Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JANUAR 2019 Information in english


Nyhende Vinterseminar 2019 Oppdater! Meld deg inn! Mållaget meiner Leiaren meiner Leiartalar Nytt prinsipprogram Program Stadnamnlova Nynorsk Grunnlov Normering Næringsliv Kyrkjemål Skule IT Media Offentleg målbruk Val Nye læreplanar Val 2019 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunal nynorsk Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
- bli med i diskusjonen!

Nytt prinsipprogram

Landsmøtet i april 2018 vedtok at organisasjonen skal ta opp prinsipprogrammet i denne perioden og vedta nytt prinsipprogram i 2020.

Dagens prinsipprogram er frå 1997. Styret har sett ned ei nemnd som skal leggja til rette for ordskifte i laga og etter kvart også koma med eit framlegg til nytt program.

Styret ynskjer at heile organisasjonen kan få tid til å bli kjent med og gjera seg opp ei meining om kva som bør stå i prinsipprogrammet, difor inviterer vi til at alle kan engasjera seg alt denne vinteren. Under her følgjer ei rekkje problemstillingar som nemnda meiner kan vera gode utgangspunkt for diskusjon.

Vi vonar at både lokallaga og fylkeslaga kan finna plass på årsmøta denne vinteren til å starta ordskiftet. Det som er lyft fram her, er omfangsrikt, og det er slett ikkje meininga at alle sakene må diskuterast på eitt møte. Kvar og ein vel sjølv det som er mest relevant og interessant. Spørsmål de ikkje får plass til denne gongen, kan eventuelt lyftast fram på eit seinare møte.

I nemnda sit:
Inger Johanne Sæterbakk (leiar), styremedlem i Noregs Mållag og språkkonsulent på Det Norske Teatret
Trond Trosterud, professor ved institutt for språk og kultur, Universitetet i Tromsø
Oddmund Løkensgard Hoel, leiar i Luster Mållag, førsteamanuensis ved institutt for samfunnsvitskap, Høgskulen på Vestlandet
Kristin Fridtun, filolog, forfattar og føredragshaldar
Else Berit Hattaland, styremedlem i Rogaland Mållag, leiar i Klepp Mållag og økonomisjef i Nordsjø Media
Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre (Hordaland), tidlegare styremedlem i Språkrådet
Svein Soldal Eggerud, sentralstyremedlem i Norsk Målungdom og student ved lærarutdanninga på OsloMet  

1 Snakk ? – skriv nynorsk / Snakk dialekt – skriv ?
Snakk dialekt, skriv nynorsk er eit slagord frå Noregs Mållag og Norsk Målungdom. Er det eit gyldig slagord i dag, eller bør me skilja mellom korleis me talar og korleis me skriv? Er det ein fordel å ha eit skriftspråk som ligg nære talemålet, eller vil det vere lettare å skriva normert språk når ein snakkar dialekt som skil seg frå skriftspråket? 

2 Minoritetsspråk eller mindretalsspråk?
Nynorsk og bokmål er likestilte skriftspråk i Noreg, men nynorskbrukarane og nynorskbruken er i mindretal. Skal me definera nynorsken som eit minoritetsspråk med dei same rettane som andre minoritetsspråk, eller skal me jobba for ei reell språkleg likestilling mellom bokmål og nynorsk? Kva er minoritetsspråksproblemet til nynorsk? Kva er det med jamstillingstanken som er bra, og kva er det med han som er dårleg?

3 Kvifor er me målfolk, og kva er vitsen med nynorsk?
Kva er det med det språklege og kulturelle prosjektet nynorsk som gjer at me er målfolk? Eit lite land med berre 5 millionar innbyggjarar har to ulike skriftspråk som alle må læra. Kvifor? Kva er vitsen med å kjempa for å halda oppe dette vesle språket? Kvifor er det viktig å ta vare på nynorsk i dag og styrkja han i dag? Er det nokon som ikkje bør skriva nynorsk?

4 Me må stå saman om kampen mot engelsk, målrørsla må leggja «små», norskinterne usemjer til sides
Det norske språket blir stadig påverka av engelsk. På fleire samfunnsområde erstattar engelsk norsk som bruksspråk, særleg innanfor akademia. Korleis skal norsk møta utfordringane med engelsk? Skal me kjempa for det felles norske språket og leggja kampen for nynorsk til side, eller er det viktigare å behalda nynorsk enn å jobba for det norske språket som heilskap? Er målkampen stor og viktig nok i kampen mot verdsspråket engelsk, eller skal me leggja dei små kampane daude for å vinna den store kampen?

5 Individuelt vs kollektivt utgangspunkt Er nynorsk eit individualistisk eller kollektivistisk prosjekt?
Skal folk velja nynorsk fordi det heng saman med dialekten deira og identiteten deira, eller fordi nynorsk er eit viktig kollektivistisk prosjekt? Og kva er det som gjer nynorsk til det eine eller det andre? Er nynorsk til for enkeltbrukaren eller for samfunnet? Dersom me argumenterer for at me skriv nynorsk med utgangspunkt i vår eigen identitet, kan me då krevja at andre språkbrukarar som meiner dei har ein annan identitet, skal skriva nynorsk fordi me krev det? Er det rett at heile skulekrinsen skal avgjera skulemålet ved ein skule, eller er det ei sak berre «dei det gjeld», burde få meina noko om?

6 Asymmetri eller skjematisk likebehandling?
Jamstillingsvedtaket opna i si tid for at nynorsk og bokmål skulle stillast likt. Det meste av målstriden har også teke utgangspunkt i at rettane må vera like anten ein er nynorskbrukar eller bokmålsbrukar. Like rettar i praksis kan likevel føra til at det minst brukte språket kjem langt dårlegare ut enn fleirtalsspråket. Bør vi i større grad gå inn for ulike/asymmetriske verkemiddel (til dømes det stortingsmeldinga Mål og meining kalla "positiv diskriminering”) for å vega opp for det skeive utgangspunktet, eller er vi best tente med å stå fast ved at tiltaka og rettane skal vera like?

7 Språkleg konkurranse eller språkleg mangfald?
Dei seinare åra har målrørsla gått meir og meir over til å snakka om og fremja språkleg mangfald i staden for berre nynorsk. Kor langt strekkjer mangfaldstankegangen seg og kven rommar han? Tenkjer vi på same måten om bokmål som samisk i det språklege mangfaldet vi vil ha i framtida? Kan mangfaldet bli så stort/dominerande at det går ut over det rimelege rommet nynorsk bør ha? 

8 Er nynorsk eit språk eller ei målform?
Kan både bokmål og nynorsk vera norske, men like fullt to ulike språk? Har det noko å seia kva formuleringar me bruker? Har eit språk andre rettar enn ei målform – bør det ha det?

Her kan du lese dagens prinsipprogram vedteke på landsmøtet i Noregs Mållag i Trondheim i 1997. 

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no