Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. JULI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Informasjonsmøte i Ålvundfjord

 (13.03.2019)


Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret, held innlegg på møtet. 

Sunndal Mållag inviterer til ope informasjonsmøte om skulespråket i Ålvundfjord skulekrets i Ålvundeid Grendahus 19. mars klokka 18 til 19.45.

Bakgrunnen for møtet er at det er sendt søknad om folkerøysting i skulekrinsen om språket ved Ålvundfjord skule. Sambygdingar er invitert til informasjon og debatt.

Det er invitert fleire til å halde innlegg om saka. Representant for underskriftskampanjen som ynskjer bokmål er invitert. I tillegg kjem Torgeir Dimmen, leiar ved Nynorsksenteret i Volda og Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag. Etter innlegga vert det ope for debatt og spørsmål. Det er Svein Sæter som er ordstyrar. 

Om det blir nok innbyggjarar som krev røysting, er neste steg at kommunestyret vedtek ein dato for røystinga.

Alle som har røysterett ved dette valet kan også røyste om kva som språk som skal vere det fyrste opplæringsspråket ved skulen i bygda. Det er ei rådgjevande røysting. Det er kommunestyret som gjer endeleg vedtak. 

Les meir om informasjonsmøtet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no