Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

– Be om skattemeldinga på nynorsk!

 (27.06.2019)

Nær ein halv million nordmenn får skattemeldinga på nynorsk. 
– Det kan bli endå fleire, seier Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag. 

I 2018 fekk 472 795 nordmenn skattemeldinga på nynorsk. Det er bra, men manglar vi nokon? Er du kanskje blant dei som eigentleg vil ha meldinga på nynorsk, men ikkje heilt kome deg til med det? Det er gjort med to tastetrykk!

I Kontakt- og reservasjonsregisteret, som blir drifta av Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi), kan du endre språkønsket ditt dersom du får skattemeldinga digitalt. Då får du òg andre offentlege skriv på nynorsk. Om du leverer skattemeldinga på papir, kan du endre språkønske i sjølve meldinga.

Nynorsk skattemelding er viktig både for individet og for kollektivet.

­– Det er eit grunnleggjande prinsipp i mållova at alle har rett til å få skriv frå staten på si eiga målform. Det bør særleg nynorskbrukarar og nynorskvener utnytte. At mange bed om skattemeldinga på nynorsk, gjer det nynorske kollektivet sterkare. Det er viktig i arbeidet for å styrkje nynorsk på alle samfunnsområdeseier Magne Aasbrenn.

Og sjølv om du er registrert med nynorsk som målønske, kan det vere lurt å gå inn i registeret og sjekke.

– Eit offentleg register over språkønske er noko vi i målrørsla har ønskt oss lenge. Sidan registreringa vart flytta frå Folkeregisteret til Kontakt- og reservasjonsregisteret, bør alle gå inn og sjekke kva målform dei står oppførte med, seier Magne Aasbrenn. 

 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no