Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Over 13 000 i 2018!

 (21.01.2019)

For andre året på rad har Noregs Mållag over 13 000 medlemer. Dette er 3000 fleire medlemer enn organisasjonen hadde for berre ti år sidan. I 2018 stogga talet på 13 050, medan det i 2017 enda på 13 240, som var det høgste medlemstalet sidan 1990.

Trass i tilbakegangen på 190 betalande medlemer, har mange lag auka, og nokre meir enn andre. Som ein del av verveaksjonen i 2018, skipa me ei vervetevling mellom både lokallaga og fylkeslaga. Under kan du lese kven av dei som aukar mest.

Tevlinga galdt auke frå 2017 til 2018, og både prosentvis auke og auke i faktiske tal vert premiert. Å auke etter eit så godt medlemsår som 2018 er veldig imponerande. Dei fire fyrsteplassane får bokpakker til ein verdi av 2500 kr, til å bruke i sitt lokale målarbeid.

http://files.zetta.no/www-nm-no/_bilete/bokpakke.jpg

Lokallag
Faktisk auke av betalande medlemer frå 2017 til 2018:
1. Moss Mållag med ein auke på 19 medlemer, frå 0 til 19.
2. Fitjar Mållag med ein auke på 15 medlemer, frå 0 til 15.
3. Eide og Fræna Mållag med ein auke på 12 medlemer, frå 49 til 61.
4. Hjelmeland Mållag med ein auke på 12 medlemer, frå 75 til 87.

Prosentvis auke av betalande medlemer: frå 2017 til 2018:
1. Rennesøy Mållag med ein auke på 52,9%, frå 17 til 26 medlemer.
2. Lunde Mållag med ein auke på 50%, frå 4 til 6 medlemer.
3. Melhus Mållag med ein auke på 42,9 %, frå 14 til 20 medlemer.  

Fylkeslag
Sidan det var fire fylkeslag som auka 2018 tek me med alle.

Faktisk auke av betalande medlemer frå 2017 til 2018.
1. Austmannalaget med ein auke på 26 medlemer, frå 603 til 629.
2. Romsdal Mållag med ein auke på 18 medlemer, frå 218 til 236.
3. Østfold Mållag med ein auke på 9 medlemer, frå 154 til 163.
4. Telemark Mållag med ein auke på 7 medlemer, frå 495 til 502.

Prosentvis auke i betalande medlemer frå 2017 til 2018:
1. Romsdal Mållag med ein auke på 8,3 prosent, frå 218 til 236 medlemer.
2. Østfold Mållag med ein auke på 5,8 prosent, frå 154 til 163 medlemer.
3. Austmannalaget med ein auke på 4,3 prosent, frå 603 til 629 medlemer.
4. Telemark Mållag med ein auke på 1,4 prosent, frå 495 til 502 medlemer.

Nye medlemer
Gjennom 2018 fekk Mållaget over 850 nye medlemer. Me vil takke alle som har verva eller late seg verve. Utan innsatsen frå både lag og enkeltpersonar, hadde me ikkje greidd å bli 13 050 medlemer. Mange lag vervar ekstra godt, og me ser at vervinga i nyskipa og oppattskipa lag er ein viktig del av medlemsauken.

Her er lokallaga som verva flest nye medlemer i 2018:

 

Lokallag

Nye

Oslo Mållag

57

Bergen Mållag

34

Hjelmeland Mållag

17

Stord Mållag

17

Eide og Fræna Mållag

17

Lista Mållag

14

Mållaget Ivar Kleiven

13

Lom og Skjåk Dialekt- og Mållag

13

Juristmållaget

13

Nidaros mållag

12

Vang Mållag

11

Rennesøy Mållag

11

Voss Mållag

11

Rauma Mållag

11

Nord-Aurdal Mållag

9

Ulstein Mållag

9

Stavanger Mållag

8

Time Mållag

8

Ågotnes Mållag

8

Vik Mållag

8

Moss Mållag

8

Vegårshei Mållag

7

Karmøy Dialekt- og Mållag

7

Sotra Mållag

7

Melhus Mållag

7

Tromsø Mållag

7

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no