Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny i Mållaget

 (13.09.2018)

(Foto: My Day Studio)

Astrid Marie Grov er tilsett som ny redaktør i Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i Noregs Mållag. Ho kjem frå stillinga som seniorrådgjevar i Språkrådet.

– Noregs Mållag er flinke til å løfte fram språkpolitiske spørsmål i samfunnet. Eg ser fram til å bli ein del av ein aktiv språkorganisasjon, seier Astrid Marie Grov.

Ho har vore tilsett i Språkrådet sidan 2010 og er tilknytt seksjon for språk i skule og offentleg forvaltning. Dei siste åra har ho òg jobba mykje for kommunikasjonsseksjonen. Ho er journalist i Språknytt, og ein periode har ho vore redaktør i Statsspråk. I dag har ho hovudansvaret for arbeidet til Språkrådet på skulefeltet.

Ho har bakgrunn som tilkallingsvikar i NRK Dagsnytt og har vore nynorskpraktikant ved NRK Nynorsk mediesenter. Ho har mastergrad i allmenn lingvistikk frå Universitetet i Oslo, og er i gang med mastergrad i rettsvitskap. Astrid Marie Grov er 34 år og kjem frå Tinn i Telemark.

– For Noregs Mållag er tilsettinga av Astrid Marie Grov ei styrking av staben. Vi får ein tilsett med solid fagkompetanse på aktuell språkpolitikk og journalistisk erfaring, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.

Ho byrjar som redaktør i Norsk Tidend og kommunikasjonsrådgjevar i løpet av hausten og overtek etter Kjartan Helleve, som går til stillinga som dagleg leiar i Kringkastingsringen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no