Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målbruksplan for Midt-Telemark

 (06.11.2018)

I det store og heile er målbruksplanen som er lagd ut for Midt-Telemark kommune god og detaljert. Det er godt at det blir slått fast at Midt-Telemark skal vere ein tospråkleg kommune der bokmål og nynorsk er likeverdige. Men regelverket for informasjon frå kommunen på nett og papir bør bli meir konkret, skriv Noregs Mållag i høyringssvar til den nye målbruksplanen. 

Når språkbruk skjer utan styring, kan det bli mindre nynorsk  Mange stader vert valet bokmål fordi moderne tekstsamarbeid og tekstproduksjon gjer at språket alle meistrar, bokmålet, blir det minst konfliktfylte alternativet. Derfor er det viktig at dei folkevalde gjer nynorskkrava tydelege, slik at ikkje dei tilsette sine personlege val skal styre kva språk kommunen skal ytre seg på. Derfor er Noregs Mållag nøgd med at det følgjer eit oversyn med målbruksplanen, der det står kva dokument som skal skrivast på bokmål og kva dokument som skal skrivast på nynorsk. Noregs Mållag synest likevel at det er ei svak formulering at hovuddokumenta frå kommunen «som hovudregel» skal skrivast på nynorsk. Her opnar planen for eit tolkingsrom som kan gi eit uryddig resultat. Da er formuleringa i planframlegget om at kommunen skal «sikre at alle offentlege kunngjeringar skjer på nynorsk» mykje meir tydeleg.

Svært viktig og godt er det at alle tilsette skal få tilbod om nynorskkurs, og slike kurs kan ein få gratis ved medlemskap i Landssamanslutninga av nynorskkommunar, ein organisasjon som planen tilrår medlemskap i.

Eit viktig praktisk punkt er det også at det skal stå i stillingsutlysingar at tilsette må rekne med tenestebruk av både bokmål og nynorsk.

At nynorskbruken i kommunen blir styrkt med at Midt-Telemark krev nynorsk i skriv frå staten, er heilt vesentleg. Mange kommunale dokument bygger på slike skriv, og da vil nynorsken vere på plass heilt frå byrjinga i  sakshandsamingsprosessen. Så må det vere slik at nytilsette møter ein reelt tospråkleg infrastruktur, der digitale plattformer i praksis støttar både nynorsk og bokmål. Dette er også med i planen.

Det er òg fint at rådmannen får eksplisitt ansvar for at planen blir følgd og at det skal lagast årlege rapportar om språk-stoda i Midt-Telemark.

I ein plan som på mange felt er veldig tydeleg, er det ikkje presist nok at det berre står at «begge målformer skal vere representerte» i informasjonsmateriell frå kommunen. Her må ein vere konkret på same måte som med dei kommunale dokumenta, slik at hovudregelen blir at utetterretta informasjon på nettsida til kommunen skal vere på nynorsk. Når det står at det er «kommunens samla kommunikasjon/informasjon ut mot brukarane som skal balanserast i bruken av dei to målformene», så opnar det for mange ulike telje- og tolkingsmåtar som det vil bli vanskeleg å bli einige om.

Når det gjeld skilting i den nye kommunen, bør også skiltinga i tidlegare Sauherad kommune vere på nynorsk. Å ha bokmålsskilting her vil bidra til å styrke eit skilje som ein elles i ein slik samanslåingsprosess gjerne vil ha bort.

Hovudinntrykket Noregs Mållag sit igjen med etter å ha studert planframlegget, er likevel at Midt-Telemark lovar å ta ansvar for å hegne om og bruke nynorsken i ein språkleg jamstilt kommune.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no