Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. DESEMBER 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Nye læreplanar NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sogndal Fotball får Nynorsk næringslivspris

 (06.12.2018)


Håvard Flo, (t.v.), sportssjef i Sogndal Fotball, tek diplomet frå Magne Aasbrenn. (Foto: Lotte Olsen Jessa / NRK)

Når Sogndal Fotball gjennomført brukar nynorsk, gir det eit signal til både norsk toppfotball og andre om at nynorsk er eit heilt kurant skriftspråk på alle arenaer i Noreg, sa Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, då Nynorsk næringslivspris vart delt ut i dag.

Sogndal Fotball ved sportssjef Håvard Flo tok imot prisen i samband med ein treningskamp i Sarpsborg.

– Denne prisen er me utruleg glade for. Både nynorsk og sognemål er ein viktig del av vår identitet, sa Håvard Flo, sportssjef i Sogndal.

For juryen har det vore ein føremon at Sogndal Fotball ikkje er ein heilt tradisjonell næringslivsaktør. I grunngjevinga skriv dei:
– Vi legg vekt på å gi prisen til firma som i praksis utvidar området der folk flest i dette landet møter nynorsken. Sogndal Fotball er eit slikt firma, ein fotballklubb som er stolte nynorskbrukarar.

Noregs Mållag har delt ut Nynorsk næringslivspris sidan 2006, og Sogndal Fotball er tiande i rekkja som får heideren. Magne Aasbrenn fortel at konkurransen blir hardare for kvart år.
– Nynorsken siglar i medvind i næringslivet, for det ser ut til at stadig fleire næringsdrivande nyttar nynorsk som marknadsføringsspråk.

I tillegg til Magne Aasbrenn sit Olin Johanne Henden, Arne Hjeltnes, Nina Berge Rudi og Øystein Skjæveland i juryen.

Tidlegare vinnarar av Nynorsk næringslivspris er mellom andre Kleven Maritime, Ægir Bryggeri, Dyrsku’n og Lerum.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no