Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. MAI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kva vil vi med nye Ålesund?

 (25.02.2019)


Sunnmøre Mållag og Borgund Mållag inviter til ope debattmøte med alle ordførarane i dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund kommune.

Det sentrale spørsmålet er: Kva vil vi med nye Ålesund kommune? Kva identitet og kulturelt fellesskap vil den nye kommunen byggje på, og kva plass har nynorsken i dette?

Møtet er tysdag 5. mars klokka 19 i foajeen i Parken kulturhus i Ålesund.

Forfattar Eldar Høidal og Kjetil Tandstad, tidlegare journalist, innleier om kva som skil og samlar Ålesund og Sunnmøre. Anita Valderhaug og Bjørnar Myhr syng viser av Hartvig Kiran. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, vil vere med på møtet. 

Møteleiar for kvelden er Lodve Solholm, og han held styr på talerekkjefølgje til desse ordførarane: 

Eva Vinje Aurdal – ordførar i Ålesund
Vebjørn Krogsæter – ordførar i Haram
Oddvar Myklebust – ordførar i Sandøy
Knut Helge Harstad – ordførar i Ørskog
Dag Olav Tennfjord – ordførar i Skodje

Møtet er ope for alle som bryr seg om kva Ålesund og Sunnmøre er og skal vere.

Velkomen!

Det er oppattskipingsmøte for Borgund Mållag (lokallaget for Ålesund) klokka 17.30 på same stad. 

Tilskiparar: Borgund Mållag og Sunnmøre Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no