Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. AUGUST 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Godt vedtak i Gloppen!

 (27.06.2018)

Gloppen kommunestyre har gjort eit samrøystes vedtak for at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar. 

– No vert det teke i bruk meir og meir digitale læremiddel og nynorske klasserom vert fylte opp av læremiddel på bokmål. Nynorskelevane ser mindre av språket sitt rundt seg enn bokmålselevane gjer. Det er difor ekstra viktig at nynorskelevane får sjå og lesa mest mogeleg nynorsk i opplæringa, står det i vedtaket frå kommunestyret. 

– Mållaget meiner at skuleeigarane må ta ansvar å krevje nynorske digitale læremiddel til elevane sine. Difor er det eit viktig vedtak kommunestyret i Gloppen har gjort, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

– Gloppen kommune vil ha eit godt nynorsk opplæringsmiljø for elevane våre. Opplæringslova seier at alle læremiddel skal kome i både nynorsk- og bokmålsversjonar, vedtok kommunestyret. 

Vidare står det i vedtaket: Det er nynorskklasser i 143 av dei 422 kommunane i Noreg. Ifølgje opplæringslova har skuleeigar ansvaret for å oppfylla elevane sine rettar. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmålsklasserom.

Vi vil difor:

> som hovudregel ikkje kjøpe inn og bruke digitale læremiddel som ikkje er på nynorsk
> gje klar melding til tilbydarar om at kommunen ikkje kan gjere innkjøp om læremiddelet ikkje finst på nynorsk
> setje same krav til språk i innkjøp som kommunen gjer til kontorstøtteprogram og administrativ programvare

Gloppen kommune krev at Kunnskapsdepartementet sørgjer for at læremiddelprodusentane følgjer lova og såleis sikrar nynorskelevane sine rettar. 

Vedtaket står i møteboka for Gloppen kommunestyre 20. juni 2018. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no