman med kulturredaktør Sarah Sørheim tok Espen Egil Hansen imot blome og diplom som eit synleg prov på at Noregs Mållag er svært glade for dei nye retningslinjene i Noregs største avis. 

Espen Egil Hansen sette tydeleg pris på merksemda. Han understreka at moderat bokmål framleis skal vere viktigaste språket i avisa, og at nynorsk også i framtida vil vere unnataket.

Han sa at dei nye retningslinjene er ei skriftfesting av ein praksis avisa har blitt styrt etter i fleire år, og at dei kjem som ein konsekvens av samarbeidet med Bergens Tidende, av ein ny generasjon journalistar og at mediekvardagen er blitt meir mangfaldig.   

– Dessutan vil eg hevde at det i 2018 vil vere umoderne å ha eit absolutt forbod mot nynorsk på redaksjonell plass, seier Espen Egil Hansen.

Grunngjeving for Målblomen: 
I Noregs Mållag er vi overtydde om at nynorsk kan nyttast til alt slags stoff i pressa, og vi er svært glade for at Aftenposten nå har endra retningslinjer for bruken av bokmål og nynorsk. I dei nye reglane står det at Aftenpostens medarbeidarar i enkeltståande kommentarar, reportasjar og intervju kan bruke nynorsk, og det blir innført ein hovudregel om at innkjøpte artiklar frå andre Schibsted-aviser ikkje skal setjast om til bokmål. Det er ei historisk opning for nynorsken i landets største avis og ein milestolpe i arbeidet vårt i Noregs Mållag. 

Dei siste åra har vi opplevd at murane mot å bruke nynorsk skriftmål i alle samanhengar har blitt lågare over heile landet. I fjor opna VG for bruk av nynorsk i enkeltståande artiklar, og seinast sist veke rapporterte redaktør Gard Steiro at det berre hadde gitt positive tilbakemeldingar frå lesarane. 

Når også landets største avis opnar for nynorsk, viser det i praksis at både bokmål og nynorsk er offisielle norske skriftspråk. Dette har mange positive sider ved seg. Det aukar motivasjonen for å lære nynorsk hos skuleelevar over heile landet, ikkje minst i dei såkalla nynorskområda. Det vil vere ei tilskunding for andre bokmålsdominerte aviser, som Dagbladet, til også endeleg å sleppe nynorsken til. Det hindrar at nynorskskrivande journalistar i Stavanger Aftenblad og Bergens Tidende får oppleve at den journalistiske integriteten deira blir redusert ved at dei «må» omsetjast til bokmål. Og kanskje viktigast av alt for mediehuset sjølv, er det at dei nye, språklege retningslinjene aukar Aftenposten sin integritet som liberal og open avis som skal dekke det som skjer over heile landet. Sjølv om ikkje dei nye språkreglane er ei full opning for nynorsk, vonar vi at erfaringane på sikt vil tilseie ei endå meir omfattande liberalisering.

***

Retningslinjer for bruk av bokmål og nynorsk i Aftenposten.
1. Aftenpostens hovedspråk er moderat bokmål (Norsk ordbok, Kunnskapsforlaget). Det skal som hovedregel brukes av alle avisens medarbeidere.

2. Innsendte debattinnlegg og kronikker skal publiseres i den målform innsenderen selv har valgt. Det samme gjelder bidrag fra anmeldere og kommentatorer som ikke er ansatt i Aftenposten. Innlegg på nynorsk bør justeres i tråd med normen i Nynorskordboka, UiB/UiO/Språkrådet. Innlegg på bokmål skal følge Aftenpostens språknorm.

3. Nynorsk kan brukes av Aftenpostens medarbeidere i enkeltstående kommentarer, reportasjer og intervjuer. Denne bruken skal avklares med linjeredaktør.

4. Innkjøpte nynorsktekster og saker som våre samarbeidsaviser har skrevet på nynorsk, skal som hovedregel ikke oversettes til bokmål. Tekstene bør justeres i tråd med normen i Nynorskordboka.

5. Førsteside-/fronthenvisninger til nynorsktekster skrives på moderat bokmål. Sitater gjengis på nynorsk.

6. Det kan finnes unntak fra disse reglene. Slike unntak skal alltid drøftes med sjefredaktør.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no