Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Staten ber om fritak frå å følgje eiga lov

 (08.01.2019)

– Staten kan ikkje be om å sleppe å følgje si eiga lov, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. I går fortalde NRK at Fylkesmannen i Vestfold og Telemark ber Kommunal- og moderniseringsdepartementet om fritak frå kravet i mållova om å bruke nynorsk når fleirtalet av kommunane i eit område er nynorskkommunar.

– Fylkesmannens oppgåve er å passe på at kommunar følgjer vedtatt lovverk, og da blir det lett absurd når fylkesmannen ber om at han sjølv skal få sleppe å følgje ei lov han ikkje likar, seier Magne Aasbrenn.

Når Vestfold og Telemark slår seg saman, vert tilhøvet mellom språkvedtak i kommunane slik at den nye Fylkesmannen etter lova skal nytte nynorsk. Fylkesmannen meiner dette er ein utilsikta konsekvens av samanslåinga og ber Kommunal og regionaldepartementet vurdere tenestemålet til Fylkesmannen.

– Eg trur nynorskmotstanden i Vestfold er overdriven. Det er to mållag i Vestfold, Sandar og Sandefjord Mållag og Bakkenteigen. Over 3000 vestfoldingar har valt nynorsk skattemelding. Når det kjem nynorsk frå fylkesmannen, vil eg tru at vestfoldingane taklar det fint. Som ein av dei unge NRK Vestfold møtte på gata i går sa: Dette blir litt spennande og fleirkulturelt.

Noregs Mållag har vore kritisk til korleis nynorsken kjem ut av både kommune- og regionreforma. I større einingar taper det minste språket i kampen mot det store. Slik ser det ut til å gå til dømes i nye Molde kommune. Store kommunar legg mindre nynorskkommunar under seg utan å ta omsyn til det ekstra vernet desse treng.
– I delar av Telemark er nynorsken under press, og meir nynorskbruk frå det offentlege vil vere ei god ryggstø for både nynorskkommunar og einskildbrukarar av nynorsk som treng å sjå meir nynorsk.

I Noreg registrer vi nynorskbruk på to måtar: gjennom det kommunale språket og i skulestatistikk. Det finst ingen offentleg statistikk som seier noko om kor mange nynorskbrukarar det finst i til dømes Tønsberg. Difor er det vanskeleg å argumentere med folketalstyngd i spørsmål om målform, slik fylkesmannen gjer. Om departementet godtek det, vil dei innføre eit heilt nytt prinsipp i måten me forvaltar dei to jamstilte språka våre på.

 – Alle i Noreg treng å sjå og lese meir nynorsk, at folk i Vestfold og Telemark no kan få sjå litt meir nynorsk er berre eit gode for alle, seier Magne Aasbrenn.  – Det er òg viktig å hugse på at statlege organ framleis skal vende seg til både privatpersonar og kommunar på språket dei ynskjer.  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no