Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. OKTOBER 2019 Information in english


Nyhende Arkiv Mållaget meiner Nytt prinsipprogram Oppdater! Val 2019 NyNorsk Nye læreplanar Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Distriktskontora i NRK er viktige for språkmangfaldet

 (14.08.2019)

Færre distriktskontor i NRK kan bli dramatisk for nynorsken, meiner leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn.

– Når NRK no vil slå saman distriktskontor, er det viktig å hindre at det skjer på kostnad av nynorsk i journalistikken. Den noverande distriktskontorprofilen er svært viktig for den samla nynorskproduksjonen i statskanalen, seier Magne Aasbrenn.   

NRK Sogn og Fjordane har planar om eit nytt, felles hus med Firda, NRK Nynorsk mediesenter, Nynorsk avissenter og fleire andre. Målet er å bli eit kraftsentrum for journalistikk på nynorsk. Det må ikkje stogge med ei samanslåing, meiner Magne Aasbrenn.
– Desse planane bør få støtte, fordi dei vil vere avgjerande for å halde oppe det språklege mediemangfaldet i Noreg. 

NRK bruker svært mykje meir nynorsk enn dei andre riksdekkjande redaksjonane. Ein analyse bestilt av Medietilsynet viser at NRK bruker fire gonger meir nynorsk enn andre mediehus gjer. 

– Dette er ein direkte konsekvens av at mange av dei andre store mediehusa i Noreg har eit uttalt forbod mot redaksjonell bruk av nynorsk. På dette området er med andre ord NRK heilt avgjerande for at det skal eksistere eit språkleg mangfald, forstått som at både nynorsk og bokmål er til stades som bruksspråk i riksdekkjande medium, seier Magne Aasbrenn.  

Rapporten viser òg at NRK skil seg frå dei andre store mediehusa ved å dekkje Noreg utanfor hovudstaden langt grundigare. Magne Aasbrenn meiner det må halde fram.
– Distriktskontora i NRK bør bli styrkte i åra som kjem, for dei er heilt avgjerande for distriktsprofilen, seier Magne Aasbrenn.

– I dag er NRK Sogn og Fjordane i ei særstilling på tekstproduksjon til nett på nynorsk, med NRK Hordaland og NRK Møre og Romsdal litt bak. Dette er viktige miljø, og dei er det viktig å ta vare på, seier Magne Aasbrenn. 
Fleire distriktskontor tek nynorskansvar, som Telemark, Buskerud, Rogaland og Hedmark og Oppland, men NRK Sogn og Fjordane er heilt i front i å produsere saker på nynorsk. I tillegg driv dei eit aktivt rekrutteringsarbeid for nynorskbrukande journalistar gjennom Nynorsk mediesenter.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2019
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no