Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil ha meir nynorskvennleg politikk

 (05.11.2018)

– Med Kristeleg Folkeparti i regjering ser Noregs Mållag fram til ein enda meir nynorskvennleg politikk, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag.  

Utdanningsdirektoratet har greidd ut språkdelt ungdomsskule etter oppdrag frå eit samrøystes Storting i 2016.

– Me går ut frå at eit KrF i regjering sikrar nynorskelevane rett til opplæring på nynorsk ut heile grunnskulen. I eit nynorskvenleg budsjett kan dette bli innført alt frå hausten 2019. Da kan 8.-klassingane neste år få halde fram i eigen nynorskklasse og ikkje bli spreidde ut i bokmålsklassar, seier Magne Aasbrenn.  

I tillegg må nynorskelevane få det tilbodet dei har krav på i digitale læremiddel. Sentrale styresmakter må ta ansvaret for dette feltet, ikkje overlate ansvaret til kvar einskild kommune.

I partiprogrammet seier KRF at partiet vil verne og styrke norsk språk generelt og nynorsk skriftkultur spesielt. Det må tyde ei ytterlegare styrking av lovnaden i Jeløy-erklæringa om å sikre gode bruks- og opplæringsvilkår for dei de to likestilte målformene i norsk.

– Denne styrkinga må innebere at det blir innført tidleg start med nynorsk, og at læringa blir sikra med at det framleis blir gitt halvårskarakterar både i hovud- og sidemål gjennom heile ungdomsskulen og vidaregåande. Dette er viktig for å halde oppe både kompetansen og statusen til nynorsken, seier Magne Aasbrenn.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no