Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Språkbruksplan for Innlandet

 (08.04.2019)

Helen Johannesen, leiar i Austmannalaget, har med seg heile fylkeslaget i krav om ein språkbruksplan som tek vare på nynorsken i det nye Innlandet fylke. På årsmøtet vedtok fylkeslaget ein uttale om saka: 

Nynorsk og bokmål er likestilte bruksspråk. Likevel ser vi sjeldan eller aldri at det språknøytrale Oppland fylke nyttar nynorsk i skrift. Hadde elevane i vidaregåande skulane våre møtt mykje meir nynorsk i kvardagen sin, hadde målet vore lettare å lære. Men så lenge det berre er bokmål som er synleg, vil det dominerande bokmålet alltid framstå som lettare å lære. Når nynorsk er vanskeleg, skuldast det mangel på trening.

Eit nytt, «språknøytralt» fylke utan krav til bruk av målformer, ville blitt ein rein bokmålsregion. Det viser erfaringa med språknøytrale kommunar. Difor er Austmannalaget svært glad for dei positive tilbakemeldingane vi fekk om språkbruksplan for Innlandet, frå sentrale politikarar på Noregs Mållag sitt vinterseminar på Lillehammer. Vi har trua!

Det nye Innlandet fylke har to område innanfor grensene sine med ein lang og tung nynorsktradisjon. Der er nynorsken under press, også i dei fylkeskommunale vidaregåande skulane. Vi meiner det nye fylket har ansvar for å ta godt vare på den nynorsktradisjonen som finst i Valdres og i Nord-Gudbrandsdalen særskilt. Det fylkeskommunale ansvaret kjem til uttrykk gjennom eigen språkbruk og korleis fylket forvaltar dei vidaregåande skulane våre. I dag er språkskifte frå nynorsk til bokmål stort i Valdres og i delar av Nord-Gudbrandsdal. For at nynorskbrukararne våre skal kunne kjenne seg att i kvardagsspråket, må nynorsken løftast opp og fram. Nynorsk må bli meir synleg på fylkesnivå enn i dag.

Det må ikkje vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i Innlandet fylke. Difor er det nødvendig med ein språkbruksplan. Fylkeskommunal administrasjon bør vera trygg på å skrive både bokmål og nynorsk, og det må vera like lett og sjølvsagt å skrive nynorsk som bokmål. Saksførelegg til og protokollar frå politiske organ i fylkeskommunen må veksle mellom bokmål og nynorsk der minst 25% er på nynorsk. Saker som omhandlar reine nynorskområde må vera på nynorsk.

Vi oppmodar den nye fylkeskommunen Innlandet om å arrangere kurs i nynorsk for dei tilsette.

Austmannalaget meiner at ekstern informasjon frå Innlandet fylke på nett og i aviser skal veksle mellom bokmål og nynorsk, der minst 25% er på den eine målforma. For å sikre dette må Innlandet fylke vedta ein språkbruksplan.

Årsmøtet i Austmannalaget

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no