Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstafett på Agder

 (22.10.2018)

I dag byrja Nynorskstafetten på Agder. Starten var i Vegårdshei og Åmli.

Nynorskstafetten fekk tid til både besøk på skular, i barnehagar, snakka med to ordførarar og lunsjmøte med Vegårdhei Mållag. 

Gro Morken Endresen og Marit Aakre Tennø reiser for Noregs Mållag, og Gunnhild Skjold reiser for Norsk Målungdom.

Vegårshei kommune driv eit språkprosjekt retta inn mot borna i barnehagen. Gro Morken Endresen og Marit Aakre Tennø fekk møte Berit Hauge Valle som er ansvarleg for dette språkprosjektet i kommunen. I Vegårdhei barnehage fekk dei møte Gunn Hege Flåta Siring og Hilde Torjussen Øverland.

Ordførarmøte
Nynorskstafetten fekk møte ordførar i Vegårshei kommune, Kirsten Helen Myren, og ordførar Ragnar Saga i Åmli kommune. Begge to fekk overrekt kvar sin stafettpinne med nokre ord om kor viktige kommunane er for nynorskbrukarane. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no