Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JUNI 2018 Information in english


Nyhende Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Program Arbeidsprogram Prinsipprogram Internasjonalt program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Arbeidsprogram 2018-2022

Arbeidsprogram: Nynorsk for alle

1. Den målpolitiske stoda
– Kvar står me no?

Stoda
Stoda for nynorsk i dag er delt. Statusen og bruken har styrkt seg der nynorsken er mest brukt, i kjerneområda, medan presset aukar og språkskiftet er stort i randsonene, i utkantane av kjerneområda. Samstundes har fleire riksaviser forsiktig opna for nynorsk i spaltene, og nynorsk er meir synleg på fleire domene.

Nynorsk er konsolidert i kjerneområde. Dette området går frå Sunnmøre i nord til Jæren i sør, og det inkluderer Vest-Telemark, Ottadalen og øvre delar av Valdres i aust. I randsonene i Agder-fylka, Telemark, Hallingdal, Valdres, Nord-Gudbrandsdalen, på Nordmøre, i Romsdal og rundt byane på Vestlandet er det større press på nynorsken. Det kjem til nye nynorskbrukarar gjennom grunnskulen i alle vestlandsfylka, i agderfylka, i Oppland, Buskerud og Telemark.

Kjerneområda er kjenneteikna av lågt språkskifte frå nynorsk til bokmål på ungdomstrinnet og/eller i vidaregåande og av mykje nynorskbruk i ålmenta. På desse stadene vert nynorsk opplevd som det lokale språket. Nynorsk har ein samfunnsberande funksjon der alle kommunale, regionale og mange statlege funksjonar nyttar nynorsk.

Dei nynorske randsonene er prega av stort språkskifte i ungdomsskulen eller i vidaregåande, alt etter når nynorskelevane hamnar i mindretal. Særleg kring vestlandsbyane er desse områda òg prega av eit stort innslag av bokmål i grunnskulen, grunna større og fleire bokmålsklassar på nynorskskular. Randsonene er sette saman av både nynorskkommunar og språknøytrale kommunar. I desse områda ser folk mykje mindre nynorsk rundt seg, og det er lite nynorsk i lagsliv og næringsliv. Utanfor dette området er nynorsk i sporadisk bruk, truleg mest i dei store byane, men det finst nynorskbrukarar over alt i Noreg, og nynorsk er eit bruksspråk i heile landet.

Nynorsk er eit språk for heile Noreg, med eit ankerfeste i kjerneområda. Dette området, der det er i dagleg bruk og fungerer som eit nasjonalmål, er på storleik med eit middels stort europeisk land. Nynorsk har vorte eit sterkt regionalspråk. Ulikt dei fleste andre land med fleirspråksituasjonar, er det òg eit nasjonalt språk for alle som bur i Noreg.

Store demografiske endringar i Noreg gjer at flyttestraumen går mot bokmålsområda i og rundt dei store byane. Difor går prosenten elevar med nynorsk opplæringsmål ned, sjølv om det absolutte talet på elevar er relativt stabilt. I 2016 auka talet på nynorskelevar, mykje grunna folketalsvekst i dei bynære områda på Vestlandet. Kring dei store vestlandsbyane aukar talet på nynorskelevar somme stader, men det er òg her nynorsk er mest utsett.

Eit sterkt kjerneområde styrkjer nynorsken som nasjonalspråk. Dei språklege rettane til nynorskbrukarane i heile Noreg har sterk legitimitet frå eit stort område der folk samla er viljuge til å krevja rettane sine. Kjerneområda og nynorskbrukarane utanfor kjerneområda er gjensidig avhengige av kvarandre. Utan folk over heile Noreg som bruker og arbeider for meir nynorsk, vil offisielle språkrettar og statusen til nynorsk som offisielt språk vera utsette.

Stoda i dag er òg prega av at situasjonen for nynorsk på mange område er betre enn før. Det er mindre eksplisitt motstand, og nynorsk er mellom anna i ferd med å få innpass i dei store riksavisene. Dei fleste partia har styrkt målpolitikken sin dei seinare åra.

Digitalisering, språkteknologi og endring i medievanar vil endra måten me både møter og bruker språk på. Utviklinga på desse områda må òg endra korleis Noregs Mållag tenkjer politisk om mange emne. I dag er det for lite kunnskap i Noregs Mållag, både lokalt og sentralt, om korleis slike endringar vil påverka kvardagen for nynorskbrukarane. Noregs Mållag må i åra som kjem, skaffa seg betre oversyn og utvikla ny politikk her.

Me bør skilja mellom den vesle og den store målpolitikken. Den vesle målpolitikken er lovgjeving og stimuleringsordningar som tek målretta sikte på å verna nynorskbrukarar og vega opp for mindretalsulempene. Døme på dette er læreboktilskot, mållova og tilskot til nynorsktiltak. Den store målpolitikken er all annan politikk som har språkpolitiske effektar, som mykje av distriktspolitikken, kommunepolitikken og delar av utdanningspolitikken som ikkje har direkte med språk å gjera. Noregs Mållag kan ikkje ha ei meining om alle sider ved den store språkpolitikken. Det kan likevel vera nyttig å ha ein betre analyse av korleis større straumdrag i samfunnet påverkar målstoda.

Alle har ein rett til å møta nynorsk i kvardagen, uavhengig av om ein er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar. Utgangspunktet må vera at alle har rett til å møta heile den norske skriftkulturen. Nynorsk er eit språk med ein eigenverdi, både som samnemnar for norske talemål og som eit sjølvstendig skriftspråk.

I nokre situasjonar og i nokre område er det krevjande å vera nynorskbrukar i Noreg. Jamstillingspolitikken har ikkje kunna bøta på dette, og det har oppstått ei «falsk jamstilling» som reproduserer den rådande ubalansen. For å sikra dei mest utsette nynorskbrukarane må me leita etter tiltak som er sterkare enn dagens jamstillingspolitikk.

Arbeidsprogrammet legg dette til grunn for måla og tiltaka dei neste fire åra. Mange av måla i dette programmet er truleg urealistiske å nå på fire år. Det er likevel rett å formulera klåre målsetnader på kvart felt for kva som faktisk må til for å gje ei positiv endring.

Hovudprioriteringar for fireårsperioden
I denne fireårsperioden har Noregs Mållag desse fem hovudprioriteringane:

1. Den digitale skulekvardagen skal vera nynorsk.
Noregs Mållag skal gjennom kampanjearbeid og politisk påverknad syta for at nynorskelevane møter språket sitt gjennom heile skulekvardagen, anten opplæringa skjer på skjerm, tavle eller i bok.

2. Nynorsken skal tena på omorganiseringa av kommunar, fylke og stat.
Det norske samfunnet går for tida gjennom store strukturreformer. Det er viktig at ingen slike reformer slår negativt ut for nynorskbrukarane. Tvert om bør slike reformer vera eit høve til å innføra tydelegare regelverk og betre rettar.

3. Barn og unge i nynorskområde skal møta nynorsk frå barnehagen og i heile utdanningsløpet.
For mange barnehageungar og elevar møter vaksne som kan nynorsk for dårleg. Nynorskopplæringa i lærarutdanningane for barnehage, grunnskule og vidaregåande skule må difor styrkjast. Her trengst det fleire endringar i det sentrale regelverket, men òg kurs, inspirasjonsdagar og andre lokale tiltak.

4. Noreg skal få ei satsing på språkleg jamstilt teknologi.
Det nynorske språksamfunnet er i ferd med å verta gjennomdigitalisert. I utvikling og bruk av digitalisering må det sikrast på alle aktuelle område at nynorsken får sin rettkomne plass.

