Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Valdebatt på Karmøy

 (..)

Karmøy Dialekt- og Mållag inviterer politiske parti og andre grupper som stiller valliste i Karmøy kommune til paneldebatt på Karmøy kulturhus, måndag 19. august, klokka 19.

Tema for møtet er Korleis kan Karmøy kommune støtta opp om arbeidet med å ta vare på Karmøydialektane og syta for at det nynorske skriftspråket blir meir synleg i det offentlege rom?

Karmøy Dialekt- og Mållag har fått fleire positive svar frå partia og vonar det skal bli eit spennande ordskifte. Både mellom partia og dei som er tilhøyrarar i salen. Magne Aasbrenn, leiar i Noregs Mållag, vil innleia til debatt. 

Karmøy kommune er ein språknøytral kommune, men på nettsidene er det ensidig bokmål som vert brukt. Karmøy har ei klar overvekt bokmålselevar, men har likevel heile 1 368 nynorskelevar å ta vare på. 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no