Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. JUNI 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kulturkomiteen vil ha målretta nynorsktiltak

 (10.05.2019)

– Det er strålande at representantane for regjeringspartia i Familie- og kulturkomiteen på Stortinget seier at konkrete tiltak må til for å styrke nynorsken, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. Han er nøgd med den ferske innstillinga frå komiteen om den nye kulturmeldinga. 

– I innstillinga seier fleirtalet at dei anerkjenner at det er ein rikdom for Noreg å ha to skriftspråk, og at ein konsekvens av det er at ein må ta spesielle omsyn for å hegne om nynorsken og nynorskbrukarane. Fleirtalet i Familie- og kulturkomiteen som representerer Venstre, KrF, Høgre og FrP varslar at målretta tiltak som skal støtte opp om mindretalsspråket, må bli ein del av den kommande språklova og språkmeldinga.

– Dette viser at det politiske miljøet ønsker å gjere det lettare å vere nynorskbrukar, seier Magne Aasbrenn.

– Nå må det bli vedtatt ei offensiv ny lov som tar utgangspunkt i at bokmål og nynorsk ikkje tevlar på likt grunnlag. Fleirtalsinnstillinga frå kulturkomiteen peikar på at konsekvensane for nynorskbrukarane må med i rekneskapen alle stader der politikk blir utvikla: til dømes i lovgivinga om ny teknologi, i regelverket for statseigde selskap, i planane for skuleverket, i høgskule- og universitetssektoren, i mediepolitikken og på kultursektoren.

Her kan du sjølv lese heile innstillinga frå familie- og kulturkomiteen om Kulturens kraft – Kulturpolitikk for framtida.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no