5. Noregs Mållag skal verta ein sterkare politisk organisasjon
Noregs Mållag skal byggja ein sterkare organisasjon som stør nynorsken der han finst, og samstundes ryddar nye vegar for nynorsken. I denne perioden skal Noregs Mållag skipa opp att sovande lokallag, skipa fleire lokallag og driva med leiarskulering, særleg med sikte på meir politisk arbeid i lokallaga.

 

2. Organiseringa av Noreg
Staten Noreg har i dag ikkje eit eige formulert ynske om å ta særskilt vare på nynorsk, berre å jamstilla det med bokmål. Staten har ei anna haldning til nynorsk enn til samisk. Det er ålment godteke både i det norske og det samiske samfunnet at samisk språk har ein eigenverdi. Det finst difor lover og forskrifter som skal sikra framtida for samisk, og det vert løyvt pengar og oppretta institusjonar med tanke på utviklinga av samisk språk. Å ta vare på, sikra og utvikla nynorsken er derimot i stor grad ei oppgåve for språkpolitiske aktørar. Staten ser på seg sjølv som «nøytral» i språkspørsmålet. Offisiell norsk språkpolitikk fremjar difor sjeldan nynorsk ut over målsetnaden om jamstilling. Målrørsla må krevja positiv diskriminering i favør av nynorsk.

Nynorsk er røysta inn i skulekrinsane som utgjer det me kan kalla «nynorskområdet». Han har altså folkeleg oppslutnad og legitimitet her. Likevel er dette nynorskområdet tufta på juridisk og politisk skøyre ordningar. Med såkalla simpelt fleirtal kan kommunar eller fylke frå éin dag til ein annan gå frå å verta administrerte på nynorsk til å verta nøytrale, altså ikkje ha noko krav om målbruk.  

Det er for tida store endringar i struktureringa av Noreg. Her ser me ei sentralisering inn mot storbyane og ei indre regionalisering, både gjennom regionreforma og kommunereforma. Dette får konsekvensar for nynorsken og nynorskbrukaren, men slike store endringar må ikkje skje på tvers av det folkelege kravet om nynorsk.

Staten
Staten har ansvar for å ta vare på og halda oppe både nynorsk og bokmål som skriftspråk. Det tydelegaste uttrykket for dette ansvaret er lov om målbruk i offentleg teneste, altså mållova.

Mållova sikrar eit visst omfang av nynorskbruk frå staten og at det er folket, i staden for byråkratane, som avgjer kva språk staten skal ytra seg på. Slik sikrar mållova at den store skriftspråkprodusenten staten, og alle hans greiner, også produserer nynorsk.

Mållova er laga i ei tid då Noreg såg annleis ut enn i dag, før digitaliseringa av offentleg informasjon. Med internett og stor tilgang på offentleg informasjon trengst ei modernisering av mållova som sikrar at denne informasjonen finst på både nynorsk og bokmål.

Privatisering og utsetjing av offentlege tenester i eigne selskap gjer at færre av dei store institusjonane må bruka nynorsk. Noregs Mållag har inga meining om sjølve eigarskapsmodellen, men ein etat kan ikkje slutta å skriva nynorsk berre fordi han vert gjort om til eit aksjeselskap. Det same gjeld offentlege verksemder som vert delprivatiserte. Det er meldt at kulturministeren vil ha ei språklov i Noreg. Noregs Mållag skal arbeida for at denne fremjar nynorsk og at dagens mållov vert styrkt, heller enn svekt.

Noregs Mållag meiner:

  • Alle statlege verksemder og aksjeselskap skal følgja mållova. Selskap der staten eig meir enn 50,5 av lutane skal vera underlagde mållova og ei framtidig språklov. Mållova skal ikkje kunna utholast gjennom at staten endrar eigarskapsmodellen.
  • Kravet til veksling mellom bokmål og nynorsk i utetterretta informasjon må spegla den nye digitale røynda. Mållova må vera plattformnøytral.
  • Statlege nettstader må veksla 50/50 mellom nynorsk og bokmål på same nettstad.
  • Å bryta mållova skal føra til sanksjonar. Dette kan vera dagbøter til etaten som står bak lovbrotet.
  • Noregs Mållag krev at alle statsorgan skal ha eigne tilsette som har til ansvar å syta for at reglane om målbruk i offentlege teneste, vert følgde.
  • Noreg treng ei ny språklov som er laga for å få til reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål. For å få til det må språklova fremja nynorsk.
  • Stortinget må grunnlovsfesta ei reell jamstilling mellom nynorsk og bokmål.

Fylka og regionane
Språket i fylkeskommunane og i fylkeskommunale føretak er ikkje regulert av mållova. Språkbruken følgjer av politiske vedtak. Dei regionale statsføretaka som helseføretak, tingrettar og liknande ligg under mållova.

Noreg er i ferd med å få ein ny fylkesstruktur. Noregs Mållag sentralt skal saman med dei aktuelle fylkesmållaga arbeida mot at nynorskbrukarane møter mindre av språket sitt etter samanslåingane – dei bør heller møta meir. Det er særleg viktig å syta for at den vidaregåande opplæringa i desse fylka gjev eit minst like godt tilbod til nynorskelevane i framtida som i dag. I framtida er det meininga at fleire statlege regioninndelingar skal følgja grensene til dei nye regionane. Krav til målbruk kan då endra seg fordi det språklege fleirtalet i regionen kan vera annleis enn i dei noverande fylka.  

Noregs Mållag meiner:

  • Nynorskbrukarane må tena på omorganiseringa av kommunar, fylke og stat.
  • Dei fylka som i dag har store nynorske mindretal, må forplikta seg i språkbruksplanar på korleis dei stør opp om nynorskbrukarane i regionen eller fylket.
  • Nynorskfylka og regionane må styrkja marknadsmakta si gjennom å systematisera nynorskkrav i alle innkjøp, både i opplæringssektoren og utanfor.

Kommunane
Nynorskkommunane er svært viktige for å halda det nynorske skriftspråket oppe og å hegna om det. Kommunane er store skriftspråkprodusentar og utgjer ei viktig motvekt til det dominerande bokmålet. Slik bidreg nynorskkommunane til at nynorskbrukarane ser språket sitt brukt og til at nynorsk er eit levande bruksspråk. Nynorskkommunane hegnar om nynorsken, området og dei andre nynorskinstitusjonane innanfor grensene og gjer nynorskbruk enklare for alle.

Trass i at situasjonen er veldig annleis i kjerneområda enn i resten av landet, er dei nynorske institusjonane og nynorskområdet forbausande stabile. Likevel aukar det individuelle presset på nynorskbrukaren i utkantane av området. Det får konsekvensar for statusen til nynorsk og for kor mykje nynorsk nynorskbrukarane vert eksponerte for.

I dag er nynorsken sikra plass og status i kommunane gjennom fleirtalsvedtak om kva språk staten skal venda seg til kommunane på og administrasjonsmålet (kva språk kommunane skal administrerast på). Vedtaka gjeld til nye vert gjorde, med enkelt fleirtal. Det gjer den institusjonelle basen for nynorsk skøyr. Sjølv om det er få slike vedtaksendringar, vil det seia at nynorsken i somme område er utsett. Til samanlikning er det samiske språket sikra i fleire internasjonale konvensjonar og i Grunnlova. Det er difor langt meir omfemnande og vanskeleg å svekkja rettsgrunnlaget for samisk enn for nynorsk.

Den kommunale sjølvråderetten står svært sterkt i Noreg, og kommunane rår seg sjølve i språkspørsmål som ikkje er omfatta av opplæringslova. I paragraf 5 i mållova står det at kommunane kan gjera vedtak om kva språk staten skal venda seg til dei på. Utan slikt vedtak vert dei rekna som språknøytrale. At dei fleste kommunar òg held seg med eit vedtak om administrasjonsmål, må meir reknast som eit utslag av sedvane.

