Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. SEPTEMBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Feiring av Ivar Aasen

 (06.08.2019)


Foto: Astrid Aarhus Byrknes

Ivar Aasen fylte år måndag 5. august. Eit spontant kaffibesøk med målfolk frå Lindås, Meland og Radøy, ved bysta av han i Meland vart arrangert med alt som høyrer med kaffi, bollar, lefse og sjokolade. Det vart allsong og trekkspelmusikk og ropt tre gonger tre hurra.

Takk til flogvitet Ivar som i sine unge dagar sette som mål å finne det språket som alt var på folkemunne, og gjere dette til det norske målet. Han hadde ein grenselaus ambisiøs arbeidsplan og gjennomførte med stil. Me er så uendeleg glad for arbeidet han gjorde. Difor er det god grunn til å minnast Ivar på dagen, 206 år etter at han vart fødd.

Ekstra stas var det nok for Ivar, som sjølv kunne 20 språk, at ein profesjonell folkemusikar frå Latvia dukka opp, treiv trekkspelet og gav ein liten konsert. I Latvia som i Noreg er bruk av song, musikk og dans ein viktig del av nasjonsbygginga. 

Måtte kaffibesøket hjå Ivar verta årvisst og ein tradisjon i nye Alver kommune, for det er slik som Tarjei Vesaas skriv «Det går mangt eit menneske og ser seg fritt for Ivar Aasen skuld»

Inger Helen Midtgård
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no