Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 15. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Brit Bildøen

 (29.04.2019)


(Foto: Tove Breistein) 

Brit Bildøen er tildelt Nynorsk litteraturpris 2018 for boka «Tre vegar til havet» som er gjeven ut på Samlaget. 

Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman», skriv mellom anna juryen i grunngjevinga. Juryen har vore Marta Norheim, Carl Morten Amundsen og Nils Henrik Smith.

Det er Noregs Mållag, Samlaget og Det Norske Teatret som står bak prisen. Den er på 30 000 kroner og vert delt ut i Oslo seinare dag.

Brit Bildøen debuterte i 1991 med diktsamlinga Bilde av menn og har sidan etablert seg som ein av våre fremste forfattarar. Ho har skrive romanar, barnebøker og essay, og arbeidd som omsetjar. I fjor utkom, forutan romanen Tre vegar til havet, hennar omsetjing av Gertrude Steins kultklassikar Alice B. Toklas sjølvbiografi.

I grunngjevinga skriv juryen mellom anna dette:
«2018 var eit svært sterkt år for nynorsk skjønlitteratur. Ikkje minst var det mange debutantar som markerte seg med sterke utgjevingar i både dikt- og romansjangeren. Tre av dei fire nominerte til Tarjei Vesaas´ debutantpris, inkludert vinnaren, var nynorskforfattarar. Fjorårets aller beste nynorskbok kom likevel, etter denne juryens syn, frå tastaturet til ein forfattar som har vore med ei stund.

I Tre vegar til havet møter vi ei kvinne (og mannen hennar) som spent kjempar for eit positivt svar frå styresmaktene i eit livsavgjerande spørsmål: Vil dei få lov til å adoptere barnet dei lengtar slik etter? Vi møter ei kvinne som har lagt ein framand mann for hat og terroriserer han og familien hans. Og vi møter ei kvinne som har bróte dei aller fleste band til sitt tidlegare liv og gått i eksil ein stad på vestlandskysten, kor ho arbeider på ein fuglestasjon, går turar med sin gamle, halte hund og strevar med ei omsetjing av den haitisk-kanadiske forfattaren Dany Lafferiére. Romanen er svært snedig konstruert, slik at det tek noko tid før lesaren oppfattar at dei tre kvinnene aller er ei og same kvinne, noko som gjer at forteljinga heile tida er spennande. I den stadige vekslinga mellom dei ulike perspektiva – kalla KROPPEN, STATEN og EKSILET – syner forfattaren sitt romantekniske meisterskap.

Men teknisk briljans åleine skapar ingen stor roman. I tillegg krevst eit engasjerande tema og nærleik til eige stoff. Tre vegar til havet har begge delar. Bildøen syner litterært vågemot ved å ta opp tema som ikkje er så vanleg i dagens norske litteratur: Kva skjer når sjølvaste Staten, som skal vere garantisten for din tryggleik og velferd frå vogge til grav, brått reiser seg mot deg og vert din verste fiende? Kva skjer når du etter å ha kjempa lenge og med tiltakande desperasjon, omsider fell? Korleis reiser du deg igjen?

Tre vegar til havet er mange ting, men først og fremst er det ein modig roman. Brit Bildøen konfronterer leseren med noko av det mørkaste som kan inntreffe i eit menneskeliv, nemleg at instansar du tek for gitt og burde kunne stole på, i staden konspirerer for å hindre at livslagnaden din vert oppfylt. Både kroppen hennar, som ikkje vil bere fram barn, og staten, som kan, men ikkje vil gje henne eit, svik kvinna. Då gjev grunnen etter under henne.

Denne svært komplekse og genuint tragiske tematikken turnerer forfattaren med ein intelligens, ein empati, ei språkleg fingerspisskjensle og eit moralsk vidsyn som til saman gjer Tre vegar til havet til eit betydeleg kunstverk. Av alle desse grunnane er det ei stor glede å tildele Nynorsk litteraturpris for 2018 til Brit Bildøen!»

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no