Noregs Mållag meiner:

  • Kommunane må ta større ansvar for nynorsk gjennom positive vedtak om nynorsk tenestemål, og gjennom språkbruksplanar som forpliktar dei som nynorskkommune og gjer det vanskelegare å svekkja statusen til nynorsk i kommunane.
  • Staten må kunna føra tilsyn med at innbyggjarane får oppfylt rettane sine og at nynorsken er i bruk.
  • Det skal gjerast meir attraktivt å vera ein nynorskkommune, til dømes gjennom økonomiske insentiv.
  • Alle interkommunale selskap og andre kommunale verksemder må vera omfatta av same krava.
  • Staten skal bidra til at det vert lettare å vera nynorskkommune gjennom å sikra at det finst programvare på båe språk, at anbodsutlysingar sikrar tenester på båe språk og etterutdanning for tilsette som treng meir nynorskkompetanse. Alt dette får kommunar som bruker mest bokmål, utan å måtta arbeida for det.
  • Staten bør greia ut korleis kommunane følgjer opp dei språklege interessene og rettane til innbyggjarane sine.
  • Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) er ein viktig premissleverandør og må sikrast trygge økonomiske rammevilkår.
  • Det er viktig at ingen slike reformer slår negativt ut for nynorskbrukarane eller for minoritetsspråksbrukarane.

Folkeregisteret
Folkeregisteret gjev høve til å registrera språkvalet til alle innbyggjarar. Det gjer det lettare for det offentlege å kommunisera med folk på nynorsk. Det skal stå i folkeregisteret kva av dei offisielle språka folk ønskjer å verta møtt på. Utgangspunktet må vera kva språk kommunen har valt, men informasjonen må kunna endrast av einskildborgarar seinare.

Noregs Mållag meiner:

  • Eit meir moderne folkeregister gjev staten eit langt betre høve til å møta nynorskbrukarane på språket sitt. Dette høvet må staten utnytta.

Språkteknologi
Utviklinga av språkteknologisk programvare har i aukande grad innverknad på språktilhøva i Noreg. Teknologien vil koma dit at stadig fleire funksjonar rundt oss vert styrte av taleteknologi. Det kan innebera, om avgjerdene vert overlatne til marknaden åleine, den største talemålsnormeringa sidan radioen kom.

Sidan marknaden rår, må nynorskbrukarane vera synlege på statistikkane til selskapa som styrer marknaden. Politisk press på dei store selskapa og på dei store prosjekta som skal arbeida med språkteknologi i Noreg, er viktig. Produsentar av språkteknologi må sjå på det som eit konkurransefortrinn å bruka nynorsk i produkta sine. Den nynorske ordbanken må vera kvalitetssikra for at slik teknologi skal ta i bruk båe dei to norske språka.

Noregs Mållag meiner:

  • Staten må ta ansvaret for at tilgjengeleg språkteknologi vert like breitt utvikla for nynorsk som for bokmål. Dei burde også jobba for utviklinga av samisk og kvensk språkteknologi.
  • Noreg må få taleattkjenningsteknologi som forstår dialektar.
  • Staten må ta kostnadene ved å utvikla ein nynorsk ordbank til bruk for språkteknologiske nyvinningar.
  • Kvalitetssikra maskinomsetjing til nynorsk kan spara det offentlege for svært store utgifter, samstundes som det kan innfri viktige rettar for nynorskbrukarane.
  • Språksamlingane ved Universitetet i Bergen må få ei nøkkelrolle i utviklinga av jamstilt språkteknologi.

 

3. Sivilsamfunnet

Partane i arbeidslivet
Å sjå nynorsk i bruk rundt seg er viktig for at det skal vera lettare å bruka nynorsk. Der nynorsk er mykje brukt, har han høgare status. Difor er det viktig at partane i arbeidslivet nyttar nynorsk systematisk. Dei siste åra har Noregs Mållag arbeidd særleg med LO for å bidra til at dei nyttar meir nynorsk i den skriftlege kommunikasjonen sin. Me har tru på at dette arbeidet er viktig for arbeidstakarane sin rett til å bruka sitt eige språk i arbeidet sitt. Noregs Mållag vil utvida dette arbeidet med å ta kontakt med dei andre hovudorganisasjonane, både på arbeidsgjevar- og arbeidstakarsida. Det er viktig at alle organisasjonane ser nytta av å samarbeida for å auka nynorskbruken i arbeidslivet.

Noregs Mållag meiner:

  • Det er viktig å halda fram arbeidet i LO sentralt, lokalt og ute i forbunda for at LO skal bruka meir nynorsk og for at LO skal fremja viktige målkrav ute i samfunnet.
  • Lokallag og fylkeslag søkjer, der dette er naturleg, samarbeid med fagrørsla og arbeidsgjevarar for å styrkja nynorsken. Gode røynsler vert melde inn til Noregs Mållag sentralt.
  • Noregs Mållag oppmodar partane i arbeidslivet om å gje ut dei sentrale avtalane sine på nynorsk.

Friviljuge organisasjonar
I Noreg har me eit breitt spekter av friviljuge organisasjonar. Alle delar av befolkninga, i heile landet, er engasjert i ulike typar lag og foreiningar. Det potensialet vil Noregs Mållag nytta for å få fleire organisasjonar til å nytta nynorsk, og påverka til at friviljuge kan bruka nynorsk i engasjementet sitt.

Noregs Mållag meiner:

  • Noregs Mållag sentralt og lokallag skal knyta relasjonar til friviljuge organisasjonar, og oppmoda til meir bruk av nynorsk.

Næringsliv
Å sjå nynorsk i butikken, i avislysingar og reklameblad gjer det lettare for alle nynorskbrukarar å halda fram med å skriva nynorsk, og lettare for skuleborn å læra seg nynorsk. Det er òg viktig for arbeidstakarar å kunna skriva nynorsk på arbeidsplassen sin. Slik er desse verksemdene med på å gjera nynorsk lettare å bruka og å læra for både unge og vaksne. Nynorsk verksemd-kampanjen til Mållaget er med på å løfta fram og gje heider til desse verksemdene. Det bør me halda fram med. Nynorsk næringslivspris er òg eit viktig tiltak for å løfta fram nynorskbruk i næringslivet.

Noregs Mållag meiner:

  • Noregs Mållag sentralt og lokalt skal samarbeida om å styrkja nynorsken i daglegvarekjedene og få fleire til å bruka nynorsk i marknadsføringa.
  • Samvirkeorganisasjonane, særleg Tine, bør bruka meir nynorsk både andsynes bøndene og kundane.
  • Lokale mållag skal jobba for at fleire reiselivsaktørar marknadsfører seg på nynorsk. 

Religion og livssyn
Fram til i 2012 var Den norske kyrkja ein del av staten. Med endringa i 2012 er kyrkja ikkje underlagt staten på same måte, sjølv om kommunane framleis har ei plikt til å stø den norske kyrkja. Kyrkja reknar framleis at dei skal halda seg til mållova.

Religion og livssyn er meir enn Den norske kyrkja. I nynorskområda er det etablert trudoms- og livssynssamfunn frå ei lang rekkje religionar, og medlemene her bør òg få høve til å utøva religionen sin på nynorsk. Noregs Mållag vil særleg prioritera kontakt med dei islamske miljøa i nynorskområda for å kartleggja kva som trengst.

