Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorske digitale læremiddel må sikrast

 (12.09.2018)

– Styresmaktene må sikre at nynorskelevane får oppfylt den lovfesta retten til digitale læremiddel på nynorsk, seier Steffen Handal, leiar i Utdanningsforbundet og Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Organisasjonane er nøgde med at Kunnskapsdepartementet slår tydeleg fast at både bokmål og nynorsk skal med når det no blir løyvd 55 millionar ekstra til digitale læremiddel. Likevel er det fleire tiltak som må til.

Skuleelevar med nynorsk som hovudmål har ein lovfesta rett til å få både trykte og digitale læremiddel på nynorsk. Opplæringslova slår fast at alle læremiddel skal komme på nynorsk og bokmål til same pris og same tid. Skulane skal ikkje nytte læremiddel som ikkje er på båe språk.  

No er digitale læremiddel på full fart inn i norske klasserom. Tilgangen på læremiddel er stor, og norske lærarar kan velje mellom mange gode verktøy for å gjere opplæringa betre og meir spennande.
– Problemet er at mange av desse læremidla berre er tilgjengelege på bokmål. Skal nynorskelevane bli trygge språkbrukarar, må dei framleis bli omslutta av nynorsk i skulekvardagen. Derfor må dei ha tilgang til læremiddel på nynorsk, seier Steffen Handal.

Det er likevel eit skilje mellom læremiddel og læringsressursar. Det må til dømes vere lov for lærarar å bruke oppslagsverk og dagsaktuelt pressestoff utan at det blir råka av lova.

– Men når læremiddelprodusentane sjølv lagar og vil selje inn læremidla til skulane som læremiddel, må dei produkta vere lovlege og altså ligge føre både på nynorsk og bokmål, seier Magne Aasbrenn.

– Kunnskapsdepartementet og Utdanningsdirektoratet må ta overordna ansvar for at nynorskelevane i den framtidige digitale skulekvardagen skal ha den same retten til god opplæring på sitt hovudmål som bokmålselevane har, krev Utdanningsforbundet og Noregs Mållag.

Noregs Mållag og Utdanningsforbundet ønsker at:
* Kunnskapsdepartementet opprettar ein eigen læremiddelportal med eit oversyn over digitale læremiddel som er produserte både på bokmål og nynorsk.

* Det også i framtida blir sikra midlar til å utvikle digitale læremiddel på nynorsk, med same krav som i 2018-løyvinga, nemleg at dei som får pengar frå utviklingspotten til Kunnskapsdepartementet, må utvikle læremiddelet på båe målformer.

* Kontorstøtteprogram (til dømes tekstbehandlingsprogram) som blir brukte i skulen, bør bli omfatta av dei same krava som læremiddel

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no