Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. MAI 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Styret Skrivarstova Lagsoversyn Valnemnda Heidersmedlemer Årsmelding 2016-2018 Lover Landsmøte Seminar 2019 Vinterseminar Desse er med Praktisk 2017 Haustseminar 2017 Vinterseminar 2016 Haustseminar 2015 Vårseminar 2014 Haustseminar 2012 Dagsseminar 2012 Haustseminar 2011 Haustseminar 2010 Haustseminar 2009 Haustseminar 2008 Medieseminar 2007 Haustseminar 2006 Haustseminar 2006 Jubileumseminar 2005 Haustseminar 2004 Haustseminar 2003 Haustseminar 2003 Vinterseminar 2001 Haustseminar 2001 Vinterseminar 2000 Vinterseminar 1999 Vinterseminar Historie Gåver Målprisar Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Velkomen til Vinterseminar 2019

 

Noregs Mållag inviterer til nasjonalt vinterseminar på Lillehammer. Alle er velkomne til å melde seg på. Norsklærarar i ungdomsskulen og på vidaregåande i Hedmark og Oppland er spesielt velkomne til motivasjonsseminar på fredag.

Fredag 25. januar 2019:

MOTIVASJONSDAG FOR NORSKLÆRARAR
Stad: Fabrikken, Løkkegata 9, Lillehammer 

12.00 Registering og lunsj! (gratis deltaking og lunsj) 
13.00 Velkomen ved Helen Johannessen

13.10 Kulturell opning ved Tone Jorunn Tveito
13.20 Kvifor nynorsk ved Kirsti Lunde
14.00 Leselyst på nynorsk. Tips til gode bøker ved Linn T. Sunne

14.30 Pause (med utstilte bøker)
15.00 Korleis er ei god undervisning i nynorsk hovudmål?
         ved Nina Berge Rudi
15.30 Korleis er ei god undervisning i nynorsk sidemål? 
         ved Ellinor Bergli Bustad 
16.00 Pause

16.10 Erfaringar frå klasserommet ved Kari Anne Skjaak
16.30 Erfaringar frå klasserommet ved Magne Aasbrenn
16.50 Avslutning og vel heim (eller bli gjerne med vidare på Vinterseminar!) 

 

Laurdag 26. januar:
Stad: Clarion Collection Hotel Hammer, Storgata 108, Lillehammer. 

KORLEIS SKAPA ROM FOR NYNORSK I INNLANDET
Seminarleiarar: Helene Urdland Karlsen og Marianne Granheim Trøyflat

11.00 Innsjekk og kaffi
11.30 Opning ved leiar Magne Aasbrenn

11.50 Nynorsken og regionane – kva språkleg rolle speler regionane? ved Marit Aakre Tennø  
12.40 Det nye Innlandet – tospråkleg eller bokmålsprega? Paneldebatt med Ingjerd Thon Hagaseth (V), Anne Lise Fredlund (SV), Magnhild Strand (Sp), Johannes Wahl Gran (MDG) og Morten Ørsal Johannsen (Frp). Debattleiar: Peder Lofnes Hauge. 

14.00 Lunsj
NYTT PRINSIPPROGRAM
15.00 Kvifor nynorsk? Innleiingar ved Fredrik Hope og Eva Marie Mathisen
16.15 Ordskifte
17.15 Slutt for dagen

19.00 Mat og kultur ved Eline Holbø Wendelbo og Arnhild Vik

Søndag 27. januar: 

NYTT PRINSIPPROGRAM FOR NOREGS MÅLLAG
09.30 Introduksjon til prinsipprogramarbeidet ved Inger Johanne Sæterbakk
09.45 Nasjonsbygging på norsk ved Oddmund Hoel
10.30 Ordskifte
10.50 Metaforar i norsk måldebatt ved Kristin Fridtun
11.20 Ordskifte
12.00 Lunsj

LÆREPLAN
12.45 Dei nye læreplanane ved Christian Bjerke
13.15 Ordskifte
14.15 Lunsj og heimreise


PRAKTISK:
Møtestad og overnatting: Clarion Collection Hotel Hammer, Storgata 108, Lillehammer

Pris:
a) Seminaret begge dagane, inkludert lunsj og middag laurdag kveld: kr 900,-
b) Seminar begge dagane utan mat: kr 200,-
c) Seminar laurdag inkludert lunsj: kr 350,-
d) Seminar søndag inkludert lunsj: kr 350,
e) Berre middag laurdag kveld: kr 400,-

Hotellovernatting: Enkeltrom: kr. 1090,- / Dobbeltrom: kr. 645,- 
Studentar / deltakarar frå Norsk Målungdom: Får deltaking gratis og betalar ordinær pris på måltid og overnatting. (Ta kontakt for pris.)

Betaling: Bruk kontonummer 3450.19.80058.
Merk innbetalinga med “Vinterseminar” + kva og kven du betalar for. Ta kontakt om du ynskjer faktura.
Send påmelding til Per Henning Arntsen, per.arntsen@nm.no

Søkje om reisestøtte: Lokallag med lite pengar er velkomne til å søkje reisestøtte hjå Noregs Mållag. Send søknad på førehand med resultatrekneskapen frå i fjor til gro.morken@nm.no eller ring 23 00 29 37.

Påmeldingsfrist: Det er framleis mogleg å melde seg på!
Me tek mot påmeldingar også etter fristen så lenge det er praktisk mogleg å få ordna kost og losji. Send påmelding til Per Henning Arntsen, per.arntsen@nm.no

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no