Noregs Mållag meiner:  

  • Kyrkja skal framleis praktisera prinsippa i mållova, sjølv etter ny organisering.
  • Trusopplæringsmateriell må liggja føre på både nynorsk og bokmål.
  • Det er viktig å hjelpa muslimske trudomssamfunn til å få meir av tilfanget sitt på nynorsk.
  • Det er viktig å følgja opp Human-Etisk forbund, dei muslimske trudomssamfunna og frikyrkjene for å sikra at dei har tilbod på både nynorsk og bokmål og bruker nynorsk i nynorskområdet.
  • Trudoms- og livssynssamfunn som får statsstøtte, skal møta eit krav om å gje born og unge i nynorskområde nynorsk trusopplæring.

Samarbeid med andre språkgrupper i Noreg
Noreg er, og har alltid vore fleirspråkleg. Det skal det også halda fram med å vera. Målrørsla skal vera solidarisk med andre språkgrupper i Noreg. Mange språkpolitiske saker er like for målrørsla og rørslene til nasjonale urfolks- og minoritetsspråk i Noreg. Der me har felles sak, bør me i større grad samarbeida med desse rørslene. Særleg dei samiske miljøa har me felles interesser med. Det kan gjelda parallellklassar, media, litteratur, opplæring og reglar for kommunal språkbruk.

Noregs Mållag meiner:

  • Målrørsla bør samarbeida med samiske og andre miljø i relevante saker denne fireårsperioden. Særleg viktig er arbeidet med ny språklov.

 

4. Opplæring
I all hovudsak er det i skulen at nye nynorskbrukarar kjem til, og i delar av landet er det i skulen dei òg forsvinn. I tillegg syner undersøkingar at barnehagen i stor grad fungerer som reine bokmålsbad for ungar som skal ha nynorsk som opplæringsmål.

Det er varsla at det kjem ei ny opplæringslov i 2020. Denne må vera ein hovudprioritet for Noregs Mållag. I 2017 tok arbeidet til med å utvikla nye læreplanar. Dette arbeidet er høgt prioritert hjå Noregs Mållag og må vera det til dei nye læreplanane er klare hausten 2020.

Barnehage
I dag er språket i barnehagen eit heilt uregulert område. Barnehagelova vart endra i 2017 og nemner ikkje nynorsk i det heile. Samstundes slår den nye rammeplanen fast at skriftspråkstimulering er ein viktig del av barnehagekvardagen. Ei undersøking Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Pirion har gjort, syner at barnehagane i nynorskområda i alt for liten grad nyttar nynorske bøker, nynorsk i songar og høgtlesing. Åtte av ti nyttar språkstimuleringsopplegg som berre finst på bokmål. Ein stor del av ungane som skal ta til med nynorsk i skulen, vert såleis bada i bokmål i barnehagen. Utan reguleringar vert det svært personavhengig kor mykje nynorsk språkstimulering ungane får, eller om ungane møter nynorsk i det heile. Noregs Mållag krev sterkare språklege rettar for barnehageungar.

Noregs Mållag meiner:

  • Barnehagar kan berre kjøpa inn språkstimuleringsmateriell som også finst på nynorsk.
  • Ungar som skal ha nynorsk på skulen, bør fyrst og fremst møta nynorsk skriftspråk.
  • Administrasjonsmålet i barnehagane, også private, må vera det same som skulemålet.
  • Barnehagevitjingar må framleis vera prioriterte under nynorskstafetten for å auka medvitet kring nynorsk språkstimulering i barnehagen.
  • Alle ungar skal få møta den lokale dialekten og nynorsk i barnehagen.
  • Rammeplanen må ta omsyn til at det er annleis å skulla få opplæring i eit mindre brukt språk, enn i det største språket.
  • Sentrallekken og lokallaga skal spreia nynorsk barnelitteratur til barnehagane og barneskulane.

Barnehagelærarutdanninga
Barnehagelærarutdanninga bør spegla at Noreg har to offisielle skriftspråk. Utan språklege krav i barnehagen, skjer ikkje dette i stor nok grad i dag. Kunnskapsområdet språk, tekst og matematikk må spegla at det er to norske språk, og studentane må få innsikt i korleis dei driv språkstimulering for ungar som skal ha nynorsk opplæringsmål. Rammeplanen for barnehagelærarutdanning må tematisera nynorsk språkstimulering. Den nye planen for barnehagelærarstudiet må slå fast: «Barnehagelærarstudentar skal læra å bruka nynorske tekstar i formidling og at lokal kultur og talemål er sjølvsagt i alle barnehagar.»

Noregs Mållag meiner:

  • Ungar som skal ha nynorsk opplæringsspråk, skal møta mest nynorsk i barnehagen. Den retten må inn i barnehagelova og rammeplanen for barnehagelærarutdanning.

Barnesteget
I 2017 var det 76.549 nynorskelevar i grunnskulen, mot 79.841 i 2010. Talet på nynorskelevar er relativt stabilt, medan nynorskprosenten går ned. At det flyttar fleire folk til det sentrale austlandsområdet og til dei store byane, er ei av hovudforklaringane på at nynorskprosenten går ned. Likevel har det aldri teke til så få bokmålselevar i Sogn og Fjordane som det gjer no, og i 2016 tok det til fleire nynorskelevar enn på 10 år i Hordaland. Det er eit mål å nå alle fyrsteklasseforeldre i randsonene, eit halvt år før skulestart, for å få mange fleire til å velja nynorsk som hovudmål for ungane sine.

Eit aukande tal på parallellklassar med bokmål i randsonene er eit problem. Nokre gonger vert nynorskelevane i så tydelege mindretal at skulane bryt opplæringslova og blandar nynorskelevar og bokmålselevar i same klasse på barnesteget. Dette har me til dømes sett på skular i Arna bydel, Bergen og Hallingdal. Slik parallellklasseretten fungerer i dag, kan han svekkja nynorsken sin posisjon i eit område eller på ein skule. Mange stader får foreldre som ynskjer bokmål, eigne bokmålsklassar utan å stetta kravet til å vera ti elevar. Både på Orstad og på Gol, til dømes, er det slik det som i dag er store bokmålsgrupper, tok til. Foreldre som ynskjer nynorsk, opplever på si side å verta motarbeidde av skuleleiing og kommunar. Noregs Mållag må sjå på andre måtar å hegna om nynorskelevane og dei nynorske lokalsamfunna på. For å rekruttera fleire nynorskelevar bør sentrallekken laga materiell som fylkeslaga og lokallaga kan bruka til kurs i nynorsk for foreldre åt førskuleungar.

Det er skilnad på å læra det største og det minste av dei to norske språka, det må hovudmålsundervisinga til nynorskelevane ta høgd for. Nynorskelevane treng mindre eksponering for bokmål. Elevar med nynorsk sidemål bør starta sidemålsundervisninga på mellomsteget.

Etter nokre år med ro kring læremiddelsituasjonen ser me at inntoget av digitale læremiddel skaper ein uhaldbar situasjon for nynorskelevane. Store delar av marknaden tilbyr ikkje produkta sine på nynorsk i det heile. I tillegg vil det koma nye læremiddel i kjølvatnet av dei nye læreplanane. Dette er ei sak me bør samarbeida med lærarorganisasjonane og Norsk Målungdom om.

Lokale mållag gjer ein svært viktig jobb som lokale kampanjeorganisasjonar når det er skulemålsrøysting, og Noregs Mållag sentralt bidreg til dette arbeidet. Det er viktig å fanga opp uro kring skulemålet tidleg, slik at me kan setja inn tiltak før det vert snakk om skulemålsrøysting.

