Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. DESEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny start for Borgund Mållag!

 (06.03.2019)


Både unge og eldre, røynde og heilt ferske målfolk møtte opp då Borgund Mållag vart skipa oppatt tysdag kveld. 

Borgund Mållag har fått eit nytt ungt styre og tysdag kveld var det nær 80 frammøtte på folkemøte om kva går nye Ålesund kommune.

Fyrst var det oppattskipingsmøte for Borgund Mållag. Det var seksten på møtet. Både yngre målfolk og den eldre garde som ville ynskje lukke til til det nye mannskapet. Til å leie laget vart det vald eit styre med sju styremedlemer. Det vart også vedteke at laget skal halde fram å heite Borgund Mållag.

Dette er det nye styret:
Leiar: Jan Steffen Larsen (1989), leiar, lærar på Sula ungdomsskule, lærar i språk ved NTNU Ålesund
Nestleiar: Lisa Alvestad (1986), biblioteksjef ved Haram folkebibliotek, tidlegare leiar i Haram Mållag
Ellen Sofie Marstrander (1971), lærar ved Ellingsøy barne- og ungdomsskule
Ivar Steinsvik (1991), overstyrmann / sjømann på fraktebåt langt kysten
Bjørn Arild Hatlem (1961), tilsett ved politisk sekretariat i Ålesund kommune, tidlegare redaktør i Sunnmøringen
Kristina Marie Løvoll (1998), student ved NTNU Ålesund
Magritt Jarlsdotter Grimstad (1973), lærar ved Kolvikbakken ungdomsskole

1. vara: Gjertrud A. Marken Olsen, tidlegare lærar på Fagerlia vgs
2. vara: Helga Krogsæter Ytrebø (1969), 10. plass på lista for Senterpartiet i nye Ålesund kommune
3. vara: Arild Aanes (1952), styremedlem i Ålesund Ap, frå Ørskog
4. vara: May Britt Haukås (1955), dagleg leiar i Sunnmøre friluftsråd, 10. plass på lista til MDG i nye Ålesund kommune 

Ope folkemøte
Sunnmøre Mållag og Borgund Mållag inviterte til ope debattmøte i Parken kulturhus der ordførarane i dei fem kommunane som skal bli nye Ålesund kommune var invitert til å snakke.

Dei sentrale spørsmålet var: Kva vil vi med nye Ålesund kommune? Kva identitet og kulturelt fellesskap vil den nye kommunen byggje på, og kva plass har nynorsken i dette?

Kultur var det også plass til. Eleftheria Hellevik gjorde stor suksess med å deklamerte tre eigne dikt og eitt av Ivar Aasen. Historikarane Eldar Høidal og Kjetil Tandstad innleia om kva som skil og samlar Ålesund og Sunnmøre. Anita Valderhaug og Bjørnar Myhr song og spela viser av Hartvig Kiran. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, opna møtet med ei helsing.

Møteleiar for kvelden er Lodve Solholm, og han held styr på talerekkjefølgje til desse ordførarane: Eva Vinje Aurdal , ordførar i Ålesund, Vebjørn Krogsæter, ordførar i Haram og Knut Helge Harstad, ordførar i Ørskog


Magritt Jarlsdotter Grimstad peika på at  dei åra Ålesund kommune var språknøytral kommune, vart dei oppfatta som ein bokmålskommune. Ordstyrarar Lodve Solholm til høgre, og dei folkevalde ordførarane sit på scena. 

Det var god stemning og interessante innlegg, der både identitet og kulturell bakgrunn vart drøfta. Fleire tok til ordet for at Ålesund ikkje var noko einarta bokmålsby. At den har blitt bygd opp av bygdafolk frå andre deler av Sunnmøre som kom til byen med nynorskbakgrunn.

No skal kommunen bli administert på nynorsk, men mange meinte at dette var noko ein ikkje måtte ta for gjeve. Og at dette kan det bli meir strid om. Eva Vinje Aurdal, ordførar i Ålesund, meinte at intensjonsavtala ligg fast og at nynorskvedtaket som er fatta vil stå seg. Ho peika også på at Ålesund har ein lang tradisjon for å vende seg utover mot verda og ta i mot verda i byen. 
– Nynorsk er med på å understreke både inkludering og mangfald, sa Eva Vinje Aurdal. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no