Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målprisen 2019 til «Lovleg»

 (23.04.2019)


Foto: Inger Haldis Aske Lothe 

Målprisen 2019 går til skaparane av NRK-serien «Lovleg». Manusforfattar Kjersti Wøien Håland og produsent Hege Hauff Hvattum tok imot prisen til ståande applaus på Firda vidaregåande skule på Sandane i dag.

– «Lovleg»-universet viser nynorsk som eit levande, skriftleg bruksspråk, sa mållagsleiar Magne Aasbrenn under utdelinga.

Det er nettopp på Sandane og Firda vgs serien går føre seg. I to sesongar har sjåarar over heile landet kunna følgje med på dei daglege opplevingane til Gunnhild, Luna, Sara, Peter og dei andre i skule- og hybellivet rundt Firda vidaregåande skule.

– På det sentrale Austlandet kan kunnskapane om korleis det er å leve i distrikts-Noreg vere låge. Da er det lett at det festar seg ei mistyding om at nynorsk berre er eit språk som finst i skulebøker. «Lovleg» viser den delen av Noreg der nynorsk er språket for alt, sa mållagsleiar Magne Aasbrenn under utdelinga.

Forteljarteknisk har vi følgt serien med korte filmavsnitt på nettet og på Instagram, før episodane har gått på TV. Skriftleg tekst spelar ei større rolle i denne serien enn vanleg, og både tekstinga av serien, nettstaden og Instagram er på nynorsk.

– Eg er veldig takknemleg for at det finst ein organisasjon som kjempar for dei som les og skriv nynorsk, men og dei som ikkje gjer det, men kanskje kan få tilgang til det. Om vi er ein del av det, er eg veldig stolt av det, sa Kjersti Wøien Haaland i si takketale.

Målprisen er den viktigaste heidersprisen Noregs Mållag deler ut kvart år. Styret avgjer kven som får prisen og han blir gitt til personar eller institusjonar som har gjort ein ekstra viktig innsats for nynorsken. Tidlegare mottakarar er mellom andre Jon Fosse og Linda Eide. I 2017 gjekk prisen til VG-redaktør Gard Steiro fordi han opna VG for nynorsk, i fjor var mottakaren Magni Øvrebotten, leiar for Nynorsk mediesenter i Førde.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no