Noregs Mållag meiner:

  • Læremiddelsituasjonen har endra seg med den digitale røynda. Alle læremiddel som er utvikla for bruk i skulen, må koma på både nynorsk og bokmål. Opplæringslova må spegla den digitale røyndomen.
  • Staten må føra tilsyn med at nynorskelevar får rettane sine etter opplæringslova, inkludert retten til læremiddel på nynorsk.
  • For å sikra godt og rett språk i lærebøker og digitale læremiddel bør Kunnskapsdepartementet innføra ei godkjenningsordning for alle læremiddel som forlaga vil tilby til skulen.
  • Opplæringsmateriell til skulebruk laga av organisasjonar, må koma på både nynorsk og bokmål.
  • Ny læreplan må ta omsyn til at det er annleis å få opplæring i eit mindre brukt språk enn i det mest brukte språket.
  • Ein må i større grad leggja den konkrete undervisinga til rette for dei elevane som skriv eit mindre brukt språk.  
  • Bokmålselevar må byrja med nynorsk sidemål på mellomsteget.
  • Det bør alltid vera tilbod om nynorsk parallellklasse i dei store byane, utan krav til minstetal på elevar.
  • Kravet om at det må vera 10 elevar att i klassen for å skipa parallellklasse, må koma attende.
  • Det er viktig å stø opp om arbeidet med å skipa nynorske parallellklassar.
  • I nynorskområda bør det vera ein prinsipiell rett til å gå i nynorskklasse.
  • Det er viktig å stø opp om nynorsk leselystkampanje på mellomsteget.
  • Arbeidet med å vinna skulemålsrøystingar skal vera høgt prioritert og koma tidleg i gang.
  • Det må greiast ut korleis ein tek i vare nynorskelevane på skular der bokmålselevane er i fleirtal.
  • Det må økonomiske insentiv til for at nynorskelevane skal få den opplæringa dei har krav på.
  • Administrasjonsmålet på skulane skal vera det same som skulemålet.
  • Om det dukkar opp eit initiativ til ei offensiv skulemålsrøysting, skal Noregs Mållag prioritera arbeidet med å vinna denne.

Ungdomssteget
I dag opphøyrer retten til å få opplæring på eige språk når elevane går ut av barneskulen. Då kan elevane sjølve avgjera kva språk dei vil ha som hovudmål, men dei har ingen rett til å få opplæring i og undervisning på dette språket, utover sidemålsopplæringa. Noregs Mållag har arbeidd for at retten til å få opplæring på hovudmål skal gjelda heile grunnskulen.

I dag kan 12–13 år gamle elevar sjølve velja opplæringsspråk frå 8. klasse. Valet skjer før elevane har vore innom språkhistoria i pensum og før dei er fullkompetente i hovudmålet sitt. Noregs Mållag meiner nynorskelevane bør ha det same opplæringsmålet heile grunnskulen.

Sidemålsordninga i ungdomsskulen syter for at alle møter nynorsk i grunnskulen. Ho er viktig for statusen til nynorsk og for å sikra kompetanse i nynorsk i heile samfunnet. Eigen karakter og eksamen i sidemål er med og held oppe statusen til undervisninga i sidemål i norskfaget. Det er viktig at Noregs Mållag følgjer med på dei sidemålsforsøka som no går føre seg i skulen.

Noregs Mållag meiner:

  • Språkvalet til nynorskelevane skal følgja dei ut heile grunnskulen.
  • Retten til opplæring på eige språk skal gjelda ut grunnskulen. På språkblanda ungdomsskular skal elevane frå nynorskkrinsar og bokmålskrinsar halda fram i kvar sine klassar.
  • Lærarar i ungdomsskulen skal undervisa nynorskelevar på nynorsk i alle fag.
  • Det må koma ei statleg støtte til nynorskopplæring i eigne grupper.
  • Elevane bør få sidemålsundervisning gjennom heile ungdomsskulen. Eleven sin kunnskap i sidemålet må vurderast gjennom eigen standpunktkarakter og obligatorisk eksamen på ungdomsskulen.
  • Elevar med bokmål som opplæringsmål bør verta introduserte for nynorsk i andre fag enn norsk.
  • Årsramma for norsklærarar i ungdomsskulen må reduserast.
  • Lokallag og fylkeslag skal arbeida for å skipa til motivasjonsdag for lærarar som underviser i norskfaget.

Vidaregåande opplæring
I randsonene er språkskiftet stort i den vidaregåande skulen. Det er ofte store, sentraliserte skular der elevane kjem frå områda rundt. Mange kjem frå eit «trygt» nynorskområde og hamnar i språkleg mindretal. I slike situasjonar er det vanskeleg å halda på nynorsk. I tillegg er det fritt opp til lærarane kva språk dei vil undervisa på. Dette skaper skular som i praksis vert reine språkskiftefabrikkar. Noregs Mållag krev at alle elevane i studieførebuande utdanningsprogram vert prøvde i to jamstelte oppgåver/oppgåvesvar 3. året i den vidaregåande skulen. Det skal vera to ulike eksamensdagar. Krava/vurderingskriteria skal vera dei same i hovudmål og sidemål.

Noregs Mållag meiner:

  • Elevane skal framleis ha eigen karakter i sidemål, både standpunkt og eksamen.
  • Årsramma for norsklærarar i vidaregåande skule må reduserast.
  • Opplæringsstyresmaktene må ha ein politikk for å stogga språkskifte.
  • Det skal vera eit ekstrapoeng til elevar som går ut av vidaregåande med nynorsk hovudmål.
  • Lokallag og fylkeslag skal arbeida for å skipa til motivasjonsdag for lærarar som underviser i norskfaget.

Lærarutdanningane for grunnskulen og lektorutdanninga
Alle lærarar i grunnskulen og vidaregåande er rollemodellar for god norskbruk, og dei er såleis norsklærarar uavhengig av kva fag dei underviser i. Ferdig utdanna lærarar i Noreg må kunna nynorsk. Det er viktig for opplæringa til elevar i nynorskområde, og det er viktig for å halda oppe den nasjonale kompetansen i nynorsk.

I dag får elevar som har hatt fritak frå vurdering i sidemål i vidaregåande, det same fritaket for vurdering i lærarutdanninga. Det tyder i praksis at institusjonane utdannar mange lærarar, medrekna norsklærarar, som berre kan bokmål. Det fører til mangelfull opplæring for nynorskelevane. I staden for å gje studentane fritak, burde dei få opplæring i nynorsk, slik at dei meistrar både nynorsk og bokmål når dei skal ut i læraryrket.

Å læra seg å skriva eit mindre brukt språk er annleis enn å læra å skriva det språket ein ser mest av rundt seg. Lærarutdanningane må difor undervisa i nynorskdidaktikk, både som hovudmål og sidemål. Lærarutdanningane har dessutan eit dessutan eit særskilt ansvar for ein fagleg diskusjon om nynorskelevar sine behov og om ein målretta morsmålsdidaktikk for nynorskelevar.

Noregs Mållag meiner:

  • Studentane på lærar-, lektor- og PPU-utdanningane må få opplæring i nynorsk språk og språkrettane til elevane. Dei må kunna relevant fagterminologi på nynorsk.
  • Lærar- og lektorstudentane som skal undervisa i norsk, må få opplæring i nynorskdidaktikk.
  • Det må leggjast opp pensum, drivast opplæring og nivået til studentane må vurderast i båe målformer, også for dei studentane som ikkje vel norsk i lektorutdanninga for årstrinn 5–10.
  • Norsk må verta obligatorisk for lektorutdanninga for årstrinn 5–10.
  • Det skal ikkje kunna gjevast fritak for vurdering i sidemål i lektorutdanninga. Fritaket må erstattast av opplæring. Karakteren i nynorsk og bokmål må stå på vitnemålet.
  • Alle lærarar må få tilbod om etterutdanning i nynorsk.
  • «Nynorsk hovudmål» må inn som tema i rektorutdanninga.
  • Lærarorganisasjonane skal vedta ein best mogleg språkpolitikk i samband med fagfornyinga og ny opplæringslov.

