Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2019 Information in english


Nyhende Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunevalkamp 2019

Måndag 9. september er det val til kommunestyre og fylkesting i Noreg. Lokalval kan vere viktig for utviklinga av nynorsken lokalt, og dermed nasjonalt. Difor vert lokal- og fylkeslaga oppmoda om å bruke valkampen til nytte for nynorsken i kommunane og fylkeskommunane.

Debattinnlegg: Bruk valkampen til å utfordre kommunestyrekandidatane til å få til god nynorskpolitikk i kommunen. Ta utgangspunkt i framlegget til god språkpolitikk for kommunar og fylke nedanfor, skriv innlegg og sende det til lokalavisa.

Debattmøte: Nokre lokallag inviterer til debattmøte i valkampen, Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, vil stille på fleire av desse møta. Ynskjer laget ditt å få besøk i valkampen, ta gjerne kontakt så ser vi kva vi får til.

Flygeblad og stand: Nokre lokallag står på stand i løpet av valet. Vi lagar eit enkelt valflygeblad, og dessutan har de alt det andre gode materiellet å velje i.

***

Dette er dei viktige sakene for nynorsken i lokalvalkampen:

• Kommunesamanslåing
Skal kommunen din slå seg saman med ein eller fleire andre kommunar etter valet? Då er det viktig at nynorskbrukarane i den nye kommunen ikkje kjem dårlegare ut av samanslåinga, og at den nye kommunen sikrar nynorsken gode kår.

• Nynorskopplæring for vaksne innvandrarar 
Å gje vaksne innvandrarar opplæring på nynorsk er viktig for integreringa. Alle nynorskkommunar bør gje innvandrarane opplæring på nynorsk.

• Språkdelt ungdomsskule 
God språkopplæring kjem ofte langt ned på lista når ungdomsskulane skal fordele elevar i klassene. Dette råkar nynorskelevane i dei kommunane som har språkblanda skular. Din kommune bør sikre at nynorskelevane får gå i eigne nynorskklasser på ungdomsskulen.

• Digitale læremiddel på nynorsk!
Nynorske klasserom vert fylte opp av digitale læremiddel på bokmål som skulle vore stoppa i døra. Opplæringslova gjev kommunane ansvaret for at elevane får læremiddel på si eige språk, og den retten må kommunane ta på alvor. Det finst nynorskklassar i 143 av dei 422 kommunane i Noreg. Læremiddel som berre kjem på bokmål, er like ulovlege i nynorsk- som i bokmålsklasserom.

• Språkskifte på vidaregåande
Fylkeskommunen har ansvar for opplæringa i den vidaregåande skulen. Det er mellom ungdomsskulen og den vidaregåande flest elevar skiftar frå nynorsk til bokmål. Det er viktig at fylkeskommunen har ein medviten språkpolitikk for å hindre språkskifte.

• Språkbruksplan 
Kommunen bør lage ein språkbruksplan som regulerer språkbruken i kommunen eller fylkeskommunen og sikrar nynorsken og nynorskbrukarane på ein god og føreseieleg måte.

• Språknøytrale kommunar: Det er om lag tjue språknøytrale kommunar der alle eller nesten alle elevane er nynorskelevar. Målet då er at kommunen endrar status til nynorskkommune.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no