Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. SEPTEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa Ledig stilling

Ingen effekt konkluderer sluttrapporten for karakterforsøket

 (29.06.2018)

Sluttrapporten om karakterforsøket konkluderer med at det ikkje har hatt målbar effekt på elevane si læring. Likevel er lærarane som har delteke i forsøket nøgde fordi dei meiner forsøket har gjeve dei ein enklare skulekvardag. Elevane derimot meiner det er vanskelegare å forstå attendemeldingane frå lærarane utan karakterar. NIFU, som står bak sluttrapporten, er skeptisk til om det var naudsynt med eit slikt forsøk for å få den effekten lærarane er nøgde med.

I 2013, samstundes med at dei nye læreplanane vart lanserte, lanserte dåverande kunnskapsminister Kristin Halvorsen ei prøveordning der alle vidaregåande skular og nokre få ungdomsskular kunne søkje på ei forsøksordning med å gje ein samanslegen karakter i norsk eller to karakterar (skriftleg og munnleg) i norsk på 8. og 9. trinnet og i vg1 og vg2.

NIFU har evaluert forsøket og kom 28. juni 2018 med sin sluttrapport. Det er 184 vidaregåande skular og 25 ungdomsskular som har delteke i forsøket. NIFU har sendt spørjeundersøking til skuleeigarar og skuleleiarar og intervjua lærarar og elevar i fokusgrupper på fire skular. I tillegg har dei samanlikna norskkarakterar før og etter forsøket og mellom skular som er med og ikkje med på forsøket.

NIFU gjer fleire interessante funn. Hovudfunnet er at karaktergjennomgangen syner at forsøket ikkje har nokon effekt. Det er ingen skilnad på karakterane til dei elevane som har vore med på forsøket, og dei som ikkje har vore med. Rapporten formulerer det slik: «Vår hypotese om at deltakelse i forsøket ville endre elevenes læring slik dette er målt i standpunktkarakter, kan dermed avvises» (s. 141).

Elevar og lærarar si oppleving av forsøket
Elevane og lærarane sine stemmer har kome til uttrykk i rapporten gjennom fokusgruppeintervju på fire skular. I intervjua med lærarar kjem det fram at dei er svært nøgde med forsøket: «Hvis målet med forsøket har vært å gi lærerne en enklere og mer motiverende arbeidshverdag, synes dette på den annen side å ha lyktes» (s. 150), meiner rapportforfattarane. Dei er likevel skeptiske til om det var naudsynt å fjerne karakterane for å få denne effekten: «Vi setter imidlertid spørsmålstegn ved hvorvidt det var nødvendig med et slikt forsøk for at lærerne skulle redusere omfanget av vurderingssituasjoner med karakter underveis i semesteret. Normen som disse lærerne endrer på, synes å være begrunnet med behov for dokumentasjon i behandling av eventuelle klager, og ikke pedagogiske hensyn» (s. 150).

I intervju med elevane kjem det fram at dei meiner det er vanskelegare å forstå korleis dei ligg an i dei ulike delane av faga med samanslegne karakterar. Elevane synest ikkje dei får informasjon om kva dei kan gjere for å oppnå framgang. Dei verkar ikkje å forstå det språket for vurdering like godt som lærarane trur (s. 140). NIFU skriv: «Vår tolkning er at reduksjon av karaktergivende prøver under forsøket ikke har blitt erstattet av kvalitativt bedre tilbakemeldinger som forstås av eleven og hjelper dem videre i læringsarbeidet. Dette er et naturlig felt for videre forskning om vurdering generelt så vel som i norskfaget spesielt» (s. 10).

Elevane meiner altså at dei under forsøket ikkje får informasjon om eiga læring som erstattar den informasjonen dei sjølv meinte dei fekk gjennom karakterar. (s. 143)

Lærarane argumenterer i intervjua for at karakteren flyttar fokuset til elevane vekk frå den eigentlege læringa (s. 144). Men rapporten peikar på at det verkar som lærarane og elevane har ulike interesser når det gjeld karaktersetjing, og at dette vert sett på spissen i sidemål:

“Da elevene ble spurt om hva som representerte den største overgangen for dem når de i avgangsåret fikk tre karakterer ved halvårsvurdering, var svaret at de nå fikk karakter i sidemål. For noen av dem var dette en brå oppvåkning, mens andre uttrykte misnøye med at de ikke fikk kjennskap til sidemålskarakteren før det var gått mer enn to år av opplæringen. Lærerne på sin side, og særlig lærerne på ungdomsskolene, viser i intervjuene mye omtanke i å gi elevene en forsiktig tilnærming til sidemålet. Enkelte blant lærerne mener også at det å få en egen karakter i sidemålet tidlig i opplæringsløpet kan svekke elevenes motivasjon for norskfaget.” (s.144)

Sidemålet si stilling i forsøket
Det mest urovekkjande funnet i rapporten er korleis dei intervjua ungdomsskulane meiner forsøket legitimerer å starte seinare med sidemål. Dette trass i at TNS Gallup på oppdrag frå Utdanningsdirektoratet i 2006 fann at det var ein klår samanheng mellom oppstart av sidemålsundervisning i 8. klasse (i staden for seinare på ungdomsskulen) og positiv haldning til sidemålet hjå elevar med bokmål som hovudmål.

Skuleleiaren som er intervjua, seier at forsøket har gjort det mogeleg å utsetje sidemålsundervisninga til 9. trinn, men seier òg: «Samtidig nevnte denne lederen at en lærer som hadde overtatt norskundervisning på 10. trinn for elever som hadde deltatt i dette forsøket, hadde formidlet at elevene ikke var på det ferdighetsnivået i sidemål som denne læreren hadde forventet» (s. 104).

Det er usemje mellom lærarane som er intervjua, om sidemålet er styrkt eller svekt i forsøket. Nokre meiner det svekkjer sidemålet, og andre meiner det styrkjer det. Dette kan henge saman med eit anna funn i rapporten som syner at forsøket fører til ein meir individualisert undervisings- og vurderingspraksis, som tyder at det er opp til den einskilde læraren kva hen vil leggje vekt på.

Vidare drøftingar
NIFU oppsummerer at dei ikkje meiner dette forsøket løyser problema i norskfaget. Dei meiner at ein kunne fått til å kutte vurderingsmengda utan å endre på karaktermengda i faget. Dei meiner det er lokal praksis og krav frå skuleleiing om rapportering som fører til stor rettebyrde i norskfaget.

Det er heilt klart ut frå NIFU-rapporten at lærarane er veldig nøgde med forsøket. Likevel tilrår NIFU at ein heller skal sjå nærare på dei vurderingspraksisane som er i norskfaget, for å finne ein betre måte å gjere det på, særleg med omsyn til at elevane ikkje ser ut til forstå språket for vurdering som har teke plassen til karakterane: «Dette kan tyde på at forsøket har avdekket noen «blindsoner» i vurderingsarbeidet som forsøket i seg selv ikke har bidratt til å løse. Vi har i dette kapittelet omtalt disse blindsonene som mangler i kunnskap om hvordan man snakker om vurdering når man reduserer bruken av karakterer for å gi eleven signal om nivå og eventuell progresjon i opplæringen, og vi anbefaler at dette spørsmålet blir gjenstand for eventuell fremtidig forskning om vurdering i norskfaget og i andre skolefag.» (s. 150)

Rapporten er tinga av Utdanningsdirektoratet.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no