Høgare utdanning

Studentrettar
Engelsk er i ferd med å ta over som forskingsspråk i Noreg, og det vert òg meir og meir vanleg å undervisa på engelsk på alle nivå på høgskular og universitet. For å halda oppe eit norsk fagspråk må studentane få meir av pensum på norsk.

Det er viktig å hegna om retten til å få eksamen på eige språk. I dag er ikkje private høgskular omfatta av denne retten.

Noregs Mållag meiner:

  • Studentane må møta meir pensum på norsk og særleg nynorsk.
  • Studentar skal ha rett på eksamen på nynorsk både på offentlege og private utdanningsinstitusjonar.
  • Studentane må ha rett på undervisning på norsk til og med bachelor.
  • Studentane må ha rett til å skriva bachelor- og masteroppgåver på norsk.
  • Det må opprettast stimuleringsordningar for bachelor-, masteroppgåver, phd- og dr. philos-avhandlingar på nynorsk.
  • Eksamen på båe målformer skal vera sikra etter forskrifta om målform i eksamensoppgåver.
  • Høgare utdanningsinstitusjonar som ikkje gjev nynorskstudentane eksamen på nynorsk, skal møta sanksjonar.
  • I fag der lærebøker eller undervisning er på engelsk, skal det finnast norskspråkleg støttemateriell.

Undervising og forsking
Den sterke posisjonen engelsk språk har fått i akademia, gjer det endå vanskelegare å sikra den nynorske skriftkulturen. Arbeidet for å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk er for lite prioritert og følgt opp innanfor sektoren.

Styrking av norsk språk er ikkje ein resultatindikator i akademia, til liks med formidling av forsking overfor eit breitt publikum. Internasjonal inn- og utveksling av studentar er derimot ein slik indikator. Difor er det attraktivt å gje undervisning på engelsk for å trekkja til seg utanlandske studentar. Formidling til den norske ålmenta må verdsetjast høgare. Publisering av lærebøker på norsk må verta viktigare.

Noregs Mållag meiner:

  • Universitet og høgskular må følgja opp Språkrådet sin «Vegvisar for språkval i universitets- og høgskulesektoren»
  • Sektoren må stilla sterkare tilsetjingskrav, slik at eit vilkår for fast jobb er at tilsette kan dokumentera at dei kan norsk innan ei viss tid.
  • Språk må vera eit av kriteria i teljekantsystemet som skal premiera formidling på norsk, både til fagfellar og til eit breiare publikum.
  • Publisering på norsk bør gje økonomisk utteljing.
  • Terminologiarbeidet må få meir offentleg stønad.
  • Høgare utdanning har ansvar for å ta vare på og vidareutvikla norsk fagspråk.
  • Universitet og høgskular lyt følgja norsk lov slik ho er nedfelt i §§ 1–7 i universitets- og høgskulelova, som slår fast at universitet og høgskular har ansvar for vedlikehald og vidareutvikling av norsk fagspråk. Staten må setja i verk straffetiltak mot dei som saboterer gjennomføringa av denne lova.
  • Universiteta og høgskulane må setja av ressursar til å arbeida med å oppfylla krava i mållova.

Nynorskforsking
Det skjer mykje viktig forsking og kunnskapsutvikling på felt som er viktige for Noregs Mållag. Det har dei seinaste åra utvikla seg større forskingsmiljø som forskar på nynorskrelaterte problemstillingar. Det er viktig at Noregs Mållag følgjer med på det som skjer på feltet, tek til oss den kunnskapen dei formidlar og bruker fagfolk i nynorskforskingsfeltet aktivt på kurs, seminar og konferansar.

Norskopplæring for vaksne innvandrarar
Folkeveksten i landet vårt kjem i dag av utanlandsk innvandring. Innvandrarar er viktige tilflyttarar for heile Distrikts-Noreg. Det er difor viktig at dei lærer det lokale språket. Mange av dei nye innbyggjarane kjem med familie og ungar. Nynorskopplæring i vaksenopplæringa kan gjera det lettare å koma inn i det norske samfunnet fordi ein då lettare forstår det munnlege talemålet. Då vert det også lettare å forstå dialektar frå alle delar av landet. Arbeidstakarar frå EØS-området har i dag ikkje rett til norskopplæring, men mange kommunar tilbyd dette likevel. I framtida bør denne gruppa ha rett til å læra norsk både av omsyn til integrering, tryggleik på arbeidsplassen og for å styrkja norsk språk. Dersom nokre av dei som har lært nynorsk, flyttar vidare til bokmålsområde, er det ikkje noka ulempe å kunna nynorsk, tvert om.

I dag er dette eit heilt uregulert område. Språkvalet er ofte opp til den som leier norskopplæringa. I tillegg er det ingen krav til at læremiddel skal koma ut på båe målformer. Situasjonen har betra seg noko på læremiddelfronten, men det trengst eit parallellutgåvekrav for læremidla for å sikra god nok tilgang.

Noregs Mållag meiner:

  • Det er viktig å gjera opplæringsspråket i norskopplæringa til eit politisk spørsmål i kommunane. Opplæringsspråket må følgja kommunespråket i dei kommunane som har eit kommunespråk.
  • Læremiddel må inn under opplæringslova og koma på same tid og til same pris på bokmål og på nynorsk.
  • Arbeidstakarar med utanlandsk bakgrunn må få opplæring på nynorsk i nynorskområda.
  • EØS-borgarar som bur eller arbeider i Noreg, skal få rett til norskopplæring.

5. Kultur

Media
Mediebransjen er inne i ei tid prega av sterk endring på mange felt. I mange år har Noregs Mållag arbeidd hardt for å få dei store riksavisene til å opna for nynorsk. Det har vore rett, og i 2017 fekk me på kort tid fleire gjennombrot her. Denne prinsippsaka er viktig, men kanskje ikkje lenger viktigast. Landet rundt ser me små og store redaksjonar som ynskjer nynorsken velkomen i spaltene sine. Noregs Mållag bør gå i dialog med aktørar i og rundt målrørsla for å finna fram til kva verkemiddel som kan hjelpa desse avisene best mogleg.

NRK er sjølve motoren for nynorsk i media, med kontoret i Sogn og Fjordane som ein spjotspiss. Til no har kravet overfor NRK vore at 25 prosent av innhaldet skal vera på nynorsk. Dette vert rekna ut ved at all dialektbruk vert fordelt likt på dei to skriftspråka. Dermed er den reelle bruken av munnleg nynorsk langt lågare enn 25 prosent, også i dei åra der NRK kan rapportera om at ein firedel av NRK-språket var nynorsk. Nett tek over for lineær-tv. I dag rapporterer ikkje NRK for målbruken på nett.

Noregs Mållag bør arbeida for å sikra mediebransjen utanfor hovudstaden betre vilkår. Mange nynorske lokalaviser er små og sårbare, og Noregs Mållag meiner golvet i produksjonsstøtta bør aukast til éin million. Dette bør ikkje gå på kostnad av dei riksdekkjande meiningsberande avisene. TV2 har i mange år vore viktig for nynorsken, men har ikkje krav på seg om å bruka nynorsk på nett, og gjer det dermed heller ikkje.

Nynorsk avissenter, Dag og Tid, Norsk Barneblad, Syn og Segn, Framtida, NRK Nynorsk mediesenter og Nynorsk Pressekontor er alle saman gode, nynorske medietiltak. Felles for dei alle er at dei kan visa til gode tal, god framgang og gode faglege resultat. Noregs Mållag skal arbeida for at desse får gode rammevilkår også i framtida.

Journalistutdanningane er for dårlege på å utdanna journalistar i eit tospråkleg Noreg. Difor er dei nynorske journalistutdanningane i Førde svært viktige. Trongen for nynorskjournalistane er stor.

Noregs Mållag meiner:

  • Alle riksaviser skal opna for nynorsk journalistikk. Alle lokalaviser burde òg sleppa til journalistar som ønskjer å skriva nynorsk.
  • Det er særleg viktig å hjelpa redaksjonar som ynskjer å bruka meir nynorsk, til å nå målet sitt.
  • Arbeidsgjevaravgift, pressestøtte og momsfritak er alle verktøy som kan brukast for å fremja nynorsk i media.
  • Både NRK og TV2 må få krav på seg til å bruka nynorsk på nett.
  • Dei nynorske medieverksemdene må vera sikra gode rammevilkår.
  • Det er viktig å samarbeida med Kringkastingsringen for å sjå på korleis nynorskkravet i NRK kan fungera best mogleg i framtida.
  • Program og filmar på nordiske grannespråk skal ikkje dubbast, men mindre dubbing må ikkje føra til mindre nynorsk.

Film
Ein statleg støtta filmproduksjon må spegla heile Noreg, og dei regionale filmsentera er eit middel for å få det til. I dag skal all norsk film vera teksta for høyrslehemma. Ny teknologi gjer det lettare å tilby teksting på både bokmål og nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Norsk filmproduksjon må spegla det norske språkmangfaldet og bruka alle norske dialektar.
  • Alle kinoar i nynorskområde skal tilby film med nynorsk undertekst. I samiske område burde filmane tilbydast med samisk undertekst.
  • Det bør vera mogleg å velja nynorsk undertekst når ein kjøper film på DVD eller strøymekanalar.

Sosiale medium og nynorsk på nett
I dag har dei fleste sosiale medium utanom Facebook eit brukargrensesnitt på bokmål eller engelsk. Dei viktigaste sosiale media bør ha brukargrensesnitt på nynorsk. Utviklinga av det nynorske internettet, sosiale medium og programvare må skje både gjennom krav frå det offentlege, arbeidet til nynorskvener i næringslivet og organisasjonar og gjennom dugnadsinnsats frå medlemer og nynorskaktivistar. Dugnadsinnsatsen i omsetjinga av sosiale medium er ein sentral del av dette arbeidet. Noregs Mållag vil arbeida for nynorskomsetjing av språklæringsappar, sosiale medium og dataprogram.

Noregs Mållag meiner:

  • Sosiale medium, appar og dataprogram bør vera tilgjengelege på nynorsk.

Teater
Det Norske Teatret er det viktigaste teateret i Noreg, og det bør statsstønaden spegla. I Hordaland har Hordaland teater kome inn i nytt hus i sentrum.

Noregs Mållag meiner:

  • Samarbeidet mellom dei nynorske teatera er svært positivt for nynorsk scenekunst.
  • Det Norske Teatret bør få same budsjettløyving som Nationaltheatret.
  • Arbeidet som lokale og regionale teater gjer for å styrkja talemålet i sine område, bør få positiv merksemd.

Litteratur
Den nynorske litteraturen er det fremste uttrykket for den nynorske skriftkulturen. Det Norske Samlaget er det største av nynorskforlaga og har ei særleg viktig oppgåve når det gjeld å gje ut nynorsk litteratur både for barn, ungdom og vaksne. Det er framleis vanskelegare å selja ei nynorskbok enn ei bokmålsbok berre på grunn av språket. Samlaget gjer eit stort og viktig arbeid for at alle skal få tilgang til litteratur på nynorsk, og det er særleg viktig for barn og unge.

Andre forlag gjev òg ut nynorske bøker, og det finst andre forlag som etter kvart har teke ein posisjon som nynorskforlag. Særleg gjeld det Skald forlag, som gjev ut både barnelitteratur og vaksenlitteratur. Det må framleis vera gode ordningar som sikrar at nynorskbøker òg kan gjevast ut utanfor Samlaget.

I dag står omsett barne- og ungdomslitteratur utanfor innkjøpsordninga. Dette gjer at små språksamfunn som nynorsk og samisk får mindre tilgang til litteratur på språket sitt i biblioteka enn dei kunne ha fått. For å kompensera for lågare produksjon bør ein kunna kjøpa inn omsett litteratur på samisk eller nynorsk gjennom innkjøpsordninga.

Biblioteka er svært viktige formidlarar av nynorsk litteratur. Det er viktig at biblioteka får økonomisk armslag til å fremja nynorsklitteratur på ein god måte. Kommunereforma må ikkje føra til nedlegging av bibliotek.

Noregs Mållag meiner:

  • Det må framleis vera sterke støtteordningar for norsk litteratur.
  • Barn og unge må få eit rikt tilbod av nynorsklitteratur, både på papir, som lydbok og på skjerm.
  • Bibliotek ikkje må leggjast ned som ei følgje av kommunesamanslåing.
  • Omsett barne- og ungdomslitteratur til nynorsk og samisk må koma inn under innkjøpsordninga.
  • Alle lesestimuleringstiltak retta mot barn og unge må ha eit breitt tilbod av nynorsk litteratur.
  • Biblioteka skal syna fram nynorsklitteratur.

Kunnskap
Dokumentasjon av og på nynorsk er viktig for at språket skal vera fullt utbygd på alle samfunnsområde. Fleire arkiv, bibliotek og museum har til føremål å dokumentera den nynorske skriftkulturen. Andre er fyrst og fremst viktige fordi dei syner fram nynorsk til fagmiljø og publikum. Oppslagsverka Allkunne og nynorsk Wikipedia er svært viktige for at nynorsk skal kunna brukast i alle samanhengar. Store norske leksikon vert presentert og brukt som ein kunnskapsressurs for skulen og er eigd av norske universitet. Dimed burde leksikona ha ei språkleg parallellutgåve på nynorsk.

Noregs Mållag meiner:

  • Det er viktig å stø opp om Allkunne og nynorsk Wikipedia.
  • Institusjonar som Nynorsk kultursentrum må sikrast rammevilkår for vidare vekst og utvikling.
  • Noregs Mållag skal arbeida for å få Store norske leksikon i parallellutgåve.

Dialektarbeid
Ivar Aasen reiste eit norsk skriftmål på det fundamentet som norsk talemål gav – og gjev. Nynorsken er uløyseleg knytt til dialektane fordi han er den skriftlege samnemnaren for norsk talemål. Talemålsgrunnlaget for nynorsken er langt større enn dei områda der nynorsk er det mest nytta skriftmålet. Noregs Mållag arbeider for at alle fritt skal kunna nytta dialekten sin og sjå samanhengen mellom dialekt og skriftleg nynorsk.

Mange stader vert dei lokale talemåla bytte ut med meir bokmålsnær tale. Dette skjer særleg på Austlandet, der mange av dei tradisjonelle dialektane er i fare for å døy ut. Noregs Mållag skal utvikla ny politikk for å motverka dette, og fleire lokale mållag bør skipa til prosjekt som liknar på prosjektet Hått halling.

Noregs Mållag meiner:

  • Organisasjonen bør driva dialektarbeid som til dømes dialektleirar, ordinnsamling, dialekttevlingar og anna.
  • Det er viktig med opplæring som hjelper folk til å sjå samanhengen mellom dialekt og nynorsk.

 

6. Organisasjonen
Noregs Mållag er i vekst. Ein større og sterkare organisasjon gjer det mogleg å nå meir ambisiøse mål. Fleire sterke lag i randsonene for dei nynorske kjerneområda vil stø nynorsken i eit område der han er under press. Snittalderen for nye medlemer er under femti år, men snittalderen for lagsleiarar er ein god del høgare. Det er eit mål å rekruttera fleire leiarar frå den yngre delen av medlemsmassen.

Noregs Mållag sentralt
Det er ei viktig oppgåve for Noregs Mållag sentralt å styrkja lokal- og fylkeslaga. Dette gjeld spesielt i randsonene for dei nynorske kjerneområda. Styret og skrivarstova skal vitja alle fylkeslaga og minst 30 mållag kvart år i perioden. Noregs Mållag skal samarbeida tett med Norsk Målungdom og særleg stø opp om skulevitjingsarbeidet deira.

Alle nyvalde leiarar skal takast godt imot og få tilbod om skulering frå sentralleddet. Mållaget skal skipa til seminar vår og haust med unnatak av landsmøtevåren. Hovudmålgruppa for seminara skal vera tillitsvalde og unge vaksne.

Medlemstalet er aukande, og Noregs Mållag skal halda fram med vervekampanjar. Det er viktig å halda fram veksten, men òg å syta for at fleire av dei nyinnmelde medlemene vert aktive lagsfolk. Særleg gjeld dette dei yngre. Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal samarbeida om overgangen frå ungdoms- til vaksenorganisasjonen.

Noregs Mållag skal gjennomføra organisatoriske tiltak for å styrkja nynorsken og særleg nynorsk skulemål i viktige randsoner. I dei områda der det er fare for skulemålsrøystingar, skal lokallaga gjerast i stand til å gjennomføra aksjonar for å halda på nynorsken. Lagsskiping er ein viktig reiskap for å nå dette målet. Noregs Mållag skal kvart år gjennomføra Nynorskstafetten i to til tre veker. Hovudemne og område vedtek styret kvart år.

Noregs Mållag har merka seg at Bergen kommune i dag er positiv til nynorsk. Kommunen har gjort framtidsretta vedtak for nynorsken. Noregs Mållag er også glad for at Bergen kommune har sagt ja til å skipa Bergenskonferansen for nynorsk i 2019.

Noregs Mållag sentralt har ansvaret for det politiske påverknadsarbeidet på riksplan, og dette arbeidet skal styrkjast monaleg i perioden. Mållaget bør ha ambisjon om å verta ein tyngre politisk aktør i Noreg. Særleg viktig er arbeidet med partiprogram og statsbudsjett.

Noregs Mållag skal arbeida vidare for å styrkja økonomien på alle nivå i organisasjonen, mellom anna ved å utvikla nye måtar å gje målgåver på. Styret har fullmakt til å arbeida for at skrivarstova skal koma i eige hus.

Noregs Mållag skal vera synleg til stades på sosiale medium, og nytta heimesida, meldingsbrevet Nytt om nynorsk og andre kanalar for å spreia informasjon. Norsk Tidend er medlemsavis for Noregs Mållag og skal koma ut jamleg.

Det er ei rekkje jubileum i perioden. I 2018 er det 200-årsjubileum for Aasmund Olavsson Vinje og 150-årsjubileum for Det Norske Samlaget. I 2019 har sidemålet femtiårsjubileum i ungdomsskulen. I 2020 fyller 25-prosentregelen i NRK femti år. I 2021 er det hundre år sidan heile Bibelen for fyrste gong var omsett til nynorsk, og det er femti år sidan retten til nynorske lærebøker til same tid og same pris vart slegen fast. I desse åra er det òg 150 år sidan dei fyrste mållaga i Noreg dukka opp. Noregs Mållag skal fyrst og fremst nytta jubilea til å få merksemd om dagsaktuelle tema.

Norsk Målungdom
Noregs Mållag skal samarbeida tett med Norsk Målungdom. Organisasjonane skal halda kvarandre oppdaterte om kva dei arbeider med, og om aktuelle saker som høyringar og røystingar. Noregs Mållag og Norsk Målungdom skal samarbeida om politisk påverknad, der Norsk Målungdom har hovudansvaret for ungdomspartia. Organisasjonane skal saman finna betre måtar å overføra medlemer til Noregs Mållag på når dei bikkar 30, og halda fram samarbeidet om å overføra unge medlemer til Norsk Målungdom.

Fylkeslaga
Fylkeslaga i Noregs Mållag skal driva målarbeid på regionalt nivå og vera eit bindeledd mellom lokallag og Noregs Mållag sentralt. Fylkeslaga skal samordna det lokale målarbeidet og inspirera lokale målfolk, mellom anna ved å skipa til seminar og samlingar. Kvart fylkeslag skal følgja opp landsfemnande kampanjar, med mål om at alle lokallag tek del i dei.

Fylkeslaga skal vurdera kvar det er høve til å starta nye lag og samarbeida med nabolokallaga og Noregs Mållag sentralt om lagsskiping. Fylkeslaga skal også gje hjelp og støtte til lokallag som treng det eller bed om det.

I perioden vert arbeidet med regionreforma den viktigaste politiske enkeltsaka for dei fleste av fylkeslaga. Alle relevante fylkeslag skal prioritera arbeidet med denne reforma både i skulering og i politisk arbeid.

Fylkeslaga bør arbeida for gode målvedtak og målbruksplanar i kommunar og fylke. Fylkeslaga skal samarbeida med lokallaga om å verva medlemer og å stø målungdomslag i sin region eller sitt fylke.

Dei seinare åra har så godt som alle fylkeslag vakse i medlemstal. I eit lenger perspektiv er situasjonen slik at Telemark, Rogaland og Trønderlaget har hatt fallande medlemstal. Noregs Mållag sentralt skal prioritera å styrkja desse tre fylkeslaga i perioden. Dersom det er teikn til at Nordland Mållag kan verta oppattskipa, skal dette fylkeslaget få hjelp frå Noregs Mållag.

Mållaga
Dei lokale mållaga er grunnfjellet i Noregs Mållag. Mållaga skal styrkja det direkte målpolitiske arbeidet retta mot skule, barnehage, næringsliv, media, norskopplæring og kommunal verksemd. Mange lokallag har medlemer med sentrale verv og posisjonar i lokalsamfunnet. Det er eit godt utgangspunkt for å samarbeida med og påverka andre, i politikken, i kultur- og organisasjonslivet, i barnehagen og skulen, i media og i næringslivet.

Lokallaga skal verva medlemer og gjera målsaka synleg i lokalmiljøet. Fleire lag bør skipa til inspirasjonsdagar for lærarar. Noregs Mållag sentralt skal gje økonomisk og praktisk støtte til slike tilskipingar. Lokallaga bør samarbeida med lokale målungdomslag der det finst slike, og tipsa NMU sentralt om unge målfolk på stader der NMU ikkje har lag. Laga må leggja vinn på å rekruttera yngre styrefolk. Meir kunnskap om valnemndsarbeid er eit tiltak for å nå dette målet. Noregs Mållag skal tilby valnemndsskulering til lokal- og fylkesmållag. Noregs Mållag skal tilby leiarskulering for lokallagsleiarar.

Yrkesmållaga
Arbeidsoppgåvene i programmet høver i varierande grad for yrkesmållaga, som må gripa fatt i dei oppgåvene i programmet som dei ser er viktige på sine område. Det er viktig at yrkesmållaga lagar eit miljø for målarbeid innanfor sine yrkesgrupper. Yrkesmållaga har eit ansvar for å gje Noregs Mållag sentralt innspel om stoda på sitt fagområde.

Revisjon av prinsipprogrammet
I denne perioden skal Noregs Mållag revidera prinsipprogrammet. Styret set ned ei nemnd og inviterer heile organisasjonen med i arbeidet. Det er eit mål at arbeidet gjev meir målpolitisk skulering og ordskifte i samskipnaden, slik at medlemer i Noregs Mållag vert tryggare i å argumentera for nynorsken.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no